Gladiatorane vil heim

Spelarane lid, men publikum heime i stova er godt nøgde med underhaldinga frå kandidatturneringa i Jekaterinburg.

Jan Nepomnjasjtsjij hostar i og helsar med olbogen på rivalen Kirill Aleksejenko.
Jan Nepomnjasjtsjij hostar i og helsar med olbogen på rivalen Kirill Aleksejenko.
Publisert

Eg er langt frå viss på om den niande runden (av 14) vert spela, når avisa kjem ut denne fredagen, men eg elskar spelet til Jan «Nepo» Nepomnjasjtsjij når han som svart tvingar Anish Giri til å gje opp i denne stillinga:

Giri–Nepomnjasjtsjij 1. runde, 0–1. Kvit kan slå dronninga med tårnet, men svart slår attende med bonden, som vert ny dronning (om kvit freistar stogga bonden med kongen, set svart kongen på feltet c2).

Det har vore mange slike glimt av sjakklukke den siste veka. Millionar av menneske sit i desse dagar heime i stova og spelar sjakk mot kvarandre på internett med høgrehanda over musa (auken på nettplattformene er markant, om lag 50 prosent). Med det venstre auget fylgjer ein samstundes kandidatturneringa i eit separat vindauge på dataskjermen. Slik er «multitasking» for ein moderne sjakkspelar: ein spelar sjølv og ser andre spela.

Kandidatane

Kven skal utfordra Magnus Carlsen i VM-kampen i klassisk sjakk i Dubai mot slutten av året? I moderne sjakk, etter den andre verdskrigen, har kandidatturneringa vore høgdepunktet i turneringskalenderen. Slik er det i år òg. Men det nye er at denne vesle sjakkturneringa ikkje konkurrerer om merksemd med andre sports- eller kulturarrangement. Kalenderen er heilt tom. I koronatider er det endeleg sjakken som triumferer, tenkjer verdssjakkforbundet FIDE. Om berre spelarane kunne halda kjeft …

Lat oss byrja med ein som faktisk held munn: Det franske reknemonsteret Maxime Vachier-Lagrave («MVL» i sjakkmiljøet), ein tidlegare matematikkstudent, var eigenleg ikkje kvalifisert som ein av dei åtte utvalde. Men etter andre kriterium, som til dømes rating og fartstid i verdseliten, er han ein opplagd «kandidat». Då aserbajdsjanaren Tejmur Radzjabov trekte seg før turneringa i koronaprotest, kunne ikkje reserven frå Paris koma seg fort nok til Russland. Franskmannen ligg på 2. plass etter seks rundar og syter ikkje.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement