JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Kjem Louis C.K. att?

Spegel, spegel på veggen der, kven er den orosamaste i verda her? Spegelen svarar at den morosamaste personen ikkje er særleg aktiv nett no.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ifylgje eigaren av The Comedy Cellar, Noam Dworman, snakka Louis C.K. om typiske Louis-tema no, som rasisme, tips til servitørar og paradar, skriv BBC. Biletet er frå eit show i 2015.

Foto: Charles Sykes

5948
20180831
5948
20180831

Førre sundag var Louis C.K. attende på standupscena for fyrste gong på nær ti månadar – om enn berre i nokre minutt. Dette skjedde på The Comedy Cellar i New York.

Ingen får meg til å le som Louis C.K. Det er ikkje det at eg ikkje gjev andre standupkomikarar ein sjanse, for det gjer eg. Eg gjev dei ti minutt, 15 om eg er i tvil. Består dei ikkje testen innan den tid – altså om dei ikkje får meg til å le – leitar eg fram eit opptak med Louis.

Bryt med tabu

Då eg oppdaga denne komikaren for rundt ni år sidan, var det som om ei etterlengta brikke fall på plass i livet mitt. Louis vitsar om alt. Han bryt med tabu på smart vis.

I tunge periodar, når kvardagen legg seg lagvis rundt sinnet mitt, er det rein medisin å le skikkeleg. Høgt og hemningslaust. Louis skrellar av lag for lag, og eg kjem frå det heile i ein katarsis. Han har ei eiga evne til å vrenga livet og visa absurditeten i tida me lever i, som gjer at eg kjenner meg letta. Han får meg til å ta livet mindre alvorleg, på ein god måte.

Som Bård Tufte Johansen sa då Louis kom til Oslo i 2013:

– Han er i særklasse, fordi han snakkar om livet som ein kjenner det på ein måte ein ikkje trudde var mogleg.

Førebiletet

Under eit minnesamvær for komikar George Carlin i 2010, fortel Louis om førebiletet sitt.

– Han laga nytt stoff kvart einaste år, medan eg hadde framført dei same dårlege vitsane mine i 15 år.

Når Carlin var ferdig med ein «spesial», eit timeslangt show som vert filma, forkasta han alt og byrja på nytt. Dette inspirerte Louis til å gjera det same.

– Livet er kort. Om du berre repeterer deg sjølv, vert det endå kortare.

Det var fyrst då Louis vende blikket inn mot seg sjølv på scena, at suksessane kom.

– Når du er ferdig med å vitsa om flyturar og hundar, kastar du det vekk og går djupare, til kjensler. Når du er ferdig med kjenslene, kastar du dei vekk og går endå djupare ned, til frykta og mareritta dine. Går du endå lenger ned, kjem du til underlivet.

Suksessen

Underlivet er ein sfære Louis støtt kjem tilbake til. Det gjer eg òg, litt seinare i teksten. Fyrst suksessane.

Louis C.K. har selt ut Madison Square Garden åtte gongar. Salen tek 20.000 publikummarar.

Ved sida av standup har Louis òg hatt driv i seg til å laga filmar. Fyrst i det små, med kortfilmar i 90-åra. Med suksess har han teke opp produksjonen og laga seriar utover 2000-talet. Han seier sjølv at Francis Ford Coppolas tilnærming til faget, og korleis han laga Apokalypse nå (1979), er blitt ein mal for han.

– Han venta ikkje på løyve eller pengar. Han berre starta med å laga filmen, og folk kom til og vart med etter kvart. Slik har eg gjort alt.

Dette har mellom anna resultert i den Emmy-prisvinnande serien Louie, som gjekk over fem sesongar. Horace and Pete fylgde i 2016. Dette er ei mørk soge om ein familieeigd bar. Lågt budsjett, med store stjerner. Edie Falco, Steve Buscemi og Alan Alda hadde sentrale roller, og Paul Simon laga tittellåten. Serien var heilt eigenfinansiert, slik at Louis sjølv kunne kontrollera alle aspekt ved produksjonen. Ingen promotering, ingen reklame, og han sleppte serien frå ei eiga nettside der publikum måtte betala for kvar episode. Med slik kontroll over produktet sitt kunne Louis gje tilskodarar over heile verda noko rykande ferskt. Ingen hadde sett ein trailer, ingen visste meir enn nokon andre.

Skandalen

Så underlivet. Den masturberande elefanten i rommet, som standupkollega Sarah Silverman så treffande seier. Etter ei tid med rykte vart det i fjor haust offentleg kjent gjennom The New York Times at Louis C.K. har masturbert framfor kvinner. Kvinnene vart spurde på førehand, men vart paffe og fekk ikkje tid til å tenkja seg om før Louie var i gang. Dette skal ha skjedd tre gonger. Ein fjerde gong han spurte om lov, fekk han eit kontant nei, og gjorde det heller ikkje. Ein femte gong hende det over telefon. Desse episodane skal ha skjedd seint på 1990- og tidleg på 2000-talet.

Louis misbrukte makta si som ein person kvinnene såg opp til. Saka fekk store konsekvensar. TV-kanalar, strøymetenester og manageren hans tok avstand frå handlingane ved å kutta samarbeidet. Spelefilmen I love you, Daddy, som hadde premiere veka etter, vart teken av plakaten. Ein planlagd standupspesial hos Netflix vart avlyst.

Louis kom med ei lengre orsaking, òg gjennom The New York Times. Fyrst og fremst var ho retta mot kvinnene han råka.

– Desse historiene er sanne. (...) Det er ingenting av dette eg tilgjev meg sjølv for. (...) Eg har brukt karrieren min til å seia nett kva eg vil. No vil eg trekkja meg tilbake og bruka lang tid på å lytta, skreiv han den 10. november 2017.

Så vart det stilt.

Makt og ansvar

Som ven og kollega Jerry Seinfeld seier:

– Louis stoppa å jobba. Problemet hans vil vera at ingen nokosinne vil kunna sjå på han igjen utan å tenkja på det. Og det veit han.

Den nemnde Sarah Silverman meiner det finst dei som avviser alt dei er skulda for, og dei som seier seg skuldige: Eg gjorde ein feil, og eg ynskjer å endra meg.

– Ofte er det dei sistnemnde som vert ekskluderte.

Har dei endra seg, ser ikkje Silverman ein grunn til at dei ikkje kan halde fram som artistar.

Med stor makt kjem stort ansvar, sa Voltaire. Eg vel å ta det vidare. Med stort makt har du store moglegheiter. Louis, som er verdas morosamaste mann, velartikulert og med eit unikt kunstnarisk uttrykk, slik eg ser det, må framleis kunna vera med på å belysa store tema. Han kan bruka erfaringane sine, finna nyansar i komplekse saker og gjera bot.

Då eg denne veka høyrde at han nyleg opptredde på The Comedy Cellar i New York, vart eg forventningsfull. Eg vonar eg snart får nytt svar når eg spør: Spegel, spegel, på veggen der...

May Linn Clement er fast teiknar i
Dag og Tid og journalist i Marsteinen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Underlivet er ein sfære Louis støtt kjem tilbake til.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Krevjande buksering i tronge norske fjordar; her kjem taubåten til sin rett. Éin taubåt sleper framme, medan to mindre båtar er kopla til sidene i fall dei kjem for nære land. Bakarst er ein fjerde og siste taubåt i standby dersom lekteren treng å bremse opp.

Foto: Svein Egil Økland

ReportasjeFeature

Taubåten – den maritime arbeidsgampen

For somme sjøfolk er livet på ei ferje eller eit cruiseskip ikkje variert eller spanande nok. Då er kan hende løysinga å hoppe over på tug-en – ein jobb der kvar dag er garantert å vere ulik den førre.

William Sem Fure

Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.

Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Kven har makt over kven?

Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.

The Lady (Willa Fitzgerald) må flykte frå ein galen mann.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Skrekkfilmen Strange Darling tuklar med tida for å trekke i gang tankane.

President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.

Foto: Javad Parsa / NTB

KommentarSamfunn
SveinTuastad

Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.

Frostrøyk i Kyiv.

Frostrøyk i Kyiv.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KrigSamfunn

Kyiv, Brussel, Budapest – ei forteljing om tre byar

Ei tjukk skodde heng over Kyiv og heile det sentrale Ukraina. Lufta er fuktig og tung, og hindrar sikten. Sjølv på ein god, rett veg må du køyre med låg fart.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis