JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Bibelsk jordsmonn

Då staten Israel vart oppretta i 1948, var alle som hadde gått gjennom den norske skulen, marinert i bibelsoge. Det var difor ikkje underleg at det som hende i realpolitikken, vart lese rett inn i profetiane frå Bibelen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Martin Tranmæl i Israel 1951, her bak rattet på ein traktor ved  Moshav Norge, kibbutzen som vart reist med pengar samla inn etter den tragiske flystyrten på Hurum.

Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek

9830
20200131

Jerusalem i nord

Referansane til bibellandet og bibelsoga ligg som ein djupstruktur i norsk kultur og har gjeve form og språk til politisk tenking, religiøs praksis og arkitektoniske ideal gjennom tusen år. Eivor Andersen Oftestad, forfattar og forskar ved MF, undersøkjer korleis.

Del 4

e.a.oftestad@mf.no

Kvar finn vi førestillinga om Jerusalem og det heilage landet på 1900-talet? Då var det korkje relikviar eller ordet aleine som var formidlinga, men bibelsoga. Ho gjennomsyra kulturen og tolkinga av røynda. Ein interessant konsekvens, kanskje paradoksal i våre auge, var at det sosialdemokratiske Noreg, med Arbeidarpartiet i spissen, vart «Israels beste venn». Eg trur at ei bibelhistorie, skriven i 1858, var ein viktig bakgrunn for det. Historia kjem eg attende til.

I november 1949 omkom 27 jødiske barn i ei tragisk flyulukke på Hurum. Etter ein barndom i konsentrasjonsleirar og krig var dei på veg til eit nytt liv i Israel. Før dei kom så langt, skulle dei fødast opp på rekonvalesens i Holmestrand. Då Fornebu mista kontakta med flyet, følgde heile nasjonen med på radio. Folk gråt, kjenslene var sterke og tusenvis var med på leiteaksjonen i fjorden og i skogen. Etter to dagar vart den einaste overlevande frå flystyrten, ein liten gut, funnen.

Nokre dagar etter ulukka lanserte Arbeiderbladet ein stor aksjon, med Haakon Lie og Martin Tranmæl i spissen. Avisa ville reise «et lykkelig samfunn et steds ute i ørkenen» til minne om offera frå ulukka. Det skulle gje husvære til nokre av flyktningane som i hundretusenvis strøymde til Det heilage landet i store skarar etter krigen. Slik ville arbeidarrørsla vere med og byggje opp «jødenes nye, gamle fedreland».

Dette engasjementet handla om to ting. Det handla om ein sosialistisk draum, slik det også vart forklart i avisa: «Disse kibbutz er de mest idealistiske samfunn De kan tenke Dem. Alle arbeider der i fellesskap for hverandre, folk lever der til de blir gamle og dør uten at de noensinne har hatt penger mellom hendene.» Begeistringa for ideen var til å ta og føle på. Og det handla om at arbeidaren gjorde ørken om til eit fruktbart land med nevekraft.

Leiaren i same avis la vekt på korleis Israel no skulle bløme. Jorda i Israel hadde vore vanskjøtta gjennom hundreår, skreiv redaktøren Olav Larssen – eller kanskje var det gamleredaktøren Martin Tranmæl. Mykje var berre ørken, der ikkje noko levande kunne gro. Men dei resultata som dei nye jordbrukskoloniane nådde, fekk ein til å tenke på «den gamle beretningen om landet som flyter av melk og honning». Vegen fram til eit fritt og trygt tilvære gjekk gjennom ørkenjord.

Arbeiderbladets leiar denne dagen gjer dei bibelske profetiane om det lova landet om til sosialistiske draumar. Det som kling bak, er bibelsoga, nett slik Larssen og Tranmæl sjølv hadde fått henne formidla på skulen. Her hadde dei – trur eg – lese Volrath Vogts bibelsoge. Gjennom folkeskulen vart boka hans den sterkaste formidlinga av førestillinga om Jerusalem og det heilage landet i den norske kulturen. Om «jødeland» kunne ein her lese: «Palestina kaldes i Bibelen ’et land som flyder med melk og honning’. Nu er det anderlædes. Landet har i Århundreder været ilde styret: store vidder ligger udyrkede, og menneskehaand ødelægger hvad Jorden villig vil yde.»

Volrath Vogt (1817–1889) var teolog og lærar ved katedralskulen i Oslo gjennom 50 år. Han fortalde historia om Edens hage, utveljinga av Israel, tempelet i Jerusalem og Jesu liv så levande at dei bibelske figurane vandra inn i barnesinnet. Bibelsoga hans var skulepensum frå fyrste opplag kom i 1858 fram til midt i 1960-åra. Ho vart trykt i nærare 100 opplag og i 38 millionar eksemplar. Det var med andre ord eit svimlande tal norske barn som voks opp med Vogt. Kartet over landet følgde også med i boka og kom etter kvart opp på alle skulevegger. Her kunne skulebarna lære det heilage landet å kjenne og samstundes plassere namna frå det lokale bedehuset: Betania, Jeriko, Betel og Betlehem. Det er ikkje å undrast over at nokon kom til å tru at dei sjølv budde i det heilage landet.

Både kartet og historieformidlinga stamma frå storsatsinga på bibellandet på 1800-talet. Med eit vitskapeleg verdsbilete var bibelforsking og bibelarkeologi nye disiplinar. Bibellandet vart målt opp og kartlagt. Då Volrath Vogt, etter 15 år med forsking og feltarbeid, gav ut boka Det hellige land i 1879, var foredragssalane fulle, og han fekk fanbrev frå Henrik Ibsen. Ibsen fortalde at boka hadde fått heidersplass i boksamlinga hans, og at han stolt ville syne henne fram når han fekk besøk: «Vor literatur har altså nu et monumentalt videnskabeligt arbejde at opvise, hvortil selv de store verdensliteraturer neppe ejer ret mange sidestykker.» Ryktet seier at det berre var to gonger Ibsen vart observert fordjupa i ei bok, og at den eine gongen var med nasen i Volrath Vogts Det hellige landet.

I dei ulike utgåvene av Vogts bibelsoge, frå 1858 og fram til Arbeidarpartiets støtte til etableringa av staten Israel 90 år seinare, kan vi følge korleis førestillinga om bibellandet smeltar saman med den sionistiske draumen om eit eige land for verdas jødar. I fyrste utgåva forklarar Vogt at jødane er spreidde over heile verda på grunn av Jerusalems øydelegging i år 70. Men Gud hadde lova at også jødane ein gong skulle omvende seg og tru. Det var denne førestillinga som låg bak den nyleg oppstarta jødemisjonen.

Mot slutten av 1800-talet vart bibelsoga oppdatert med opplysningar om at fleire og fleire jødar flytta til Det heilage landet kvart år. Dette var samstundes med dei nye jordbrukskoloniane som vart oppretta i Palestina. Til koloniane flytta jødar frå forfølging i Aust-Europa. Sjølv om Arbeiderbladet seinare lovprisa desse føretaka, var det ikkje opplagt at koloniane og den sekulære sionismen, slik han vart presentert av Theodor Hertzl, skulle få støtte. I Noreg var også misjonsfolket skeptisk. Skulle landløfta til israelsfolket, som ein kunne lese om i Det gamle testamentet, oppfyllast, måtte det skje fordi folket omvende seg. Men då delar av Palestina kom under britisk mandatstyre etter fyrste verdskrigen, vart tonen ein annan. Dette, at landet igjen var under «kristent» styre, og at israelsfolket igjen begynte å samle seg der, var eit teikn på noko langt større, skreiv formann Christian Ihlen i Den Norske Israelsmisjon i 1934. Engasjementet hans for Palestina handla om rolla israelsfolket skulle ha i endetida. Når jødane omvende seg til Jesus, då skulle dei samle seg, og Jesus kunne kome att og verdshistoria lukkast: «Israel er lilleviseren på Guds verdensur. Den går ikke så fort, lilleviseren, men den går sin bane, og det avgjørende timeslag kommer ikke uten den.»

Nye versjonar av bibelsoga til Vogt heldt fram med å kommentere utviklinga. I 1930-åra kunne skulebarna lese at tusenar av jødar no, etter 1918, hadde vandra inn til landet. Dei vona at landet ein gong skulle bli deira. Og etter 1948 kunne barna lese i ein ny versjon at jødeland «nå er blitt israelittenes eget land igjen». Framleis venta ein på omvendinga som Herren hadde lova.

Då staten Israel vart oppretta, var alle som hadde gått gjennom den norske skulen, marinert i bibelsoge. Det var difor ikkje underleg at det som hende i realpolitikken, vart lese rett inn i profetiane om jødane frå bibelen. Israelsfolket strøymde tilbake – frå talrike land i heile verda – til det lova landet. Ørkenen blømde, og framtida vart skipa på ny. Reaksjonane i Noreg liknar litt på slik dei kristne munkane i mellomalderen reagerte på det fyrste krosstoget og erobringa av Jerusalem i 1099. Munkane levde i den bibelske førestillingsverda gjennom dagleg resitasjon av salmane. For dei handla det fyrste krosstoget om profetiar om Jerusalem som vart oppfylte i deira eiga tid. Frigjeringa av Jerusalem var den største hendinga i verdshistoria nest etter Jesu oppstode, kan vi lese i krønikene frå den tida.

I utgangspunktet støtta ikkje arbeidarrørsla, i likskap med misjonsfolket, ei sionistisk løysing på jødesituasjonen. Men frå 1948 vart Noreg ein pådrivar for internasjonal godkjenning av ein jødisk stat i Palestina. Og etter den tragiske flyulukka på Hurum var iveren etter å hjelpe Israel større enn nokon gong. Samstundes handla førestillingane om Jerusalem og det lova landet ikkje berre om stader i Midtausten. Den norske arbeidarrørsla freista å verkeleggjere den kristne utopien her og no. Dei ville skipa sitt eige lova land, i det jordiske tilværet. Det kunne ikkje gjerast gjennom barnleg tru på eit himmelsk Jerusalem, men tvert om gjennom å ta saka i eigne hender, gjennom hardt arbeid. Desse synspunkta kjem fram når vi les diskusjonane og reportasjane i Arbeiderbladet i mellomkrigstida. Nokre freista lukka i USA og Canada, medan andre spurde «Er Kanada et Kanaans land?» Svaret lød: «Ja, det er landet som flyter av melk og honning, men den som vil ha melk må melke sine kuer selv, og en som vil ha honning må skjøtte sine bier.» Det same gjaldt også klassekampen her heime. I ein nyårsbodskap til arbeidarkvinnene i 1925 kunne ein lese: «Tror du på mirakler, melk og honning – eller vil du være med og realisere det gode samfunn selv?»

Etter kvart vart Volrath Vogt skifta ut fra° pensum. Kulturens jordsmonn vart ikkje lenger vatna med bibelsoge, og det bibelske spra°ket forsvann meir eller mindre fra° det politiske vokabularet. Når det gjaldt Jerusalem og det lova landet, enda førestillinga i ein konflikt med det palestinske folket.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Når jødane omvende seg til Jesus, då skulle dei samle seg, og Jesus kunne kome att og verdshistoria lukkast.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis