Essay

¿ Den store kvinnejakta

Tiltala mot Mykle om brot på «utuktsparagrafen» overraska dei fleste, for få hadde tru på at ein roman kunne bli stansa av rettsvesenet.

Frå venstre er Gunnar Garbo, Agnar Mykle og Tarjei Vesaas.
Frå venstre er Gunnar Garbo, Agnar Mykle og Tarjei Vesaas.
Publisert

Lytt til artikkelen:

I kvitboka Saken om den røde rubin skriv Annæus Schjødt at det var mykje spekulasjon i pressa om at «riksadvokaten har en trumf i bakhånd», nemleg om siktinga blei utvida til å gjelde «krenkelse av privatlivets fred» gjennom Mykles bruk av levande modellar for romanpersonane i Rubinen.

På dette viset førte utuktstiltala til at interessa for modellane for romanpersonane til Mykle voks i styrke. I mars 1957 sende Verdens Gang ein medarbeidar til Bergen, og i ein reportasje med tittelen «Mykle-psykose mellom de syv fjell», var det snakk om «hard påkjenning for mange mennesker som utpekes som ’modeller’». Det var vel å merke ikkje Mykle som hadde utpeikt nokon, men bysladderen, og avisa hjelpte til.

VG på modelljakt

Reportasjen var slått opp på fyrstesida og innleidde med å rope ut Rubinen som «nøkkelroman». Men journalisten hadde merka seg at «mens en østpå er mest opptatt av de ’vågede’ skildringer, legger en vestpå ytterst liten vekt på den siden hos den omstridte forfatteren». Bergensarane var rett nok intenst opptekne av kven av bybarna deira som hadde stått modell for kva for ein romanperson i Rubinen. Men dei var ikkje spesielt interesserte i Ask Burlefots fire elskarinner:

«– Hvem kan nå det være? Å jo, det må være ham. Eller... Og så strømmer ryktene ut fra kaffeslaberas og kafébord. Stadig er nye folk i skuddlinjen. (...) Jeg har vært i forbindelse med et par av de rammede, og reaksjonen kan sammenfattes i et par ord. De resonnerer stort sett slik: – Vi var sammen med Mykle som venner. Og så opplever vi plutselig mange år etter, at han ikke bare har blottlagt oss fullstendig, men òg trukket frem våre nærmeste. Og med et par raske strøk er de blitt malt svart.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement