JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Med flyktningar på lasteplanet

Oslo, 14. januar 1943: Ein grå Citroën glir gjennom gatene. I bilen sit tre gestapistar. I Trondheimsvegen blir bilen parkert, to av gestapistane går ut. Sekund seinare står dei inne i den gråbrune bygningen som er nummer 17, framfor ei dør i andre etasje. Dei trykkjer inn klokka og bankar på døra – igjen og igjen. Minutta går, eit kvarter, tjue minutt. Det er heilt stille inne frå leilegheita.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Alf Tollef Pettersen, leiar for organisasjonen Carl Fredriksens Transport, som smugla jødar og motstandsfolk over grensa.

Foto: privat

12599
20171229

Bakgrunn

Carl Fredriksens Transport

Carl Fredriksens Transport var kodenamn på ein norsk flyktningoperasjon under den andre verdskrigen.

Opptil 1000 flyktningar blei berga i dei seks vekene operasjonen gjekk føre seg.

Operasjonen blei etablert og leia av Alf T. Pettersen, Gerd Pettersen, Rolf A. Syversen og Reidar Larsen

Bak nabodøra i oppgangen står ei kvinne og følgjer med. Ho veit at det er nokon heime. Men ho veit også at døra for alt i verda ikkje bør opnast.

På ein divan inne i det vesle toroms husværet ligg Alf Tollef Pettersen og søv, heilt utmatta. Alf er 31 år og politimann, no oppsagd for «oppsetsighet mot okkupasjonsmakta» og ettersøkt av dei noverande styresmaktene som ein hovudfiende. Dei siste vekene har Alf stått i spissen for organisasjonen Carl Fredriksens Transport, og køyrt jødar og motstandsfolk til tryggleiken i Sverige. I løpet av knappe sju veker har gruppa berga fleire enn nokon andre fekk til. Mellom 800 og 1000 ettersøkte personar har dei fått over grensa. Korleis greidde Alf og gruppa hans dette?

Alf Tollef Pettersen vart fødd i Mysen. Han tok Politiskulen og vart stasjonert på hovudpolitistasjonen i Oslo, i Møllergata 19.

I 1936 treffer han Gerd Julie Whist frå Askim. Gerd er utdanna telegrafist. Når krigen kjem til Norge, har paret arbeidd i kvart sitt storbygg i Oslo sentrum. Båe blir raskt involverte i illegalt arbeid. Gerd «slår» – tastar på maskin – nyhende som kjem illegalt frå London, og som så blir spreidde rundt i Oslo. Alf hjelper motstandsfolk som er blitt arresterte og sett inn på «Nummer 19». Båe ektefellane har eigenskapar og talent som dei snart skal bruke til fulle, i enda mykje farlegare illegalt arbeid.

Ein dag blir ein ung arrestant ført gjennom ein korridor på politikammeret. Blikket til arrestanten møter Alfs blikk nokre sekund, og den uheldige får lirt av seg ein kort beskjed som Alf noterer og formidlar vidare. Den unge slepp fri. Nokre månader seinare oppsøker han Alf og ber om ytterlegare bistand. Gruppa han er med i, vil ha hjelp til å lage ei varetransportrute for illegalt gods frå Sverige til Oslo. Alf har gode lokalkunnskapar og har synt seg som ein modig kar med den rette innstillinga.

Hausten 1942 kjem dei to store jødeaksjonane i Oslo. Påskotet frå styresmaktene for å setje i gang noko dei har hatt planar om og førebudd lenge, får dei den 22. oktober, då ein grensepolitimann blir skoten og drepen på eit tog fullt av jødar. Den sensurerte hovudstadspressa slår opp at jødane er dei skuldige. I røynda var det ein norsk grenselos som skaut. Få dagar seinare gjer også bror hans seg til drapsmann, i eit anna losoppdrag: Det jødiske ekteparet Feldmann frå Oslo blir drepne av dei som skulle hjelpe, på veg gjennom skogen mot svenskegrensa.

Ein grytidleg morgon i slutten av oktober spring brørne London frå Grünerløkka gjennom eit mørklagt Oslo. Desse gatene har dei til no hatt som sin sjølvsagde heim, no er gatene med eitt utrygge og farlege. Brørne endar med å gøyme seg i eit gartneri, gartneriet til Rolf Syversen på Hasle. Dette er ein stad og ein person dei kjenner godt. Rolf Syversen har ikkje vore borti noko illegalt før, og veit ikkje kvar han skal vende seg. Men han er ikkje i tvil om at han skal hjelpe menneske i nød. Via kjende får han kontakt med Alf Pettersen. Alf har denne hausten byrja å jobbe for Reidar Larsen, som er sjef for Transportformidlingen, ei gruppe lastebileigarar som disponerer ei rekkje bilar og sjåførar. Herfrå får han lastebil og sjåfør, og får dei fire brørne trygt over grensa. Uheldigvis for Alf skjer dette same natta som ekteparet Feldmann blir drepne i same område.

Som andre kjentmenn i og frå grensetraktene har Alf alt verka som los ei stund. Han følgjer enkeltpersonar eller små grupper gjennom skogen og inn til svenskegrenda. No tar det av. Når han i slutten av november fører resten av familien London over, brukar han varetransportruta. Det er no Milorg får snusen i ruta hans og kjem med ordren: Du må bruke den geniale ruta di til å køyre over motstandsfolk og jødar. For no ligg mange hundre menneske i livsfare over heile Austlandet og berre ventar på hjelp til å kome over grensa.

Men Alf seier nei. Han er ikkje den som ikkje vil redde menneskeliv, han er villig til å risikere alt i arbeidet mot nazistane. Men han har eit dilemma. Han har Gerd. Og Gerd er gravid. At mannen hennar er ute på livsfarleg oppdrag, er ei stor påkjenning. Han må avvise Milorgs ordre.

Då kjem dei til Gerd. Dei fortel henne det dei veit om kva som skjer med jødiske barn i Tyskland. Då må Gerd seie ja til at Alf skal køyre flyktningar. Ho har ikkje samvit til anna.

Straks er dei i gang. Natt etter natt går transporten med lastebilar og sjåførar frå Transportformidlinga. Alf sit kvar natt som leiar i den første bilen. Han har våpenet klart i lomma og held utkikk etter kontrollar og teikn. Blir dei stansa, må han kunne forsvare dei oppimot 20 livredde menneska som sit på planet av kvar bil. Helst bør dei ikkje bli stansa. Passasjerane sit under ein tynn presenning, oppå sin eigen bagasje. Bilane er i dårleg stand. Dei køyrer på sommardekk, og det er ein iskald krigsvinter. Det er inga oppvarming, ingen komfort. Dei minste har fått mjølk med sovemedisin. Dei som ikkje søv, frys og hakkar tenner – av kulde og redsle. Men dei veit at dei må vere heilt, heilt stille dersom dei blir stansa. Og dei veit at dette er vegen til fridom og tryggleik.

Dei køyrer gjennom eit blendingssvart land, ut av Oslo, opp mot Kjeller og Fetsund, over Glomma, sørover gjennom Aurskog/Høland og så i Østfold ved Rødenessjøen, derfrå rett aust mot svenskegrensa i Marker. Der går følgjet til fots nokre få kilometer, og stadig kortare; ettersom frosten legg seg i skogen, køyrer dei på myrane innover. Slik kan dei drive effektivt og frakte mange menneske heilt fram, natt etter natt. Mange av flyktningane er dårlege til beins og ikkje gode til å traske i skogen midvinters. Ein annan godt uttenkt faktor er tømmerhogstaktiviteten i området. Frå før finst hjulspor og trakking etter mange føter i skogen akkurat her. Dessutan stiller dei kraftige tømmerhoggarane opp for Alf og fylgjet viss det kjem snushanar som vil undersøke.

Ein av familiane dei hjelper, er familien Philipson. Om morgonen den 26. november skal «Donau» gå frå Oslo. Drosjar med politimenn køyrer rundt og plukkar opp jødar for å køyre dei til kaia. Jødane får beskjed om å pakke og vente på å bli henta litt seinare. Familien Philipson veit ikkje kva som ventar. Først når novemberdagen tar til å mørkne, kjem drosjen tilbake til bustaden deira i Markveien. Familien blir køyrd mot Vippetangen. Når dei ser det store skipet som ligg i hamnebassenget og alle dei tyske soldatane, skjønar dei kva som skjal skje: deportasjon. Noreg sender dei ut og rett i klørne på dei som vil dei så ufatteleg til livs.

Men for familien Philipson skjer det utrulege: Kaia er sperra av, landgangen tatt vekk. Drosjesjåføren får beskjed om å snu. Minutt seinare er dei attende på Grünerløkka. Men kva no? Dei kjem seg i dekning. Ei veke seinare sit dei under presenningen på ein av lastebilane til Carl Fredriksens Transport.

Og namnet? Berre innvigde skjønar at Carl Fredriksen er eit dekknamn for Kong Haakon den sjuande. Namnet hans før han vart norsk konge, var Prins Carl, son av danske Kong Fredrik.

Langs heile ruta har Alf kontaktar som passar på og varslar om kontrollar. Ser Alf eit teikn, som ein grankvist på tvers, skjønar han at dei må ta ein annan veg. No kjem all lokalkunnskapen til gode. I tillegg til stadsansen har han dessutan ei «frekkheitas nådegåve» som gjer at han klarer å bløffe og improvisere dei gongene dei verkeleg blir stansa. Som den gongen ved Kjeller flyplass, Luftwaffes hovudflystasjon i Noreg.

Ein kveld dei skal passere, blir det brann på taket på den eine lastebilen. Dei er nøydde til å stanse, sjølv om det er på den verst tenkjeleg staden. Alf sprett ut, drar fram knottsekken som har tatt fyr og riv han ned på bakken. Det lyser kraftig opp i stupmørket. Straks er han omringa av fleire titals tungt væpna tyske soldatar. Alf strener straks bort til tyskaren med flest stjerner på jakkeslaget, gjer ein stram nazihelsing og beklagar opptrinnet. Så overbevisande og tysktalande er han, at offiseren tilbyr Alf ein sigarett og får soldatane til å trampe ut glørne i vegbanen.

Under presenningen sit dei skrekkslagne jødane. Dei høyrer høglydt tysk, kjenner brend lukt. Dei kan ikkje la panikken få utløp. Og Alf må stå roleg, smilande, og røyke ferdig sigaretten. Etter nokre minutt lange som år kan bilane trille vidare mot grensa.

Heime i dei svarte nettene sit Gerd. Men ikkje som ventande husmor, ho er blitt eit viktig medlem av gruppa. Den klare hjernen hennar held greie på logistikken – namn og nummer på flyktningane, adresser dei skal plukkast opp på, telefonnummer. I hovudet har ho mange farlege opplysningar. Denne vinteren går Gerd Pettersen omkring i Oslos gater med ein stadig større mage, og over magen ber ho ei muffe. Inne i muffa: Ein pistol.

Det er ein ekstrem påkjenning for alle som er med. For Alf, som leiar kvar transport, gjerne fem kveldar og netter i veka. For Gerd, som passar telefonen heime. For Transportdirektør Reidar Larsen. For Rolf Syversen, Carl Nielsen og andre som skaffar dei viktige deknings- og oppsamlingsplassane. For legen som hjelper til. Og ikkje minst for sjåførane – mange makta ikkje meir enn éin slik tur. Dessutan for alle dei andre heilt nødvendige hjelparane i nettverket.

Til slutt skjer det dei har frykta heile tida: Dei blir infiltrerte og angjevne. Men enno treng mange transport. Dei tar enda nokre turar.

Så kjem den 14. januar. Dagen før har Reidar Larsen fått ein lapp i handa via kontaktar i Statspolitiet. På lappen står namnet hans og ekteparet Pettersen sitt. Dei samlast og planlegg flukta – same kveld må dei kome seg av garde, skal dei ha ein sjanse. Men kvar er Alf?

Mot betre vitande har han gått og lagt seg heime. Parolen var dekkhusvære – å sove heime var for farleg.

Etter å ha stått og ringt på i nærare ein halvtime, gir gestapistane opp. Nabokona som har følgt med, styrtar inn til Alf, saman med Rolf Syversen. Straks etter er dei ute på gata, alle tre. Men Alf bråsnur og spring inn att. Han vil hente babytøyet, dei små plagga som Gerd har sydd dei siste månadene. Skulle ho ikkje få med seg noko anna til det usikre som venta henne og den vesle på veg, så i alle fall det.

Timar seinare køyrer dei gjennom eit Oslo i snøstorm. Det er iskaldt. Etter få mil kjem kontrollen dei fryktar. Ein norsk og to tyske politimenn veivar dei til sides. Alle blir forhøyrde etter tur. Gerd skjelv så knea ristar. Politimannen blir insisterande, Gerd bryt nesten saman. Då smeller Reidar Larsen ein diger neve i rattet. Som Alf kunne Reidar morske seg til når det var nødvendig. Politimannen vik, og mot alle odds kan bilen trille vidare mot grensa. Denne gongen køyrer dei heilt inn i Sverige. Der knekk bilen saman. Men dei er i sikkerheit.

Slik enda det for Carl Fredriksens Transport. Rolf Syversen meinte seg trygg, og vart ikkje med på flukta. Han vart arrestert og sidan avretta på Trandum.

Familien Pettersen vart verande i Sverige til freden kom.

Dramaet var likevel enno ikkje over for Alf Pettersen. Rettssaka mot dei to grenselosane som drap ekteparet Feldmann, kom opp etter krigen. Her vart Alf, som aktoratets hovudvitne, latterleggjord. At han vitna mot dei to drapsmennene som var beskytta av Milorg, gjorde han upopulær. At han faktisk bidrog til å oppklare saka, gav han ingen heider.

Både Alf og Gerd var sjølvsagt merkte av hendingane under krigen. Men Feldmannsaka gjorde at Alf var taus i mange tiår.

Historikar Ragnar Ulstein var den første som greip tak i historia, med trebindsverket Svensketrafikken på 1970-talet.

Dei siste ti åra har forskarar og andre bidrege til å gjere historia om den utrulege innsatsen meir kjend.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er cand.philol. og har i haust gitt ut boka Carl Fredriksens Transport, den ukjente historien om krigens største heltedåd.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Denne vinteren går Gerd Pettersen omkring i Oslos gater med ein stadig større mage, og over magen ber ho ei muffe. Inne i muffa:
ein pistol.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis