JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

🎧 «Sidan kan nasarearane drikka vin»

Kva var opphavet til nemninga Pilatus sette på krossen, at Jesus fylgde Moseloven eller kom frå landsbyen Nasaret?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Valentin de Boulogne (1591–1632), ­«Moses med lovtavlene». På grunn av ein feil i tidlege bibelomsetjingar ­utstyrte kunstnarar Moses med horn, men hjå de Boulogne har det vorte strålar.  Målarstykket heng i Kunsthistorisches Museum i Wien i Austerrike.

10925
20200925

Kven var
nasarearane?

Del 3 – Moses

Me kan fylgja dei frå Mosebøkene og «nasarear­rørsla» på Jesu tid til muslimsk praksis. Nasarear, tilnamnet til Jesus, er framleis arabisk og hebraisk nemning for ein kristen.

Nasarearloven har vore: Ikkje drikka vin, ikkje klippa håret, kle seg i kvitt, dra som pilegrim til heilagdomen, ofra dyr, raka hovudet.

14. august, del 1. Noah. «Verda før vinen»

28. august, del 2. Abraham. «Soga om Isak»

Lytt til artikkelen:

havard@dagogtid.no

Etter Noah og Abraham lyt tredje del handla om Moses, profeten som har gjeve namn til Moseloven og Det mosaiske trussamfunnet, og som er den oftast nemnde personen i Koranen.

Då Henrik Wergeland kjempa for å gje jødar tilgjenge til Noreg og innsåg kor nedsetjande nemninga vart nytta, føreslo han å kalla dei mosaittar.

Noah oppsummert

Fyrst ei rekapitulering av fyrste og andre del.

Det nasareiske vinforbodet kan ha røter i førestillinga om gullaldertida før vassflaumen og vindyrkinga til Noah, då menneska vart tusen år. Når alle fylgde loven, ville den tida kome attende, og riket eller paradiset verta atterreist.

Men ikkje som ein hisidig himmel. Meir som ei forvandla jord, som når våren kjem attende. Grovt forenkla kan ein seia at tidleg jødedom opererte med eit dennesidig verdsbilete, ei førestilling som rabbinsk jødedom og tidleg jødekristendom utvida med von om ei forvandla jord, halvt dennesidig, halvt magisk, før etterlivet med himmel og helvete seinare vart ei sentral førestilling i kristendom og islam.

I denne overgangen skriv Paulus om både forvandla jord og forvandla kropp: «Ikkje alt kjøt er av same slag. Det er eitt slag kjøt i menneske, eitt i fe, eitt i fugl, eitt i fisk. Og det finst himmelske lekamar og jordiske lekamar; ein glans har dei himmelske, ein annan dei jordiske.»

Abraham oppsummert

Etter tradisjonen høyrde alt fyrstefødd til Gud, som kunne krevja det attende. Seinare vart offerrolla til dei fyrstefødde teken over av nasarearane, som gav seg til Gud.

Det arketypiske dømet er Abraham, som vart beden om å ofra son sin, den einaste, Isak, på Moria-fjellet, der tempelet i Jerusalem sidan vart bygd og ofringane heldt fram.

Ofringa på Moria-fjellet vart nytta som modell for krossfestinga eller ofringa på Golgata. Byen var den same, og i ei trespråkleg innskrift på krossen vart den krossfesta kalla nasarearen.

Reinleiksboda

Nasarearloven finn me i Fjerde Mosebok. I Tredje Mosebok har Moses og hebrearane, etter utvandringa frå Egypt, motteke loven på Sinai-fjellet – ein lov som for ein del går att i jødedom og islam i dag, og som har verka inn på lovgjeving i kristne land òg.

No er hebrearane klare til å erobra det lova landet. Såleis byrjar Fjerde Mosebok med ei folketeljing i ørkenen, for å mønstra soldatane, prestane og nasarearane. Dei tre gruppene får eigne lovar.

Nasarearloven gjeld for kvinner og menn som i ei tid vil leva som heilage, eit ord som vert nytta som synonym til nasarear. Då skal dei «halda seg borte frå vin», ja, ikkje berre vin, men «ikkje eta noko som kjem frå vintreet, ikkje eingong druekjernar eller skal». Som i tida før Noah.

Dei skal òg «la håret på hovudet veksa og hanga fritt». Nasareartradisjonen lever i biletkunsten òg.

Det tredje reinleiksbodet gjeld tilhøvet til lik: «Så lenge dei er vigde til Herren, må dei ikkje koma nær lik.» Gravferder fekk dei overlata til andre. For dei heilage, høgst levande nasarearane gjaldt evangelieordet «Lat dei døde gravleggja sine døde.»

Den andre helvta av nasarearloven handlar om å avslutta lovnaden: reisa til heilagdomen, ofra lam, barbera hovudet, ofra håret.

I lag med nasarearmarkørar som å kle seg i kvitt, vert desse skikkane praktiserte i dag òg, som ein sentral del av pilegrimsferda til Mekka, hajj, eit ord som tyder heilag.

Livslang og mellombels

I Bibelen er det to hovudgrupper av nasarearar: Dei som gjev ein livslang lovnad og dei som fylgjer boda ei tid, til dømes ein månad.

Det livslange nasaratet gjaldt for gamaltestamentlege profetar som Samson og Samuel, kan henda for profeten Johannes døyparen òg. Det vert framleis praktisert: rabbi David Cohen gjorde lovnaden då den fyrste verdskrigen braut ut, og levde som nasarear til han døydde i Jerusalem i 1972.

Dei jamaikansk-etiopiske rastafariane er ei anna gruppe som i vår tid fylgjer nasarearreglar.

Det mellombelse nasaratet har vore det vanlegaste, før vår tidsrekning, i det fyrste hundreåret, og seinare. Det er det som det finst reglar om i Moseloven.

Det finst òg kombinasjonar av livslangt og mellombels nasarat, som i islam, der vinforbodet er livslangt medan andre reglar er mellombelse.

Før og etter

Truleg er det livslange nasaratet eldst, men i Bibelen kjem det mellombelse fyrst, alt i Mosebøkene. Det er det ein grunn til.

Eit relevant døme: Ein del teologar meiner at Det nye testamentet (NT) ikkje bør byrja med dei fire evangelia, men med breva frå mellom andre Paulus. Ja vel, men skjedde ikkje hendingane i evangelia før hendingane i breva?

Jau, men breva er skrivne før evangelia. Ein tekst speglar like mykje tida han er skriven i, som tida han er skriven om. Ein tekst om fjern eller nær fortid var gjerne eit innspel i samtida.

Det same gjeld Det gamle testamentet (GT). Ifylgje den sams judeo-kristen-islamske tidsrekninga levde Moses 300–400 år før Samson, men det er motsett med skriftene om dei: Tekstane om Samson og det livslange nasaratet er rekna for å vera 300–400 år eldre enn dei om Moses og det mellombelse nasaratet.

I, o eller a?

Ein lesar spør om grunnen til at nemninga nasarear på norsk er stava ulikt i GT og NT.

Ordet har vore stava på ulik andrevokal i ulike bibelomsetjingar i ulike hundreår: nasirear, nasorear, nasarear.

Det er ikkje så underleg. I ulike skriftstader og tekstvariantar vekslar vokalane utan eit tydeleg mønster. Mønsteret kjem i omsetjingane.

I eldre, autoritative danske, engelske og tyske bibelomsetjingar, kjende som Kristian III-, King James- og Martin Luther-bibelen, er det sams staving (nasarear), i GT som i NT, i Moseloven som i evangelia, om Samson som om Jesus.

Men etter kvart byrja ein i bibelomsetjingane å skriva namnet ulikt i GT (nasirear) og i NT (nasarear). Kvifor?

Evangelisten Matteus hevdar i eit omdiskutert vers (2,23) at nemninga kjem av landsbynamnet Nasaret. Og av di Bibelen som kjent ikkje tek feil, vart ein nasarear dimed ein frå Nasaret. Ein som fylgde nasarearloven, var noko anna, og for å skilja dei, vart den nemninga stava nasirear.

Men kan omsetjarane gjera slikt? Ja og nei. Ein kan om ein vil.

Korleis? GT og NT er omsett frå ulike handskrift på to ulike språk, hebraisk og gresk. Eitt og same ord kan ein omsetja på eit vis frå hebraisk og på eit anna vis frå gresk ­– om ein vil. Vil ein styrkja samanhengen mellom GT og NT, stavar ein sjølvsagt ordet likt. Vil ein svekkja samanhengen, stavar ein det ulikt.

Menneskeson

Her kjem eit relevant døme frå mi tid som bibelmedomsetjar: Før vart menneskeson omsett likt i GT og NT. Gud tiltala profeten Esekiel som menneskeson mange gonger i GT, og Jesus omtala seg sjølv som menneskeson mange gonger i NT.

Men i 2011-omsetjinga vart Esekiel menneske medan Jesus heldt frem med å vera menneskeson. Ei sams nemning var ikkje lenger sams, og ein mogeleg samanheng vart svekt.

– Kvifor? spurde eg.

– Jau, på hebraisk er menneskeson eit vanleg uttrykk, eit anna ord for menneske. Men på gresk er ordet så uvanleg at ein lyt omsetja det ordrett. Det finst berre i NT, ikkje i andre greske tekstar.

– Men at det finst berre i NT, kjem jo av at greske menneskeson rett og slett er ei omsetjing av GTs hebraiske menneskeson, innvende eg.

Eg vart delvis høyrd, for innvendinga kom med som ein fotnote i Bibelen 2011.

Kvifor svekkja samanhengen mellom GT- og NT-menneskesonen? Kanskje av kristologiske grunnar. Esekiel var profet, samtida såg på Jesus som profet, og sjølv delte han kan henda det synet. Det har ikkje kyrkja gjort.

Men éin stad i GT, i Daniels bok, valde ein i 2011 likevel å halda på menneskeson. Kvifor? Det er eit vers med ein lang tradisjon for å verta lese messiansk og metafysisk, som eit frampeik om Jesus som gud, ikkje profet.

Slik kan filologi styrkja éin samanheng og svekkja ein annan.

Utstøytte

Dette gjeld for nasarear og nasirear òg. Når mønsteret vert éin vokal i GT og ein annan i NT, gjev ein Evangeliet etter Matteus rett: Jesus vart kalla nasarear av di han kom frå Nasaret, ikkje av di han fylgde nasarearloven.

Men kvifor kopla Matteus nemninga til ein ukjend landsby? Det kjem me til ei anna veke, men kort no: Kring år 100, etter øydelegginga av tempelet i 70, før evangelia vart ferdig redigerte, ja, før det endelege skiljet mellom jødedom og kristendom, vart nasarearane utstøytte av både jødiske og vestkristne synagogar, kan henda av di dei heldt fast på den med kvart umogelege kombinasjonen av Moselov og Jesustru.

Men kunne ikkje Matteus berre ha stroke det vanskelege tilnamnet – i staden for å endra opphavet til det? Nei, som tilnamnet til Jesus, som namn på tilhengjarane og rørsla, var nemninga for innarbeidd ­–?til dømes i innskrifta Pilatus sette på krossen, på hebraisk, latin og gresk: INRI, Jesus nasarearen, konge av Judea.

Med N-en refererte ikkje Pilatus til ein landsby så liten og ukjend at han ikkje er nemnd i noko kjeldeskrift utanfor NT, men til ei nasarearrørsle som nådde si største utbreiing på hans tid.

Sidan

Dei mange teologane som har skrive Matteus-kommentarar, har vore så forvirra av «nasarear er ein frå Nasaret»-verset i Matteus (2,23) at dei har kome i tvil og drøfta: Kom namnet likevel ikkje av landsbyen, men av lovnaden?

Mange av dei har likevel landa på den bok­stavtru løysinga: Tilnamnet kom av byen. Kvifor? Jau, som fleire av dei skriv: Me får gje Matteus rett, for Jesus drakk jo vin, og det gjorde ikkje nasarearane.

Men då har dei ikkje lese heile nasarearloven. Dei har ikkje fått med seg den siste setninga, og heller ikkje skilnaden på livslange og mellombelse nasarearar. Etter at lovnaden er avslutta, heiter det i Fjerde Mosebok 6,20: «Sidan kan nasarearane drikka vin.»

Den eldste teksten

Nasarearloven vert runda av med ei strofe, kjend som «den prestelege velsigninga»:

Herren velsigne deg

og vare deg!

Herren late sitt andlet lysa mot deg

og vere deg nådig!

Herren lyfte si åsyn på deg

og gjeve deg fred!

Det er ein av dei mest kjende og nytta tekstane frå Bibelen. Eg høyrde han nyleg framsagd då eit barnebarn vart døypt. Han er av dei eldste tekstane, og finst på det eldste kjende handskriftet med ein bibelsk tekst, ein liten sylvrull i ein amulett, funne i 1979, datert til ca. 600 f.Kr. og tida før det babyloniske eksilet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Jamaikansk-

etiopiske rastafariar er ei anna gruppe som i vår tid fylgjer
nasarearreglar.

Pilatus
refererte til ei rørsle som nådde størst utbreiing på hans tid.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis