Teknologi
Elektron på frifot
Tesla Roadster-en til Elon Musk med jorda i bakgrunnen og mannekengen «Starman» i SpaceX-romdrakt bak rattet.Tesla Roadster-en til Elon Musk med jorda i bakgrunnen og mannekengen «Starman» i SpaceX-romdrakt bak rattet.
Foto via Wikimedia CommonsFoto via Wikimedia Commons
Eg elskar statistikkar. No er det IEA Key world energy statistics 2020 som får gjennomgå. Ved hjelp av Excel har eg funne ut at medan bruk av fossile brennstoff stig jamt og trutt, aukar bruken av elektrisk energi mykje meir. Faktisk auka han dobbelt så mykje i perioden 1973–2018. Kvifor?
Store tenkjarar som Nietzsche, Beethoven og Einstein gjekk tur for å verta inspirerte. Eg tek på meg dei trådlause hovudtelefonane, set på Spotify og ruslar til Bunnpris. Midt i musikken ringjer telefonen. Det er mor mi. Eg byrjar å le. «Kvifor ler du, Per?» «Av di du gav meg svaret på det eg går og grunnar på. Takk mor.»
Årsaka til den auka bruken av elektrisk energi er at brukarane har fjerna seg meir og meir frå straumnettet. Straumnettet kan no nærast samanliknast med telenettet. I kjernen har me eit fast nett i form av kraftverk og fordelingsnett. I telenettet har me mobilbasar for å nå sluttkundane, medan batteriladarar gjer same nytta i straumnettet. Batteriet har gjort det mogleg å bruka elektrisk energi overalt heile tida. Til og med ferja over Sognefjorden har kutta straumkabelen. Ikkje rart at forbruket, til liks med rekninga, stig.
Denne revolusjonen i menneskeleg åtferd kjem eine og åleine av den moderne teknologiske utviklinga av batteriet. Det vert snakka mykje om innovasjon, men ofte har me ein tendens til å oversjå dei mest iaugefallande. Det er på tide å kika nærare på batteriet.
Batteriet er nærast fråverande i læreplanane til skulane, men heldigvis har eg fysikkboka mi frå gymnaset. Ho er fylt til randa med basalkunnskap.
Lat oss starta med kontaktspenning. Når to metall kjem tett på kvarandre, vil det metallet som lettast gjev frå seg elektron, gje elektron til det andre metallet, og det vert ein spenningsskilnad mellom dei. Skilnaden mellom aluminium og sylv som me nytta for å reingjera sylv, er -2,46 volt. Er det mogleg å få større spenningsskilnad? Det er berre å sjå på spenningsrekka. Lengst nede tronar det reaktive metallet litium med -3,05 volt relativt til hydrogen. Ikkje rart at dei mest populære batteria i dag er litium-ion.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.