Reportasje

Fertilitetsfest

CHICHIBU: Japansk arbeidsliv finn førebels løysingar på fallande folketal, men den tradisjonsrike fertilitetskultusen i landet står i kontrast til dei låge fødselstala.

Den landskjende skodespelaren, regissøren og fjernsynskomikaren Taihei Hayashiya kjem frå Chichibu og dreg kvart år heim for å ta del i paraden. Han soknar til Kamimachi-vogna, som eg følgde gjennom gatene.
Den landskjende skodespelaren, regissøren og fjernsynskomikaren Taihei Hayashiya kjem frå Chichibu og dreg kvart år heim for å ta del i paraden. Han soknar til Kamimachi-vogna, som eg følgde gjennom gatene.
Publisert Sist oppdatert

Eg er så oppkava at eg mistar kjensla av tid og stad i folkehavet som bylgjer gjennom dei tronge gatene i småbyen Chichibu, der meir enn ein kvart million menneske har kome for å ta del i den årlege vognparaden, Unesco-verna og ein av dei tre største i landet. Men eg ser på den låge sola og dei lange skuggane at det er mange timar sidan eg gjekk av toget på Chichibu stasjon og vart kledd i hovudband og happi, ei tradisjonell bomulls­kappe, og ført til shinto-tempelet for å be, med andletet vendt mot Boku-fjellet og Nordstjerna over. Etter morgonseremonien har det meste vore kaos.

Vognparade? Heilagdomane i somme japanske byar er paradevognene. Dei går langt attende i folketrua, somme av dei er 300 år gamle, som paraden, og var opphavleg heilt enkelt bygde vogner som med tida har vorte meir og meir ornamenterte og forseggjorde.

Tomoko

På den to timar lange togferda frå Tokyo til Chichibu prata eg med Tomoko. Ho har i 25 år vore tilsett som programmerar i NTT Security, tryggleiksavdelinga i Nippon Telegraph and Telephone, Japans største telefoniverksemd. Nippon tyder Japan. Verksemda var statleg, men er no privat.

Me prata om den demografiske utfordringa og dei låge fødselstala i landet. Sist i 1990-åra, då Tomoko hadde vore fem år i NTT, gifta ho seg. I dag har ho og ektemannen to born i tenåra. Ho fortel:

– Den gongen var det forventa at ein slutta i jobben når ein gifta seg. Men eg ynskte å halda fram og spurde firmaet, og dei svarte at det var greitt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement