JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Godt om korleis lærebøkene har forma oppfatninga av Noreg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5708
20170825
5708
20170825

HISTORIE

Dagrun Skjelbred, Norunn Askeland, Eva Maagerø og Bente Aamotsbakken:

Norsk lærebok-
historie.
Almueskolen–
folkeskolen–
grunnskolen
1739–2013.

Universitetsforlaget

Soga om norsk skriftkultur tek gradvis til å verte betre kartlagd, sjølv om der enno finst kvite flekkar på det skriftkulturelle noregskartet. Norsk lærebokhistorie er eit stort steg framover i forståinga av korleis tekstar har forma, ja, endra og skapt norsk kultur og sjølvmedvit. Forteljinga vi plar fortelje kvarandre ved høgtidsame høve, om fredeleg framgang og kappestrid, vokster og omforming frå fattigdom til velstand, jamstelling og likeverd – ho har vi frå lærebøkene, i det store og det heile.

Danske skular

Det starta i grunnen straks med at kong Christian forordna «Danske skoler overalt i vort Rige Norge», der alle, også dei fattigaste borna, skulle få undervisning. Forfattarane av lærebokhistoria peikar på pietismen og krava til kristendomskunne, og det er jo rett. Men det kunne òg vore nemnt at opplysningsbispen Erik Pontoppidan (1698–1764) nok, som så mange pietistar, var sterkt påverka av tankane til den tsjekkiske bispen Johann Amos Comenius (1592–1670), som meinte at sidan all sanning var av Gud, måtte alle få tilgang til sann kunnskap, ikkje berre den reint kristne sanninga. Comenius var såleis den fyrste som laga illustrerte bøker for born.

Kapittel 7, mot slutten av boka, tek for seg lærebøkene i praktiske og estetiske fag, og her er det mangt attkjennande for dei som gjekk på barneskulen i 1960-åra, til dømes, med formskrift og strev for ikkje å lage blekklattar i innføringsboka. Men avgrensinga til allmugeskule, folkeskule og grunnskule gjer at nokså mange sider ved yrkesfagleg estetikk og teknikk ikkje kan kome med, frå det utdanningssystemet som voks fram i rykk og napp frå 1700-talet av. Dei kvite flekkane i landskapet kan ein jo erobre seinare, anten frå dette aktive miljøet ved Høgskolen i Sørøst-Norge eller andre.

Imponerande grundig

Når så det er sagt, er gjennomgangen til og med grunnskulen imponerande grundig. Vi får verkeleg innsyn både i store liner og i detaljar i måten den store norske grunnforteljinga, soga om aktørar og gjerningar og hendingar som har bygd landet vårt, har forma seg. Det er jo ikkje tvil om at mangt av det historiebøkene har halde på med, til dels har bygd ein myte om Noreg på basis av stoff som vart henta fram i rammene av ei nasjonsbygging.

Historiebøkene har popularisert sagaforteljingane som grunnlag for soga om samlinga av riket, og kom slik noko i vegen for ei meir analytisk forståing av korleis staten var bygd opp – dei dramatiserande forteljingane om framståande personlegdomar som har endra soga, har nok såleis trengd til sides det jamne arbeidet lokalbefolkninga gjorde på tinget og i andre fredelege samhandlingar, så vel som andre sider ved sosialhistoria.

Kritikken av denne typen mytologiserande historieskriving kom sterkt fram frå 1970-talet av, og er i dag utøvd ved fleire historiske institutt gjennom emnet «historiebruk». Litt undra det meg at desse diskusjonane ikkje reflekterer seg meir. (Dei er likevel nemnt, til dømes på s. 291ff.)

For meg har det vore ein kjepphest i ca. 30 år å peike på at Nordahl Rolfsen skaper ein norsk kultur ved massivt innlån av utanlandske tekstar, samstundes som han er akutt samtidig i tilnærminga og i bruken av norske tekstar. Forfattarane får her fram svært godt korleis lokkinga av fantasien og framføringa av realkunnskap om landet går hand i hand, der både undring og ynske om praktisk dåd hjå ungdommen får rom.

Overfor konkurrentar, som Andreas Austlids lesebøker, som helst understrekar skilja mellom folk og landsdelar, vinn den rolfsenske bygnaden av eitt samla rike med éin sams vilje fram. Byfolk og bønder, alle delar av landet, nye og gamle innbyggjar, Noreg og omverda – over alle dei år bøkene var i bruk og jamt reviderte, vart det bygt eit bilete av norsk kultur som langt på veg lever enno.

Kunnskapsutvikling

Jamvel dei omfattande reformene som Gudmund Hernes stod for i 1990-åra, R-94 og L-97, tok feste i tradisjonen frå Nordahl Rolfsen. Thorbjørn Egner var jo framleis friskt i minne, han hadde gjort det rolfsenske prosjektet meir sosialdemokratisk. Frå debattane i USA henta Hernes påverknader frå det som då tok til å verte kalla «kulturell skriftkunne» (cultural literacy). Det handla om å finne sams nasjonale referansepunkt der alle, ung og gammal, lærd og ulærd, høg og låg skulle kunne ha noko dei kjende att og oppfatta som felles.

Heilt ferske undersøkingar viser at denne oppfatninga slo så sterkt inn, trass i mykje kritikk frå mange hald, at forlaga framleis brukar dette utgangspunktet når dei produserer lesebøker. Somme, også eg, har meint at vi no, 20 år seinare, kan sjå at dette har sett grenser for fornying, og at det kan ha skapt ei form for «substratkultur» – ei oppfatning av kva som er middelsnitts norsk. Dette er då eit emne som kan takast grundigare opp, og som denne boka set i relieff.

I mellomtida kan vi verkeleg gle oss over det rike materialet som her vert lagt fram: om reknebøker og diskusjonane om det praktiske, om naturfag og geografi, om matstell og kroppsøving, ja, om alle emne i grunnutdanninga.

Boka er ein biografi over kunnskapsutviklinga til landet vårt, og eit mektig tilskot til å skjøne sambandet mellom realhistorie, lærdomshistorie og myteforming.

Bjørn Kvalsvik
Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Forteljinga vi plar fortelje kvarandre om fredeleg framgang og kappestrid, vokster og omforming frå fattigdom til velstand – ho har vi frå lærebøkene.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis