JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KulturFeature

Urkrafta

Joikarane som framfører på tradisjonelt, arkaisk vis, er djupt inderlege på eit vis som eg sjeldan høyrer i andre musikksjangrar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
På påskefestivalen i Guovdageaidnu/Kautokeino i 2015 vart ein minnekonsert arrangert for den anerkjende joikaren Inga Juuso, som gjekk bort året før. Der deltok nokre av dei fremste artistane og joikarane i det nordsamiske området. Frå venstre: Sofia Jannok, Sara Marielle Gaup Beaska, Mari Boine, Ulla  Pirttijärvi-Länsman, Anders P. Bongo, Ingor Ántte Áilu Gaup og Leif Isak Eide Nilut.

Foto: Susanne Hætta

13528
20210416
13528
20210416

Eg har godt nytt! I dag vert det reinlevergryte til middag!

Det eine ekstra sekundet med tagnad før grimasen hans minte meg på at tenåringsgutar ikkje alltid set pris på kvalitetsmat. Eg overser kvart tilløp til meir surmuling og småspring til kjøkenet for å ringje mor mi om oppskrifta.

Når redaktøren i denne avisa ber meg skrive om samisk musikk, blir eg reint matt i lakken, som vi seier i Finnmark. Temaet er minst like omfattande som ei samla framstilling av norsk musikk i det heile, så eg byrjar med byrjinga, og det dei fleste i landet tenkjer på som samisk musikk: joiken. Men kva er joik, og kva kjenneteiknar han? Eg kjem tilbake til det, etter eit par digresjonar.

Når eg byrjar med å skrive om mat, er det fordi det er ein sentral del av samisk kultur. Eg er slett ikkje ekspert på eigen kultur, men har nærast måtta blitt det, fordi eg i mange samanhengar har vore den einaste samen nokon har møtt: på folkehøgskulen, i studentradioen, i hybelhuset eller på jobben. Eg har representert.

På det viset har eg òg reflektert mykje over eigen kultur, i større grad enn det dei fleste andre i Noreg gjer. Kva er det som er samisk i livet mitt? Ein kan ikkje alltid skilje det samiske eget frå det norske eget, men maten og musikken er sentrale delar.

Eg kjem alltid attende til reinkjøt og til samisk musikk. The soundtrack of my life har sjølvsagt endra seg gjennom tiåra eg har gått på denne jorda, just som den samiske musikken stadig er i utvikling, falder seg ut i mange sjangrar og lèt seg influere av moderne retningar og trendar.

Den samiske familien min kjem frå Siebe, der familien hadde småbruk. Siebe er ei av dei sørlegaste grendene på Finnmarksvidda. Kontakten med slektningar og handelsfolk på finsk side av grensa som deler Sápmi, gjorde far min tospråkleg; han tala samisk og finsk som barn. Skuletida på internat gjorde seinare sitt til at han lærte norsk òg.

Du trur kan hende at han var van med joik? Nei, bestemor Elen Susanne var læstadianar, og der i garden blei radioen berre nytta til å høyre gudsteneste. Joiken var syndig og kom frå djevelen; det lærte eg fyrst som vaksen, for det vart aldri direkte uttala i Siebe. I staden for joik høyrde eg bestemor syngje salmar, med ei glidande forseinking på omtrent eit taktslag i høve til kyrkjeorgelet, som er karakteristisk for den læstadianske salmesongen. No syng eg sjølv salmar på det viset, særskilt om dei er på samisk.

Men joiken! Han kom frå radioen heime og LP-platene våre, og på dei påskekonsertane eg iblant fekk vere med på i Kautokeino. Då var det festival, og mamma, pappa, storesyster mi og eg sette oss i den gamle padda av ein Citroën DS og køyrde av garde.

Joiken var vill og utamd i øyra mine; han gjekk ikkje etter eit mønster eg straks kunne dechiffrere, som salmane eller popmusikken. Likevel hadde joiken ein struktur; det er ikkje improvisasjon, men melodiliner og takter som eg etter kvart kunne absorbere med kroppen og la gynge meg. Krafta var så stor, røystene så kraftige, at det var mest skummelt å sitje for nær scena for litle meg. Samstundes som det var noko magisk i kulturen min, kjend, men ukjend, som rørte djupt inn i meg, tok pusten frå meg og opna det samiske hjartet mitt.

Heimstad min Alta er to timars køyring frå Siebe, men den kulturelle avstanden kjendest enorm, for Alta var jo liksom norsk. Det var i alle fall det eg lærte på skulen, i fråværet av noko slags undervisning om det samiske. No veit eg at området har ei lang samisk historie, og at det finst eit mangfald av joikar i Alta, eller Áltá, som er det samiske namnet, og langs det meste av kysten i nord. Svigermor mi er av dei mest kjende joikarane der, og son hennar har til alt hell teke godt vare på arven.

For kva er joik utanom det openberre svaret at det er den samiske musikkforma? Om eg held meg til det tradisjonelle fyrst, blir joik framført utan akkompagnement, med få eller ingen ord, og er gestalting eller skildring av personar, stader eller naturformasjonar.

Vi har ti ulike samiske språk, men joiken har innanfor desse språkområda òg fleire variantar. I oppveksten høyrde eg oftast Kautokeino-joiken, med store tonesprang og rik ornamentikk, men eg høyrer slektskapet til joiken både frå Karasjok, Tana og det nordlege Finland. Faktisk er joiken ein av dei eldste vokaltradisjonane i Europa, samtidig som han er levande og dynamisk. Men eg skal la ein av forskarane fortelje meir.

Joiken er barnets fyrste namn, når barnet får laga ein dovdna, ein barnejoik, til seg. Slik vert barnet teke opp som ein medlem i samfunnet og får identiteten sin knytt til ein kollektiv identitet, seier Harald Gaski, professor i samisk språk og litteratur på Sámi Allaskuvla i Kautokeino og på UiT – Noregs arktiske universitet.

Eg hugsar dei dovdnaane eg har høyrt: lette, leikne og stutte. Dovdnaen til kjærasten min er til dømes på berre ei firedels takt og tek tre sekund å framføre. Ein vaksenjoik er lengre og meir ei spegling av personlegdommen. Han må altså lagast av nokon som kjenner ein godt, og som kan joike, og difor er det ikkje alle samar som har ein joik.

Eg trur diverre eg er ein av dei, men det skal eg snart finne ut av.

– Tradisjonelt joika alle. I dei samiske samfunna hadde ein ikkje noko skilje mellom kunstnarar og andre. Joiken er ei rik og sentral uttrykksform, og han vart framført i sosiale samanhengar, når ein arbeidde, når ein ville minnast nokon, og når ein uttrykte glede eller andre kjensler, seier Gaski.

– Slik er også joiken ein måte å kommunisera på, i dag òg.

Grunnen til at det i delar av Sápmi ikkje finst ein ubroten joiketradisjon, eller ikkje i det heile, er den religiøse og åndelege dimensjonen. Joiken var sterkt knytt til utøvinga av den animistiske religionen, der joiken var eit middel for å kome i ein tilstand der ein kunne reise til andre stader i metafysisk meining og få kontakt med åndeverda.

Misjonering gjennom hundrevis av år, brenning av dei rituelle runebommene til sjamanane og forbod mot religionen førte joiken under jorda. Anten forsvann han totalt, eller han levde vidare i løynd, med eller utan religionsutøvinga, heilt til den samiske revitaliseringa skaut fart i 1960-åra.

Eg synest at joikarane som framfører på tradisjonelt, arkaisk vis, er djupt inderlege på eit vis som eg sjeldan høyrer i andre musikksjangrar.

– Eg trur det er difor joik har fått slikt eit oppsving, og har slik appell internasjonalt, etter å ha vore nede i ein bølgjedal i mange år. Joiken eig ei kraft i mange dimensjonar, og i søking etter den krafta må ein tilbake til det opphavlege, den tradisjonelle joiken, seier Gaski.

Eg grundar over samtalen med Gaski og dei akademiske forklaringane hans. Eg er sjølv akademisk utdanna og likar djupe analysar om dei ulike funksjonane og dimensjonane joiken inneheld. Men no er det på tide å vere meir hands-on, så eg ringjer tante Solveig i Siebe. Ho er i 70-åra og minnest 1970-talet då ho var ven med Áillohas / Nils-Aslak Valkeapää, den kjende joikaren og multikunstnaren.

Tante Solveig deler pensjonisttilværet med systera si, tante Britt-Ellen, i barndomsheimen i Siebe. Ho plar ikkje leggje fingrane imellom i noko tema, så eg spør tante Solveig om det eg høyrde som unge.

– Er det sant at dei i Karasjok syng når dei joikar?

Ho ler litt i telefonen, men rettar opp barndomens misoppfatning, for det handlar eigentleg om framføringa av kyrkjemusikken.

– I Kautokeino joikar ein salmane, men i Karasjok syng ein på ein joikande måte, fortel ho.

Ei forenkling, men likevel er dette gjenkjenneleg. Vi kan òg leggje til ei viss grannerivalisering her. Jau, dette heng saman med minna mine om bestemors salmesong.

– Áillohas joika ikkje berre på konsertar, men til dømes når vi var ute og køyrde òg. Han joika mykje, både når han var glad, og når han var sint, seier tante Solveig.

Eg smiler og tenkjer på kva tantene mine i Siebe avslørte om salige bestemor for ikkje lenge sidan. For meg var det sensasjonelt; bestemor joika faktisk når ho gjekk i fjøset, for sjølvsagt måtte kyrne få kvar sin joik. Barnejoikar hadde både far min og heilt sikkert alle syskena hans, og tante fortel at Elen Susanne laga dovdna til hennar son òg, syskenbarnet mitt.

– Bestemor laga nok ein til deg òg, Susanne, du var jo hennar gáibmi, namnesyster, seier ho, og eg får meir å grunde på.

Å joike ungar og dyr, sjå det var ikkje syndig, sjølv om bestemor var djupt religiøs. Men ingen minnest min dovdna, så då er han borte for godt. Det gjer meg sørgmodig.

Joik er kjensler. Den siste filmen som gav meg tårer i auga, var Frost 2, noko som avslører kor glad eg er i den animerte, smeltande snømannen Olaf. Hovudmusikktemaet til både Frost 1 og Frost 2 er komponert av Noregs einaste professor i samisk musikk, Frode Fjellheim, som jobbar på Nord universitet. Vi gjer han litt urett om vi berre ser Fjellheim som filmkomponist, for han har både før og etter filmane vore artist, komponist og læremeister.

– For at vokalmusikk skal kunne definerast som joik, må det vere ein viss tonalitet og ei viss form, i tillegg til at det må vere skildrande for eit objekt eller ein person. Når eg underviser, nyttar eg ofte stads- eller dyrejoikar, fordi dei ofte inneheld skildringar av storleik og høgd på til dømes eit fjell, eller karakteristikk og etterlikning av dyrelydar. Det er meir krevjande å analysere personjoikar med tanke på den innsikta ein må ha i samisk kultur for å forstå skildringane, seier Fjellheim.

Han framhevar òg den kommunikative funksjonen joiken har: å skildre og gestalte personar, for å minnast dei og fortelje om dei.

Å joike var forbode på offentlege stader i Sápmi, og er det framleis nokre stader, av religiøse grunnar. Då Áillohas framførte joik på ei scene i Kautokeino i 1971, var det ein av dei fyrste joikekonsertane nokosinne. Saman med andre joikarar og poetar laga han ei framsyning som vi i ettertid ser var byrjinga på den velkjende påskefestivalen. Tenk på det! Det er berre 50 år sidan det vart stovereint å stille seg opp på ei scene for å joike! Joiken tilhøyrde den private sfæren, og dei fyrste åra møtte arrangørane motbør, men det er ei anna interessant historie.

– I dag har joiken flytta seg opp på scena, mellom anna på Riddu Riddu-festivalen, og det har vorte ein del av den samiske musikktradisjonen å dele musikken på konsertar og festivalar. Áillohas var ein av dei fyrste samiske artistane som stod på scena, men deretter kom visebølgja med fleire, som Tanabreddens Ungdom og Masijentene, seier Fjellheim.

Ulikskapane i joiketradisjonane er store, fordi det er så enorme avstandar i det samiske området.

– Dei største forskjellane i korleis joikane høyrest ut, er mellom nord- og sørsamisk område. I sør har vi ein annan tonalitet og andre skalaar som ikkje liknar noko av det ein høyrer i nord. Joiken er så mangfaldig at joikane endrar karakter berre frå éin kommune til den neste, seier Fjellheim.

Dette har han mykje røynsle med, for han har nytta joikeelement både i eigen musikk og når han har vore produsent for andre artistar frå fleire samiske område.

– Det viset som mange samiske artistar i dag syng på, blir ofte kalla joik, men det er ein ny måte å bruke omgrepet på. I røynda nyttar mange heller røysta på eit joikelikt vis. For at det skal kunne kallast tradisjonell joik, må det vere skildringar eller gestalting av eit objekt, til dømes dyr, fjell eller personar, og det stemmer ikkje alltid. Men dei brukar element av joiken i nye stilartar, avsluttar Fjellheim.

Det er vel berre godt for det musikalske mangfaldet? Samisk moderne musikk er i vinden som aldri tidlegare: pop, rock, jazz, samtidsmusikk, korverk, elektronika – grenser finst heldigvis ikkje. Og det er eit anna univers.

No kjennest det heilt rett å setje på ei klassikar når eg rører i gryta og dekkjer bordet. Spotify har eit eineståande utval samisk musikk, og eg finn fram Áillohas’ Juoigamat frå 1973. Jau, det finst mange fantastiske joikarar av den tradisjonelle skulen i dag òg, ingen nemnd og ingen gløymd, men Juoigamat er ein god smakebit av dei tidlegaste innspelingane.

Om lyden ikkje er perfekt og eit par spor godt kunne vore utelatne, er plata eit eksempel verdt å lytta til. Artisten sjølv er i bakgrunnen, for det er joikarane han har med seg, joikande både åleine og i lag, ikkje som eit kor, men meir som ein allsong, som ber plata. Ei røyst byrjar å joike, så kjem dei andre inn før det varierer kven som avsluttar joiken etter nokre rundar. Til og med ungar får joike med, og det er særs morosamt å høyre.

Eg likar best den siste delen, fordi han har flest joikar der individuelle joikarar får briljere åleine. Sjølv om Spotify er aldeles moderne, er den nostalgifremjande LP-knitringa blindpassasjer i dei digitale filene eg lyttar til. Eg er brått heime att på kjøkenet til mor mi, der magen knurrar medan eg gjer lekser og steikjeosen heng over jerngryta. Snart er det smakfull levergryte med lauk, og så skal eg på korpsøving. Og Sameradionen spelar. Sameradioen står alltid på, og han spelar berre samisk musikk.

Bestemors joiking fortel noko positivt om den samiske kulturen; han tilpassar seg vanskelege tilhøve og skiftande omgjevnader. Ho valde å halde på joiken i sitt kristne tilvære, men berre for dei uskuldsreine: ungane og kyrne.

Susanne Hætta

Susanne Hætta er forfattar, kunstnar, fotograf og kulturskribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi har ti ulike samiske språk, men joiken har innanfor desse språkom­råda òg fleire variantar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis