Dyr

Korleis finn dei vegen?

Eit vedvarande paradoks når det gjeld fugletrekket, er at det verkar både uforanderleg og fleksibelt på same tid.

Kortnebbgåsa hekkar på Island, Grønland og Svalbard og overvintrar i Mellom-Europa. Flokkar på trekk rastar gjerne i indre delar av Trondheimsfjorden og Vesterålen.
Kortnebbgåsa hekkar på Island, Grønland og Svalbard og overvintrar i Mellom-Europa. Flokkar på trekk rastar gjerne i indre delar av Trondheimsfjorden og Vesterålen.
Publisert

For eit par månader sidan skreiv eg om gauken. Etterpå fekk eg brev frå to lesarar som undra seg over trekket til denne arten: Unge gaukar vert fostra opp av foreldre som høyrer til ein annan art, og har ikkje nokon artsfrendar å følgje når dei skal til vinterkvartera sine i tropisk Afrika. Korleis finn dei då vegen dit, og trekkjer dei i flokk eller åleine?

Spørsmåla gjeld eigentleg for alle trekkjande skapningar, men svara varierer frå art til art. Trekkåtferd hjå fuglar og andre dyr har lenge fascinert mennesket. Tru om 2000-talet, med stadig betre metodar for overvaking, sporing og oppfølging, skal levere nyklane til spørsmåla som har hopa seg opp gjennom tidlegare hundreår?

I ein forskingsartikkel publisert i 2006 i tidsskriftet Science som tok føre seg kunnskapsstatus om trekkåtferd hjå dyr, konkluderte eksperten på fugletrekk, Thomas Alerstam, med at forståing av korleis dyr orienterer seg i sine «finurlege og komplekse ferder, kjem til å krevje uventa langsiktig innsats». Artikkelen ber tittelen «Motstridande bevis når det gjeld langdistansenavigering hjå dyr».

Dermed er mykje sagt, men bak oppsummeringa ligg hundrevis av studiar utførte på enkeltartar, og gauken er ein god leiar inn i problemstillinga. Faktisk er han langt frå den einaste arten der ungfuglar må gje seg ut på den fyrste (og for mange siste) langferda utan direkte rettleiing frå vaksne. Hos ei rekkje songfuglar og vassfuglar reiser vaksne individ frå hekkeområda langt tidlegare enn ungane. Men gauken synest å dra einsemda i ferda lengst.

Det er fyrst nyleg at fuglar på hans storleik – det vil seie ikkje så store – har kunna utstyrast med GPS-sporarar som er så små at dei ikkje tyngjer flukta for mykje. Bruken av denne metoden har blant anna synt at gaukar helst trekkjer åleine og om natta.

Ein klassikar innan empirisk trekkforsking er såkalla flyttingeksperiment. Då vert fuglar tekne heimafrå, anten «heime» er fødsels-/hekkeområde eller ein fast overvintringsplass, og flytta langt av stad utan at dei kan sjå seg ikring. Så vert dei utstyrte med ring eller sporar og sleppte fri. Deretter kan ein sjå kor mange som finn vegen attende til den opphavlege plassen, eller til og med følgje dei opp gjennom ferda, dersom dei er utstyrte med sporar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement