Reportasje

Eitkvart er rote i det danske riket

Det var Erik av Pommern som lærte danskane å leve godt av annan manns sveitte.

«Mit Haab staar til Havet», står det på sokkelen til den eirgrøne statua av Erik av Pommern. Han innførte Øresundstollen for å beskytte sjøfarande mot piratar, men var sjølv sjørøvar på Gotland. Det er ei anna soge.
«Mit Haab staar til Havet», står det på sokkelen til den eirgrøne statua av Erik av Pommern. Han innførte Øresundstollen for å beskytte sjøfarande mot piratar, men var sjølv sjørøvar på Gotland. Det er ei anna soge.
Publisert Sist oppdatert

Mor mi har ei brevveninne i Danmark. Dei byrja å skrive til kvarandre tidleg på 50-talet. Med ujamne mellomrom ligg det brev frå Lotte i postkassen heime, og dette brevet gneg mor nokre dagar. Eg anar ikkje kva dei har å fortelje kvarandre etter 70 år, og det er nok derfor mor treng desse tenkedagane, men noko finn ho alltid på, og så set ho seg til med pennen for å svare: «Kjære Lotte».

Dei utvekslar julegåver òg. Ein gong fekk mor ein brodert klokkestreng med teksten: «Træd min gæst i stuen ind, her er ly for regn og vind». Han hang i gangen, hugsar eg. Men som regel får mor eit smykke av rav eller skjel, eller ein florlett tunika eller ein duk, og dei brevstore, mjuke gåvene er alltid pakka inn i silkepapir. Før mor pakkar opp på julaftan, legg ho alltid gåva mot nasen, og kvar gong seier ho det same: «Det luktar Danmark. Kjenn!»

Ho sender pakka rundt, slik at vi alle kan kjenne lukta av Danmark, og vi kjenner det, alle saman. Danmark luktar mugg.

Eg kjenner att lukta på rom 210 på Hotel Hamlet i Helsingør. Ei slik innestengd, muggen sjøluft. Eg har morgna meg sidan klokka seks, og høyrt byen vakne til liv, fyrst kvitter og song frå svaler og sporv, vengeslaga frå kurrande duer. Sidan dura kostemaskiner gjennom dei tronge brusteinslagde gatene, og så skramlinga frå søppelbilen.

Klokka sju slår eg på det vesle fjernsynet som heng høgt på veggen. Det skal vere debatt i Folketinget om genåpning, fortel dei på TV 2, for etter månader med koronarestriksjonar skal Danmark endeleg opne att, men kor langt vågar politikarane å gå? Det er særskilt to saker som engasjerer, og den eine er det mislikte munnbindet. Den andre er opningstidene på restaurantar og barar.

Overraskande mykje av sendetida blir nytta til å snakke om ein komande fotballkamp. Er det ikkje typisk? Fotball får altfor mykje merksemd. Kor mange tilskodarar slepp inn på fotballstadionet Parken i København til helga? Kven bryr seg? Sjølv er eg meir oppteken av vêret. Ein høgtrykksrygg skapar sol og turrvêr over heile øyriket, men det blir frisk bris frå vest, og den vil eg få midt imot.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement