Historie
Fekk så hatten passa
Å ete hattar og andre hovudplagg er gamalt nytt. Men det klikkar bra.
Karl II av England, «Old Rowley», utan hatt på hingsten Blew Capp.
Måla av Peter Lely i 1676
Hadde det ikkje vore for ein forfengeleg og kåt engelsk konge, ville vi ikkje fått den store kulturdebatten denne veka. Nei, då ville vi korkje ete hattar, slips eller panneband.
Det begynte alt i midten av januar, då ein overtent og styrlaus musikkmeldar i Dagbladet lova å ete pannebandet til artisten Tix dersom songen hans «Ut av mørket» vann Melodi Grand Prix.
Alle bør no ha fått med seg – Tix vann. Så var spørsmålet: Ville Dagbladets Anders Grønneberg stå ved sine ord, skulle han verkeleg ete dette pannebandet?
Sjølvsagt skulle han det, for her var det mange som såg eit kommersielt potensial.
Sjølvaste rikskringkastaren rydda plass i Debatten til Fredrik Solvang. For eit kupp for Solvang, for NRK, ja, for alle dei involverte. Heile tysdagen før sending køyrde NRK.no ein teaser på framsida om kva som skulle skje i Debatten denne kvelden.
Dei veit å trykke på dei rette mentale knappane, for dette ville eg sjå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.