Ei rugde i handa
Det gryr av dag over øya Jomfruland denne klare laurdagen i september. Eg er her på helgevitjing og har kome opp fugletårnet, 17 meter over bakken, for å gje ei hand i ringmerkinga.
Dei store augo til rugda ligg langt bak på hovudet og gjev henne eit vidt synsfelt. Den rustbrune fjørdrakta på vengjene er typisk for ein ungfugl.
Foto: Naïd Mubalegh
Etter at eg har undersøkt og registrert eit tjuetal raudstrupar og gjerdesmettar, rekkjer Sondre, som har sitt skift på tårnet, meg ein større tøypose. Der ligg det endå ein fugl, trygt og roleg i mørkeret. Han verkar uhyrleg tung etter gjerdesmettane på 9–10 gram og raudstrupane som veg rundt 20.
Sondre legg armen ned i posen. Fuglen han tek ut, har langt nebb, store, svarte augo og ei fjørdrakt med rust- og mørkebrune striper og flekker. Ho liknar på skogbotn med daudt lauv. Dei breie tverrstripene på toppen av hovudet røper arten: ei rugde.
Det er ikkje kvar dag ein får sjå ei levande rugde på så nært hald — ho har gått i eit uglenett i grålysinga. Rugder har eg berre møtt på eitt par gonger, flyktig. Sist var eg på vandring i skogen ei sommarnatt. Eg fekk berre høyre ein viftande, praslande lyd som kom frå bakken, og ensa ein flaksande silhuett som fauk bort frå skritta mine – tettbygd med langt nebb.
«Når vi er ferdige med ringen og aldersbestemminga, veg vi henne: 340 gram musklar.»
Eg får rugda – fuglen Mattis i Fuglane av Tarjei Vesaas oppdagar flygande over huset sitt ei juninatt – i handa. Fluktspelet vert kalla rugdetrekk: Då flyg hannar over skogen i skumringa og daggryet og lagar eigne lydar, kvar dag langs same luftrute. For Mattis, som folk i bygda kallar Tusten, er oppdaginga av rugdetrekket over bustaden ei omveltande oppleving.
Ved fyrste augekast kan det verke som om forvandlingskrafta i hendinga utelukkande ligg i følsemda til «tusten» Mattis, som tolkar gjenstandar og hendingar på ein særeigen måte. Ter ikkje alle han forkynner nyhenda for, seg som anten likesæle eller høflege? Kanskje det er fordi dei, travle som dei er, ikkje har opplevd det gryntande, pipande og flyktige uttrykket dette fluktspelet utgjer («orrt, orrt», etterfølgt av eit skarpt «pisst», heiter det i Store norske leksikon), som vert gjenteke på same stad kvar morgon og kvar kveld.
Rugda i handa innbyr ikkje til rein kontemplasjon, for ho er sterk og må haldast både fast og forsiktig for at ho korkje skal flakse av stad eller skade seg av si eiga muskelkraft. Stålringen yter motstand, samanlikna med aluminiumsringane eg nett har klemt rundt beina til songfuglane, men til slutt sit han pent.
Rugda er ein vadefugl som kan leve lenge, stundom godt over ti år, som gjenfunn av ringmerkte fuglar har røpt. Difor skal ein bruke rustfritt stål, som toler mykje meir av mekaniske påkjenningar og eksponering for vatn enn aluminium. Men ringmerking har også avslørt at rugder flest synest å døy innan dei fyller to år. Fjørdrakta fortel at denne er fødd i år. Kjønna er uskiljande i handa, men ter seg ganske ulikt i hekkesesongen.
Rugda har ei fjørdrakt som liknar på daudt lauv. Denne bakkehekkande fuglen er ein meister i kamuflasje.
Foto: Imran Shah / Wikimedia Commons
Om sommaren held rugder seg for det meste i skog og kvar for seg. Dette habitatet gjer dei til eit særtilfelle blant vadefuglar. Med det følsame, lange nebbet søkjer dei meitemark, insekt og andre virvellause dyr i jorda.
Tydinga av fluktspelet er ikkje ei opplagd sak, sjølv om det var kjent lenge at dei som flyg på denne særeigne måten over skogen, er hannar. Fyrst vart det foreslått at dei markerte grensene til eit territorium. Men på 1980-talet vart ein liten hekkebestand i Storbritannia utrusta med radiosporarar. Det synte seg då at fleire hannar kan bruke same luftrute, og at fluktspelet fyrst og fremst er meint for hoer som held seg nedanfor.
Hannane som kjem godt ut, parar seg med fleire i tur og orden. Hoa lagar reiret, legg som regel fire egg, rugar dei og tek seg av ungane, medan hannen byrjar att med fluktspelet og kanskje parar seg på ny. Ungane forlèt reiret rett etter klekkinga, men er avhengige av mor si ei stund. Det heile går føre seg på bakkenivået, og ei lauvfarga fjørdrakt er ein fordel.
I 2023 fann forskarar ut at rugda hadde dei fjørene som skin sterkast i fugleverda. Dei kvite fjørene med høg refleksjonsfaktor sit i små flekker ytst på undersida av halen. Dei lyser på himmelen for andre rugder som ser fuglen nedanfrå medan han flyg over tretoppar og lysningar og breier ut halen i dei dimme timane.
Rugder hekkar over heile Noreg, men hovudparten av bestanden hekkar truleg mellom Sør-Trøndelag og Sør-Noreg. Om hausten, med høgdepunkt i oktober–november, trekkjer dei mot kontinentet eller Dei britiske øyane. Arten har elles eit vidt hekkeområde: frå Vest-Europa til Japan, gjennom Russland og nordre Sentral-Asia. Overvintringskvartera ligg i usamanhengande band mellom det europeiske kontinentet og Nord-Afrika i vest, til Søraust-Asia i aust, gjennom Midtausten og Sør-India.
Medan rugder lever kvar for seg og i skogen om sommaren, kan dei samlast i flokkar om hausten og vinteren og oppsøkje opne flater for å finne næring.
Rugda er ein var fugl. Ho er vanskeleg å oppdage takka vere kamuflasjefjørdrakta. Dei store, svarte augo sit langt bak på hovudet, og ho har i stillstand eit synsfelt på over 270 gradar.
Når vi er ferdige med ringen og aldersbestemminga, veg vi henne: 340 gram musklar. Så slepper vi henne fri. Ho forsvinn i eikeskogen nedanfor. Kva for ein lagnad er det som ventar henne?
Etter å ha oppdaga rugdetrekket over huset, som har gjort han «tydleg annleis innvendes», går Mattis rundt, besett, og fortel dei han møter, om det. Det er berre éin ung mann som fattar genuin interesse for forteljinga hans. Same kveld vert rugda skoten medan ho flyg over skogen.
Når vi går ned for å sjekke fangstnetta, fortel Sondre: «For ei stund sidan skaut ein jeger ei rugde som vart ringmerkt her på Jomfruland. Vi fekk informasjon om ringen tilsend frå Frankrike.» I Noreg er jakt på rugde tillate frå 10. september til 23. desember.
Naïd Mubalegh
Naïd Mubalegh har bakgrunn i evolusjonsbiologi og arbeider som forskar, omsetjar og lærar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø