JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Galskapen i hardingfela

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6317
20210514
6317
20210514

Kva er det med hardingfela? Rett som det er, høyrer eg på Folkemusikktimen på NRK P2, og det er som regel Leiv Solberg som er programleiar. Sist eg høyrde på Folkemusikktimen, var det felespel frå Store studio med spelemannen Torgeir Straand frå Bø. Han spela blant anna ein slått av Øystein Langedrag; det var han som lærte Myllarguten å spele, står det i Store norske leksikon.

Torgeir Straand spela ein slått som heiter «Langedrag 3», og da tenkjer eg på kva det er med hardingfela, og kva slags musikk som kjem ut av dette underlege instrumentet.

For mange år sidan var eg timelærar på forfattarstudiet i Bø, det som den gongen var høgskulen i Bø, og ein av teorilærarane på forfattarstudiet hadde ein son som spela hardingfele. Han inviterte meg og ein annan timelærar heim til seg, og der fekk vi høyre «Fanitullen». Det var i stova, og det kunne ikkje ha vore eit betre lokale. Alle dei fem understrengene var tydelege under spelet, og sonen spela godt og trampa fint takten, for denne skotakten eller skoslaga er eit viktig tilslag til hardingfela; det er som eit ekko frå det underjordiske, sidan det verkar som at det underjordiske lyttar med eit øyre til hardingfela.

Eg blei heilt rørt av denne utgåva av «Fanitullen», og ljoden var kraftig, og det summa frå fela som frå ein foss, og eg begynte nesten å lytte etter fossekallen, eller ein annan kall som er fanitullen, og det djerve bogespelet, song høgt og flott, og eg kunne ikkje fri meg frå å tenkje på kor mykje ljod det er i ei hardingfele.

Under Torgeir Straands felespel av slåtten «Langedrag 3» høyrde eg nøye etter for å finne ut, berre på øyret, kva det var for noko med denne musikken. Hardingfelemusikk er svært komplisert, og eg prøvde å følgje godt med for ikkje å falle av, og ikkje bli borte i eit drag; også skotakten var flott, og den underbygde, den spisse tonen frå dei dirrande understrengane på fela; også her summa det bra, ikkje foss denne gongen, men som eit kraftverk, og det var livsfarlege høgspentmaster det suste frå.

Og det å lytte etter ein slått eller ein gangar er ikkje lett, og ein må vere på hogget, ettersom «Langedrag 3» er vanskeleg å følgje, så må eg ikkje dagdrøyme meg bort, som eg så lett gjer; som å tenkje på fjell, store og mørke fjellholer; av ein eller annan grunn så er det mykje fjell i hardingfelemusikken, og eg veit ikkje om det er alle forteljingane om huldra og om nøkken som gjev meg desse tankane.

Det er mykje galskap i hardingfela, og det knudrete ornamentet er som ein hard base av ein dans som ikkje gjev seg, og det er ikkje ein tango for to.

Og så tenkjer eg på instrumentet og halsen til fela eller der fingrane treffer strengene; og så tenkjer eg på sjølve ornamentet under strengene og på den fine krona ofte med eit demonhovud, så det er mykje mystikk rundt ei hardingfele; ikkje berre lyden, til og med fela minner om noko frå dei underjordiske som er full av assosiasjonar som peikar mot folkeleg mytar om trollskap.

Og dei ornamenta som er i strengehalsen, blir gjentekne av musikken for han er ofte eit spel som ikkje følgjer ein roleg akkord eller store flater av harmoniar, for å seie det litt krøkkete; han er snirklete og vanskeleg å følgje, på mange måtar er det eit modernistisk preg over hardingfelemusikken.

Men det vakraste med denne tradisjonsmusikken er nettopp at det byggjer på eit langt og gamalt førelegg, og når Torgeir Straand spelar «Langedrag 3», så er jo det etter ein spelemann som levde på 1700-talet, og det er ein fin tradisjon som gjer Noreg rik på folkemusikk.

Mens eg lytta eller prøvde å lytta, så tenkte eg på at det er dei enkelte strengene som blir eller er hardingfeleljoden, og den flotte samanblandinga av djupe tonar og av ljose, er jo det som stig fram frå fingrane og bogen til spelemannen; dette meiner eg også å høyre om det er ein gangar eller ein slått, for Torgeir Straand spela også ein gangar som heiter «Skuldalsbruri», og det er den same måten å spele på strengene og den same skotakten.

Eg veit jo at ein gangar går i 6/8- eller 2/4-takt, mens ein slått er å slå på strengene slik ein slår på munnharpa, langeleik eller harpe, men det tek ikkje bort at det nokre gonger er ein og ein streng, og mange gonger fleire på ein gong for slik og få den rike klangen, og å halde på eit snirklete ornament, liksom dei held noko tilbake, og ikkje ville sleppe laus heile galskapen, men slepp han laus i små bitar om gongen.

Og så ville eg lytte etter alle dei ulike måtane bogen blir brukt på, for å få den summande tonen, og så tenkjer eg på dei fem understrengene som summar med i dette kraftverket, og mange av desse slåttane er laga av spelemenn eg ikkje kjenner, for om eg hugsar rett frå intervju med Straand i P2, så er ikkje «Langedrag 3» komponert berre av Øystein Langedrag, men det er fleire, som ein type samdrift, slik som hans son Leiv Sandsdalen, for ikkje å gløyme Torkjell Haugerud, med fleire, men her er eg litt usikker, så dei som kan dette, må tilgje meg; det er jo ein fin tradisjon at folkemusikken brukar namn etter andre spelemenn og deira måte å komponere hardingfelemusikken på.

Det blir ein fin samtale mellom spelemenn når Torgeir Straand fortel om «Langedrag 3» til Leiv Solberg, og at det er ein slått i tradisjon etter Langedrag, og berre måten ein spelemann fortel om kva han eller ho skal spele på, fører med eg mange forteljingar, og dei refererer til andre spelemenn. Då eg gjesta stova til kollegaen i Bø og høyrde sonen i huset fortelje om «Fanitullen» og om det å spele hardingfele, var det som å høyre Myllarguten all den stund spelemenn veit at dei er i ein tradisjon, og dei går jo også i lære, hos andre spelemenn, og slik held dei på ein annan og flott tradisjon ved å bli gode handverkarar.

Det har mange gonger slått meg at forskjellen på skulpturen av spelemannen Haugerud på Bø stasjon og skulpturen på Nordagutu stasjon av Myllarguten er om forskjellen på mytane om ulike spelemenn, eller sagt på ein annan måte: kven er mest mystisk av Myllarguten på Nordagutu og spelemannen på Bø stasjon, som ser ut som ein funksjonær frå Sparebank 1 i Telemark? Den eine ser ut som om han kjem direkte får mytane om spelemenn, men den andre kjem får vår eiga og meir prosaiske tid.

Ole Robert Sunde

Ole Robert Sunde er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis