JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Dylan-plater som romsterer i hovudet

Ingen annan artist i vår tid har hatt så mykje å seia for så mange over så lang tid som Bob Dylan. Det reknar eg som eit faktum. Men kva har han tydd? Kva slags tyding har han hatt for så mange over så lang tid? Kva slags verknad har denne kompro­­miss­­­lause og merkelege kunstnaren hatt på oss?

Ein måte å finna ut det på er å sjå på kva vi vel å kalla han, kva slags titlar han er blitt tildelt. Medan andre popartistar får harmlause merkelappar som «stjerne» eller «legende», må Dylan finna seg i vanskelegare titlar som «profet», «messias» og «frelsar». Dylan har frå starten av blitt sett på som noko anna enn ein vanleg artist – og det er han òg.

«Har du eit kall eller ein misjon», spurde magasinet Playboy i mars 1978, og Dylan svarte med eit sitat frå forfattaren Henry Miller: «The role of an artist is to inoculate the world with disillusionment.» Kunstnarens rolle er altså å stikka hol på livslygnene vi held oss med.

Platene til Bob Dylan har makt til å krypa inn i hovudet vårt og romstera rundt sånn at vi ser på oss sjølve og verda på ein annan måte. I løpet av 39 studioalbum har han lukkast ofte med oppdraget sitt, men ikkje alltid.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
15379
20210521
15379
20210521

1. Bob Dylan (1962)

Debutplata til Bob Dylan, som inneheld berre to sjølvkomponerte songar, selde mindre enn 5000 eksemplar det første året – altfor lite for eit stort plateselskap som Columbia. Fleire ville droppa den unge artisten, men veteranen Johnny Cash, som var på same selskap, meinte han burde få ein sjanse til, og det fekk han. Den viktigaste songen på albumet er «Song to Woody», ei hyllest til Dylans store helt, Woody Guthrie.

2. The Freewheelin’ Bob Dylan (1963)

På andre forsøk slår låtskrivaren til med «Blowin’ In The Wind», som blei ein klassikar på ein augneblink, men heile fem av songane på plata høyrer til blant Dylans beste. Mest imponerande er den apokalyptiske visjonen «A Hard Rain’s A-Gonna Fall», som tek songpoesien til eit heilt nytt nivå. Patti Smith framførte nettopp denne songen då Dylan fekk Nobelprisen i litteratur i 2016.

3. The Times They Are A-Changin’ (1964)

Ei politisk plate som gjorde Dylan til ein profet for borgarrettsrørsla i USA. Med protestsongar som «Times They Are A-Changin’» og «With God On Our Side» såg mange for seg at dei skulle vinna kampen for eit anna USA med Dylan som leiestjerne. Men Dylan var ikkje interessert i nokon profetstatus. Den siste songen på plata, «Restless Farwell», peikar mot ei ny retning for den rastlause kunstnaren.

4. Another Side Of Bob Dylan (1964)

Medan mange andre låtskrivarar starta med å kopiera Dylans peikefingersongar, gjekk han sjølv i ei anna retning – meir poetisk og meir kompleks, men mange oppfatta dette som mindre politisk, meir privat. Dei såg ikkje at songen «Chimes Of Freedom» er ein politisk song om frigjering. Albumet sluttar med ein avskilssong til ein kjærast, men også til ei rørsle som hadde blitt for dogmatisk. «De leitar etter ein som vil forsvara dykk uansett, men det er ikkje meg, baby.»

5. Bringing It All Back Home (1965)

Dette er det første albumet i ein trilogi som kjem til å verta ståande lenge i musikkhistoria. Her sjokkerer Dylan med å gå elektrisk i songar som «Subterranean Homesick Blues» og «Maggie’s Farm», og med det blei han automatisk ein forrædar for tradisjonalistane. Men dei sterkaste songane her held fram med å vera akustiske, blant dei den lysande: «It’s All right, Ma (I’m Only Bleeding)».

6. Highway 61 Revisited (1965)

Berre fem månader etter det førre albumet sleppte Dylan ei plate som opnar med hans kanskje største hit, «Like A Rolling Stone», songen som endra livet til Bruce Springsteen og mange andre: «How does it feel to be on your own, like a rolling stone!» Eit strålande album som også inneheld songen «Desolation Row».

7. Blonde On Blonde (1966)

Det er noko med tekstane, det er noko med lydbiletet på dette rockens første dobbeltalbum som ikkje berre treffer tidsånda, det skapar tidsånda. Dylan provar at stor kunst kan koma ut av ein jukebox, ifylgje poeten Allen Ginsberg. Blant dei beste songane er «Visions of Johanna», medan heile den siste sida LP-sida inneheld ein drygt ti minutt lang surrealistisk song tileigna «Sad Eyed Lady of the Lowlands».

8. John Wesley Harding (1967)

To månader etter Blonde on Blonde vert Dylan påstått alvorleg skadd i ei motorsykkelulykke. På plata John Wesley Harding kjem han tilbake som eit anna menneske, meir ettertenksam, alvorleg. Dylan har sjølv kalla denne plata for den første bibelske rockeplata, og ho inneheld også eit utal bibelreferansar. Den viktigaste songen er «All Along The Watchtower», som tek utgangspunkt i Dylans favorittprofet, Jesaja.

9. Nashville Skyline (1969)

Bob Dylan ynskjer alltid å utfordra alle forsamlingar. Her provoserer han rockefansen med å gje ut eit countryalbum, den slags musikk som blei oppfatta som konservativ og heilt utan verdi for dei progressive. Om vi skal læra noko av Dylan, så er det dette: at vi må protestera mot alle rørsler som vil gjera oss mindre og meir konforme. «Lay Lady Lay» blei den største hiten frå denne plata.

10. Self Portrait (1970)

Dylan byrjar å bli lei av fansen som prøver å minska rommet hans for handling og kreativitet. Her gjev han ut eit dobbeltalbum med mykje merkeleg, berre for å bli kvitt den slitsame fansen. Det opnar med ein song der Dylan ikkje syng i det heile. Greil Marcus melde plata under tittelen «What Is This Shit?».

11. New Morning (1970)

Denne plata høyrer ikkje til blant Dylans beste, men ho er sympatisk og avslappa, landleg og upretensiøs, prega av Dylans forsøk på å finna glede og takksemd i dei enkle tinga i livet. Plata sluttar med ei bøn til Gud, som peikar fram mot Dylans konvertering åtte år seinare.

12. Pat Garrett & Billy the Kid (1973)

Dette er lydsporet til filmen med same namn, Pat Garrett & Billy the Kid, der Kris Kristofferson spela hovudrolla, medan Dylan spela ei mindre rolle med det passande namnet Alias. Alias kven? Sjølv dette mindre albumet inneheld ein stor hit, «Knockin’ On Heavens Door».

13. Dylan (1973)

Dylan bryt med plateselskapet sitt, Columbia Records. Kort tid etter gjev Columbia ut denne plata med coverlåtar, nærast som ein hemn. Dylan blei rasande, men plata er fin, den, med mange vakre songar, nydeleg tolka av Dylan. «Mr. Bojangles» er min personlege favoritt.

14. Planet Waves (1974)

Dette er den einaste studioplata der Dylan spelar med det faste orkesteret gjennom mange år, The Band. Det er også hans einaste studioplate på Asylum Records. Albumet har ein særeigen sound, og det inneheld klassikaren «Forever Young» i to versjonar.

15. Blood On The Tracks (1975)

Ekteskapet til Dylan knakar i festa, men midtlivskrisa medverkar til eit av hans mest personlege album, med sterke songar som «Tangled Up In Blue», «Simple Twist of Fate» og «Shelter From the Storm». Lydbiletet er hovudsakleg akustisk, nært og varmt.

16. The Basement Tapes (1975)

Først nesten ti år etter Dylans opphald i Woodstock saman med The Band får verda høyra dei eksperimentelle opptaka. Det er uhøgtideleg, det er morosamt, det er alvorleg, det er kreativt. Eit godt døme er den underlege snakkesongen «Clothes Line Saga», men den mest kjende songen er «You Ain’t Goin’ Nowhere».

17. Desire (1976)

Etter suksessen med Blood On The Tracks går Dylan typisk nok vidare i ei anna retning. Han går inn i eit sjeldan låtskrivarsamarbeid med forfattaren Jaques Levy. Musikken er sterkt prega av fiolinen til Scarlet Rivera, som Dylan møter tilfeldig på gata, berande på ei fiolinkasse. Albumet inneheld stolpar som «Hurricane», «One More Cup of Coffee» og ei vakker kjærleikserklæring til kona Sara, som likevel ikkje kunne berga ekteskapet.

18. Street Legal (1978)

Bob Dylans første studioplate etter brotet med kona Sara. Det er også den siste plata før Dylan blir frelst, eller fødd på ny. Første songen fortel om eit vaktskifte, ein overgang til eit anna regime. Den beste songen er den gåtefulle, «Señor», ein tittel som kan referera både til «herre» og «Gud» i den spansktalande verda. Dylan sjølv hevda at dette var hans beste plate til no.

19. Slow Train Coming (1979)

Her er det ingen tvil om at noko har skjedd med Dylan. Alle songane har eksplisitte kristne tekstar. Musikken er meir velprodusert og tilgjengeleg enn me forventar av Dylan. Lydbiletet er prega av Mark Knopflers melodiøse gitar. Opningssongen, «Gotta Serve Somebody», gav Dylan hans fyrste Grammy-pris. Men mange fans slutta å fylgja Dylan då han blei kristen.

20. Saved (1980)

Denne plata gjorde ingenting for å mildna tilhøvet til fansen. Lydbiletet er hardt og lukka, tekstane er strenge og fordømmande. Omslaget syner hendene til fortvila menneske som strekkjer seg etter Jesu hand på dommens dag. Plateselskapet hata det, men Dylan insisterte. Albumet inneheld den vakre «In The Garden», som har ein særeigen melodi i Dylans låtkatalog.

21. Shot Of Love (1981)

Det kategoriske skiljet mellom det sakrale og det profane er i ferd med å falla saman. Her finn vi sekulære songar, som «Lenny Bruce», saman med refsande religiøse songar, som «Property of Jesus». Plata inneheld ein av Dylans sterkaste tekstar, og han er til og med religiøs, den mystisk orienterte «Every Grain Of Sand». Med dette albumet endar Dylans forkynnande trilogi.

22. Infidels (1983)

Borte er dei direkte, eindimensjonale tekstane. Forvirringa er tilbake igjen, så til dei grader at tekstane verkar ugjennomtrengjelege. Ikkje minst i opningssongen «Jokerman». Platetittelen Infidels tyder at vantru er eit viktig element på dette albumet. Fleire av songane kan tolkast som ei støtte til staten Israel. Den beste songen frå desse innspelingane kjem ikkje med på plata, «Blind Willie McTell».

23. Empire Burlesque (1985)

Teknologien på 1980-talet gjorde Dylan (og fleire andre artistar) framande i studio. Han hadde ikkje noko tilhøve til dei nye maskinene. Han mista sjølvtilliten og lét ein hiphop-produsent miksa ferdig plata. Plateselskapet gjorde eit desperat forsøk på å reetablere Dylan som kommersiell artist, utan hell. Plata skaffar Dylan ingen nye vener, og dei gamle blei stadig færre.

24. Knocked Out Loaded (1986)

Nedturen held fram på dette albumet. Aldri har Dylan arbeidd så mykje med lyden, aldri har resultatet blitt dårlegare. Før kunne han drysja meisterverk ut av ermet, no maktar han ikkje gjera det same kor hardt han prøver. Den beste songen på plata er den elleve minuttar lange, filmatiske «Brownsville Girl».

25. Down In The Groove (1988)

Her treffer Dylan definitivt botnen som låtskrivar. Han er ute av stand til å skapa noko av verdi. Songen «Silvio» blei ein gjengangar på Dylans konsertar, men han blir ikkje betre av den grunn.

26. Oh Mercy (1989)

1980-talet var eit uvanleg dårleg tiår for Bob Dylan, men heilt på tampen kjem han tilbake med ei viktig plate, godt hjelpt av produsenten Daniel Lanois. Med eitt er ikkje Dylan ein framand i studio lenger, Lanois veit kva han gjer. Og Dylan vert inspirert til å levera tekstar av ypparste klasse. Det er nesten eit mirakel.

27. Under The Red Sky (1990)

Dylan får hjelp av artistar som George Harrison, Elton John, David Crosby og Stevie Ray Vaughan på denne plata, som blei seld inn som eit meisterverk, men det er det verkeleg ikkje. Ingen av songane er minneverdige, bortsett frå kan henda «Born In Time».

28. Good As I Been To You (1992)

Den skapande åra til verdas fremste låtskrivar har tørka inn. Denne plata inneheld utelukkande andre sine songar, dei fleste tradisjonelle folk songar. Dylan akkompagnerer seg sjølv på gitar og tolkar låtane på ein personleg måte. Vendinga mot det reint akustiske, frigjorde Dylan frå studioteknologien.

29. World Gone Wrong (1993)

Dylan fylgjer opp med endå ei plate med gamle folksongar om ulukkeleg kjærleik, sjalusi og drap. Dylan skriv ein interessant tekst på omslaget om at verda er blitt galen, vi lever i den mørke tida, «the New Dark Ages». Med denne plata vinn Dylan ein Grammy-pris – og det er det ingen andre Dylan-plater som har makta til no.

30. Time Out Of Mind (1997)

Dette prosjektet startar med at Dylan les tekstane høgt for produsenten Daniel Lanois. Når han er ferdig, spør han: «Trur du vi har eit album?» Det seier noko om kor viktige tekstane er for nobelprisvinnaren. Plata er noko så sjeldan som eit rockealbum om det å eldast, det å døy: «It’s not dark yet, but it’s getting there.»

31. «Love & Theft» (2001)

Plata kjem ut den 11. september 2001, same dag som terroristane styrer flya inn i tvillingtårna, og plata har nærast profetiske tekstliner som: «Sky full of fire, pain pourin’ down» og «Coffins droppin’ in the street». Plata handlar om forretningar, politikk og krig, Dylans favorittema. Sanninga om dei grufulle og meiningslause krigane menneske står bak, er ein altomfattande lest alt han har skrive, er skore over, seier han sjølv i memoarane sine.

32. Modern Times (2006)

Ei nydeleg, velprodusert plate, fylt av mystisk-religiøse referansar, der Dylan syng betre enn nokon gong. Mykje av atmosfæren og referansane er inspirerte av den romerske diktaren Ovid. Fleire av dei vakre melodiane som på omslaget er kreditert Dylan, er i røynda gamle klassikarar skrivne av andre.

33. Together Through Life (2009)

Lydbiletet på denne plata har fått ei sørstatskjensle, med trekkspel som ein sentral ingrediens, medan stemninga er inspirert av dei gamle Chess- og Sun-platene. Dei fleste tekstane er skrivne i samarbeid med Grateful Deads tekstforfattar, Robert Hunter, utan at det gjer dei særleg minneverdige.

34. Christmas In The Heart (2009)

Mange meinte at Dylan måtte vera ironisk då han slutta seg til den lange rekkja av artistar som gjev ut juleplater, men det var han slett ikkje. Fansen som seier slikt, anar ikkje kva eg driv med, sa Dylan. Ein journalist lyfta fram at Dylan sluttar plata med eit «amen», som ein sann truande. Og Dylan svarar: «Vel, eg er ein sann truande.»

35. Tempest (2012)

Plata opnar med den sterke togsongen «Duquesne Whistle», ein apokalyptisk visjon om endetida, som ein finn mange av i katalogen til Dylan. Her er det ikkje eit sakte tog som kjem, det køyrer med vanvitig fart og blæs illevarslande i fløyta. Det er mange fleire songar her om rå makt og blodig vald. Nok ein gong Dylans favorittema.

36. Shadows In The Night (2015)

Om mange blei overraska over Dylans juleplate, blei endå fleire overraska over at Dylan gjev ut ei plate med sentimentale songar frå Frank Sinatras repertoar. Dette er under Dylans verde, meinte mange. I røynda leverer han sterke tolkingar av eviggrøne songar.

37. Fallen Angels (2016)

Dylan svarar på kritikken med å gje ut endå eit album med akkurat same type repertoar.

38. Triplicate (2017)

Og som om ikkje det var nok, her kjem det ei trippelplate med endå meir av det same. Det er så ein må flira av den trassige guten som framleis lever ein stad inne i den gamle kroppen til denne kunstnaren.

39. Rough And Rowdy Ways (2020)

Så brått, på det tidspunktet vi hadde slutta å venta på noko meisterleg nytt frå Bob Dylan, slepper han ei dobbelplate som er på høgd med det beste han har gjort, og det i sitt åttiande år. Opningssongen låner tittelen frå Walt Whitman, «I Contain Multitudes», eg inneheld eit mangfald, eg inneheld motsetningar, eg inneheld ei mengd saker og ting. Nettopp derfor har han vore i stand til å skapa uvanleg stor kunst gjennom eit langt livsløp.

Petter Fiskum Myhr

Petter Fiskum Myhr har skrive fleire bøker om Bob Dylan.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis