Heim

Eg ser heimfjella og svingar nedom diktarheimen Midtbø. Alle reiser er ein omveg heim.

Eg tek ein selfie på trappa, for Vinje og eg er jo kollegaer.
Eg tek ein selfie på trappa, for Vinje og eg er jo kollegaer.
Publisert

Eg sit på ein benk framfor hytta på Groven camping i Åmot og et nista som eg smurde i Morgedal. Skivene er samanklemde, osten er smelta og storkna, og eg et av fornuft, ikkje av glede. Nattkjølda har enno ikkje sleppt taket, og eg har dunjakka på.

Der, forbi toalettbygget, ser eg to karar kome traskande. Eg kjenner igjen den eine frå dusjrommet i går kveld. Dei er eldre enn meg og har enorme sekkar. Dei går tungt og stør seg til stavane, men dei verkar blide. Er det fleire som går Oslo–Odda? Nei, det likar eg ikkje. Dette er mitt opplegg.

Eg søker på Gule Sider etter telefonnummeret til Olav Vesaas, og til mi store forbausing ser eg at han bur nokre hundre meter frå meg i Oslo. Vi er så å seie grannar.

Olav Vesaas trefte eg i eit herrelag ein desemberkveld for ti–tolv år sidan. Det er ein tradisjonsrik førjulsfest som starta opp etter krigen, og sidan har ei rekke menn frå media, kultur, politikk og samfunnsliv kome saman den andre torsdagen i desember for å ete juletallerken og drikke øl og akevitt. Eitt år dukka nynorskingane Sylfest Lomheim og Olav Vesaas opp. Eg visste jo kven begge var, og røysta til Olav hadde eg høyrt på radio. Eg hadde òg lese biografien han hadde skrive om mor si. Utpå kvelden kom vi i snakk, og praten gjekk lett, for slik er det med somme, ein får straks ein god tone, ein har kjemi, som det heiter. Eg treffer han berre denne eine gongen i året, i dette herrelaget, og då snakkar vi alltid saman. Kvar gong inviterer han meg heim til Midtbø. Men eg har aldri hatt tid til å stanse, eg har rasa forbi.

Eg tastar inn nummeret. Ingen svarar. Tungsinn. Eg har fått e-post frå ekspedisjonslegen Konrad Ofte. Han skriv at eg vel no er på Haukelifjell. Eg svarar surt at no går han for fort fram, «eg er i Åmot!». Eg ryddar meg ut av hytta, og når eg er ferdig pakka, ser eg at eg har fått ny e-post frå Konrad Ofte. Han forstår at han har overvurdert både gangtempo og skrittlengde og legg til at innan geriatrien reknar dei det som kritisk når gangfarta blir langsamare enn åtti centimeter i sekundet, «men tross alt ligger du fortsatt langt bedre an enn det». Åtti centimeter i sekundet? Er ikkje det bra fort? Han har lagt ved ein powerpointpresentasjon om aldring. Eg blar gjennom.

Telefonen ringer, det er Olav Vesaas! Eg fortel at eg går frå Oslo til Odda, og at eg no er i Åmot, og om han tilfeldigvis er på Midtbø, og det passar, vil eg gjerne kome innom? Han er heime, seier han, og eg er velkomen. Vi pratar kort saman, og i det eg skal legge på, siterer han Herbjørn Sørebø: «Alle reiser er ein omveg heim.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement