Johannes Gjerdåker (1936–2020)
Johannes Gjerdåker vart 84 år gamal.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Ein god ven er gått bort. Ein diktarhøvding og språkmeister. Det er ikkje vanskeleg å finna store ord eller nemna store verk. Men det er ikkje det som kjem fyrst. Det er det karakteren som gjer, det varme, djupe mennesket Johannes Gjerdåker, lidenskapeleg interessert i alt menneskeleg til alle tider, som i sine eldre dagar kunne seia høgt om noko tema som dukka opp: «Gaman å læra noko meir om det!» Han synte respekt for alt han retta merksemd mot. Eit langt liv i bøker hadde gjort han audmjuk og meir nyfiken på livet. Det var helst då samtalepartnaren gjekk tom, at ein fekk sjå glimt av det han sat inne med. Eg tenkte ofte tanken og lyt seia det høgt no: Han var nett slik eit danna menneske skal vera. Som ein glimestein.
Eg vart kjend med Johannes i 1996. Han snakka til meg på feilfritt islandsk, då var det gått førti år sidan han hadde vore dreng på ein islandsk gard. Samtalen dreidde mot islandsk poesi, til det islendingane kallar «vísur», som svarar til norske gamlestev. Det viste seg at han hadde gjendikta ein god del islandske viser, utan synleg strev glei innhaldet beint fram på nynorsk med korrekt rytme, enderim og ikkje minst studlasetning, eller bokstavrim. Denne bragda hadde ingen annan greidd før Johannes, resultatet kom ut i ei bok i 2017. Han hadde sysla med dette sidan 1950-talet.
Gjendiktingane hans er ein av dei store bautaene som står etter han. Alle veit at det trengst ein stor diktar for å gjendikta godt, noko Johannes viste med diktsamlinga Skot på gamal stuv i 1978. Men det er meir som trengst. Johannes hadde ei evne utanom det vanlege til å læra seg språk. Det meste gjekk an «om ein hev hug til å lære», sa han ein gong til meg då eg spurde om ikkje persisk var vanskeleg å tileigna seg.
Ein må også ha levd diktet. Eg skjøna at teknikken hans innebar å læra utanboks og bera det med seg, og ha tolmod til å venta på den rette løysinga. Mange år seinare, då hug og hjarta var i den rette stemninga, kunne løysinga kome. Bøkene med gjendiktingane hans frå 90- og 2000-talet hadde han bore i hjarta og finpussa gjennom eit heilt liv. Ein gong då vi reiste i lag i Sogn, blunda Johannes av i bilen og mumla for seg sjølv på latin – eg meiner det var eit problem relatert til Horats han heldt på med på den tida. Han omtala poesien til Horats som ei «samanstrøyming av klårt vit og varm kjensle», og dette kan trygt seiast å vera essensen i hans eigen estetikk.
Gjennombrotet var nok gjendiktingane hans av skotten Robert Burns på 90-talet, i alt tre bøker, utgjevne av Samlaget. Her kjem sansen for klang og rytme til sin rett, musikken i språket, Johannes snakka om «tonemet» i orda. Burns dikta jo til songar, og med song har gjendiktingane til Johannes gått vidare. Det glir så fint, alt han skreiv, ikkje rart at musikarar søkjer til tekstane hans. Johannes fekk nokre prisar, mellom anna for Burns-samlingane, og vart til ein viss grad sett i det litterære miljøet. Eg hugsar at då Vagant-gutane slakta det meste som kom ut av norsk litteratur, skreiv ein av dei at gjendiktingane til Gjerdåker burde verta bundne inn i lêr med gullskrift på. Dikt av persaren Omar Khayyam kom ut i 1997, og sidan kom odane til Horats ut i tre bind på 2000-talet. Om ein ikkje visste betre, kunne ein ha tenkt at dikta til Horats og Burns vart skrivne på Voss – han gjer desse tekstane til sitt eige. Johannes gjendikta òg frå tysk, engelsk og fransk.
Bortsett frå alt det som er vorte nemnt, må ein god gjendiktar fyrst og fremst kunna sitt eige språk og kjenna sin eigen kultur. Hjarta slo for nynorsken, han var ein «målmann» av rang. Eg las ein gong eit referat frå eit møte hjå Vestmannalaget i Bergen. Ein kunne skjøna at då møtet løyste seg opp i heftige diskusjonar, vart salen berre stille då Johannes snakka. Det sagt, så snakka han like varmt om dikt på den andre målforma òg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.