Hentar svalbardskogen til Botanisk hageTitals millionar år gamle bjørkeblad frå Svalbard er nesten identiske med blada som fell i dag. Neste sommar kan dei vera del av ein levande hage.
Titals millionar år gamle bjørkeblad frå Svalbard er nesten identiske med blada som fell i dag. Neste sommar kan dei vera del av ein levande hage.
Gartnarane Nils-Petter Bergersen (fremst) og Andreas Løvold frå Botanisk hage på veg til dei store fossilsteinane ved breen med første bør.
Alle foto: Line Nagell Ylvisåker
Her er paradis på jord for somme av oss, seier geolog og museumsformidlar Anne Birkeland. Ho arbeider til vanleg ved Naturhistorisk museum i Oslo. No sit ho på ein stein i morenen til Longyearbreen nokre kilometer sør for sentrum av Longyearbyen. Her er alt brunt: steinane, gjørma, dei porøse lagdelte fjellsidene og den rumlande breelva.
– Ser ein rundt seg, ser ein liv overalt, seier geologen og går bort til ein plastduk med ein laminert Universitetet i Oslo-plakat. Under plasten ligg ulike bladfossil hulter til bulter i eit berglag som vart danna for mellom 30 og 50 millionar år sidan.
– Blada må ha hamna her samstundes, dermed veit me at det var blandingslauvskog her då, seier ho.
Nedover den vinglande steinrøysstien ho kom på, går gartnarane Andreas Løvold og Nils-Petter Bergersen frå Botanisk hage for å henta neste bør. Utstyret treng dei for å klargjera to fossilsteinar for henting med beltevogn til vinteren. Den største veg 800 kilo.
Ingen tre
I dag veks det ingen tre på Svalbard, om ein då ikkje tek med nokre kvastar dvergbjørk og musøyre, det minste treet i verda, som klamrar seg fast i tundraen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.