Jomfrujakt i NordsjøenNår over tjue norske ringnotbåtar samlar seg på ein liten flekk i Nordsjøen, ligg forklaringa i nederlandsk fiskerihistorie.
Når over tjue norske ringnotbåtar samlar seg på ein liten flekk i Nordsjøen, ligg forklaringa i nederlandsk fiskerihistorie.
I juni strøymer mykje av den norske ringnotflåten til Egersund for å levere sild til matjesproduksjon.
Ein blodraud flekk lyser på den svarte skjermen. Er han stor nok? Skipper Einar Eidesvik rynkar panna. Han er skeptisk.
– Kva trur du, Mathias?
Storebror Mathias Eidesvik kjem bort for å sjå på signala frå asdicen, han ristar på hovudet. Femti tonn, kanskje. Det vil seie ein stim på kring 300.000 sild som jagar over sandbankane i Nordsjøen. Mykje fisk, men i minste laget for desse karane. Ekkoloddet syner dessutan at stimen står nær botnen, 120 meter under oss.
– Silda står djupt no om morgonen, da er det vanskelegare å få ho i nota, forklarer Einar.
Han set fart vestover att, det kjem mange fleire sjansar. Vi er er nær 200 kilometer vest av Stavanger, om bord på ringnotbåten «Elisabeth», oppkalla etter mora til Eidesvik-brørne. Med sine 61 meter og 3600 hestekrefter er dette ein framifrå fiskereiskap for mennesket, og eit masseøydeleggingsvåpen for silda. Kraftblokk og vinsjar har teke bort blodslitet i det moderne sildefisket. Mannskapet er på berre ti mann, inkludert skipperen – ein erfaren og effektiv gjeng.
Mathias og Einar Eidesvik er femte generasjonen med sildefiskarar frå øya Bømlo sør i Hordaland. Dei driv Eidesvik Havfiske saman med to andre brør. Yngstemann Einar på 35 år er kaptein på denne turen. Han er brå og kjapp i vendinga, full av sterke meiningar som kjem i rappe maskingeværsalver. Mathias er åtte år eldre, ein roleg og sindig kar som bed ei kort, stille bordbøn før kvart måltid. Brørne har visst alltid vore inderleg ulike.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.