JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

«Historia stogga i 1936»

BARCELONA: For 80 år sidan møtte George Orwell det post-faktuelle samfunnet her. Med eitt fann han seg sjølv i kamp med folk han trudde hadde same mål som han: å slå Franco. Det var her han fekk merke på kroppen kva propaganda er. Her vart kjølen til romanen 1984 strekt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
 «Dette er ikkje ein krig, men ein komisk opera med ein død no og då», oppsummerte kommandanten til Orwell, Georges Kopp, borgarkrigen i Spania. Kopp vart sidan myrda av kommunistane.

9520
20170428
9520
20170428

George Orwell

Det er ikkje Donald Trump som har funne opp dei «alternative fakta» og lygna som eit framhald av politikken. Dette er gamalt stoff i politikken.

Eit av dei klaraste døme på slikt ideologisk vanvit finn vi under den spanske borgarkrigen – i den politiske og dødelege mannjamninga mellom anarkistar, trotskistar og kommunistar under den anarkistiske våren i Catalonia i 1937. Der rådde det totale ideologiske tyranniet – og sanninga vart fyrste offer.

George Orwell stod midt i striden. Kva han såg der, slår oss med ny kraft i dag – i ei tid med ny fanatisme i mange leirar.

SKUGGEN AV STOREBROR

Den systematiske lygna, slik Orwell opplevde henne på nært hald, kom til å prege forfattaren. Det var her han såg skuggen av diktatoren Storebror i form av kommunistisk propaganda og politimetodar – i ein atmosfære av svik, vilkårleg fengsling, utanomrettslege drap og valdseksessar.

Når Orwell sa at «historia stogga i 1936», var det fordi 1936 var siste året før propagandaen totalt kom til å dominere politikken.

Då han skulle møte kona si, Eileen, på Hotel Continental, kveste ho til han: «Kom deg ut før politiet kjem etter deg! Her er angivarar overalt!» Berre å ha tenestegjort i POUM, det sameinte marxistiske arbeidarpartiet, var nok til arrestasjon. Vel ute av landet vart det arrangert ein skodeprosess mot Orwell, der han vart klaga for «fascisme».

Og det var berre så vidt Eileen og George kom seg ut av Spania i juli 1937, etter å ha vorte brennemerkte som «trotskistar». I fleire dagar sov Orwell i nedbrende kyrkjer for å unngå ei regjering han trudde var på hans side og som han støtta.

Orwell sjølv vart i mai 1937 råka av ei fascistkule halvannan millimeter frå hovudpulsåra. Han overlevde som ved eit under.

Romanen 1984 er sjølve sinnbiletet på eit totalitært redsleregime. Vi veit no kor sjølvopplevd mykje av 1984 er. (Eit døme: Bileta av støvelen som slår inn eit andlet, framtidsvisjonen i 1984, såg Orwell på dei fargerike katalanske propagandaplakatane i 1937).

TIL POUM

Dei ytre draga ved Orwells Spania-opphald er klare nok. Orwell kom til Catalonia 32 år gamal seinhausten 1936. Med seg hadde han eit introduksjonsbrev frå ei minoritetsgruppering til venstre i Labour. Dette førte han til POUM.

Samanlagt tenestegjorde Orwell i fire månader på Aragon- og Teruel-fronten. Han såg ikkje mykje strid, men var med på nattlege åtak på fasciststillingar og slapp ikkje unna farlege situasjonar. Målet var, som han sa sjølv, å få «skyte ein fascist».

Men mest vart det kampar mot lus og rotter så digre som kattar. Kommandanten hans, Georges Kopp, seinare myrda av kommunistane, karakteriserte situasjonen slik: «Dette er ikkje ein krig, men ein komisk opera med ein død no og då».

EIN KNYTTNEVE AV EI BOK

Då Orwell kom til Barcelona, var byen midt i ein revolusjon. 80 år etter skota på La Rambla kjem Orwells skildring av denne tida – i reportasjeboka Hommage to Catalonia – oss i møte som ei frisk kjelde av argumentasjon, politisk analyse og sjølvopplevd drama.

Hommage er ein klassikar som fortener eit breitt publikum no når vi atter ein gong er omgjevne av fundamentalistiske krefter og fanatisme i religiøs og politisk form.

Ja, endå meir: Få bøker kan som Hommage bringe opp heile rekka av politiske og moralske dilemma som har prega det 20. hundreåret: revolusjon versus militær effektivitet, demokrati versus revolusjon, kapitalisme versus demokrati, fridom versus autoritet, likskap versus klasseherredøme og sanning i politikken.

Boka var skriven som i ein feber og låg klar frå forlaget alt i april 1938. Der skreiv Orwell om denne tida som «forfriskande og overveldande».

Husa var draperte med raude og anarkistiske flagg. Kyrkjene stod utbrende, fabrikkar var overtekne av anarkistane, tips i kafeane var avskaffa, overalt var det skilt med oppmoding til dei prostituerte om å bli betre menneske, alle servile tiltaleformer var avskaffa og høgtalarar spela ustanseleg revolusjonære songar langt inn i natta. Det var «eit samfunn der dei velståande laga praktisk tala hadde slutta å eksistere». Han opplevde «ein forsmak på sosialismen».

FRIDOM OG LIKSKAP

Orwell hadde kome inn til eit tilsynelatande fridomsfundert, kastelaust arbeidarklassesamfunn:

«Eg hadde meir eller mindre ved eit tilfelle droppa inn i eit samfunn der (…) politisk medvit og mistru mot kapitalismen var meir normalt enn det motsette (…) Det var mykje eg ikkje skjøna og mykje eg ikkje likte, men eg skjøna med éin gong at dette var ein tilstand vel verd å kjempa for».

Her ser vi med éin gong essensen i Orwells politiske ståstad: forpliktinga til likskap og fridom.

Lat oss fyrst sjå på den konkrete striden.

BORGARKRIG I BORGARKRIGEN

Ved middagstider den 5. mai 1937 braut det ut kampar ved telegrafbygningen i Barcelona. Telegrafbygningen var halden av CNT-folk, anarkistane si fagforeining. Sjokktropper frå regjeringa gjorde ein freistnad på å ta bygningen. Dei møtte eld og mislukkast.

Orwell var på veg nedover paradegata La Rambla på veg til POUM-hovudkvarteret i Hotel Falcon då han høyrde skot. Med eitt vart gata tom. Trikkane vart etterlatne av trikkeførarane. Folk sprang i skjul.

Sjokktroppene frå regjeringa, med automatgevær, hadde innteke posisjonar som gjorde at dei fekk total kontroll over heile den berømte gata. Snøgt kom barrikadane.

Fyrst mange dagar etter vart det eldopphøyr. Då hadde inn mot 400 personar mist livet. (Talet er uklårt.) Kva hadde skjedd? Republikkens soldatar skaut på dei som skulle vere allierte i kampen mot Franco. Det var ein borgarkrig innanfor borgarkrigen. Kvifor?

SPELARANE I DRAMAET

I månadene etter at borgarkrigen braut laus i juli 1936 var Catalonia som eit mikrokosmos av europeisk politikk tre år før den andre verdskrigen, med nokre særmerkte spanske fargar innimellom. Det gjeld især anarkistane – den spanske arbeidarklassas kompromisslause reaksjon mot disiplinerings- og effektivitetskrava frå den nordeuropeiske kapitalismen. Brutal, rå, full av idealisme og med likskap og fridom som rettesnorer – og vonlaust urealistisk, vil vel dei fleste seie. Den spanske anarkismen var nærast ei religiøs og djupt moralsk rørsle som ville ei ny verd, fri frå mammon og egoisme.

Vi veit no at åtaket på telegrafen i Barcelona i 1937 var meint som ein fyrste freistnad på å svekkje anarkistane i byen og få byen og Catalonia under kontroll frå regjeringa si side. Private våpen skulle leverast inn og anarkistanes politimilits løysast opp. For å skjøne kva som stod på spel, må vi trenge inn i dei ulike posisjonane.

Kommunistpartiet (PSUC) var, som alle kommunistpartia på den tida, ein reiskap for Moskva – og som alle totalitære parti mot alle konkurrerande partiformasjonar. POUM vart sett på som trotskistisk og skulle eliminerast saman med anarkistane – erkemotstandarar av marxismen heilt frå Bakhunins tid.

Målet var dinest å hindre ein sosial revolusjon i Spania etter utbrotet av borgarkrigen. Sovjet var ikkje interessert i å bli tolka som om landet stod bak sosiale omveltingar i Vest-Europa. Berre ved sosial fred kunne Vest-Europa vere til hjelp for Stalins Sovjet i tilfelle krig. Stalin var den einaste som hjelpte republikken. Han kunne stille krav – og gjorde det.

For Orwell var stønaden til POUM ein freistnad på å endre Spania totalt bak linene til republikken, og slik utløyse massiv entusiasme for republikkens frigjeringsprosjekt. Freistnaden vart kvelt.

PROPAGANDAENS GIFT

Det som særleg gjorde Orwell så rasande på kommunistanes lygnkampanje, var at dei ikkje berre skrytte om kampsigrar som var usanne, men òg dreiv med massiv lygn om POUM. POUM vart framstilt som ein fascistisk femtekolonne betalt av Franco. Den eine absurde påstanden var avløyst av ein endå meir absurd påtale.

Når Orwell vart spurd kvifor han la til så mykje politisk analyse i Hommage to Catalonia, var det fordi så mange idealistiske menn som hadde ofra alt, vart stampa ned i søla av kommunistpropagandaen – og mange vart myrda av kommunistane.

Dette gjorde Hommage til noko meir enn politisk journalistikk. No ville Orwell reise eit monument over idealisme og offervilje i tenesta til ei god sak. Og det var nett denne propagandaen som forma Orwells syn på undertrykkingsapparatet i Animal Farm og 1984.

REFUSERT

Heime fekk Orwell problem med å finne utgjevar til Hommage to Catalonia. Gollanzc, forleggjaren hans, ville ikkje ha boka fordi han meinte kritikken av dei spanske kommunistane (og der igjennom Sovjet) ville svekkje fronten mot Hitler.

Mistrua mot ein viss type venstreintellektuelle vart tend hjå Orwell: dei medvitne opportunistane, dei som ville undertrykkje sanninga av omsyn til partitaktiske føringar – folk som ikkje skjøna Stalin og ikkje visste kva diktatorisk terror er. Dei var det mange av i Storbritannia etter krigen.

Det var då Orwell sa dei namngjetne orda: «Ein kan ikkje vere antifascist utan å vere antitotalitær». Å tilpasse sanninga slik er som å gi seg ut på «a slippery slope» der du må undertrykkje upassande fakta og snevre inn det politiske teleskopet ditt til rein absurditet. Selektiv røyndomsoppfatning er eit anna ord ein kan bruke på denne mekanismen, slett ikkje ukjend den dag i dag. Og no i USA.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Ein kan ikkje vere antifascist utan å vere antitotalitær.»

George Orwell

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis