Høgtid i Drangedal
Den oransje høgtida er komen til Drangedal. Men me er redd skogen er tom for elg.
Alltid godt med bål og kaffi etter kalde timar på post.
Draumen om stuten
Journalist Webjørn S. Espeland har vore med på elgjakt i Straumeskauen sidan 1985, då han var seks år.
Jaktlaget hadde i 2018 tre ungdyr og ein stut på kvoten. Del 1

Elgjakt er ikkje for livsnytarar. Ute er det framleis mørkt, klokka kryp mot 07.30 og temperaturen har knapt krabba seg over null. Det er haust, hustrig og mange timar til sola kjem til å varme.
Inne i den presenningskledde lavvoen er oransje eld omkransa av oransje skyggeluer. 16 menn og to kvinner. Til saman nær 1000 år med jakterfaring. Det er ikkje til å stikke under stolsekk at elgjakt er litt gubbete. Men det blei jo også musikken til Bob Dylan kalla, så det er til å leve med.
Som vanleg kjem Oskar sist. Som ei klokke, alltid sju minutt for sein, alltid blid. Han er snikkar, skulelærar, senterpartist – og på sine eldre dagar også skogeigar. Ein tredel av jaktlaget er slekta hans, ein tredel er slekta mi, medan resten er av kategorien ymse.
Det blir rådslått over bålet. Onkel Gisle er jaktleiar, Oskar er nestleiar, og far min er ein av fleire seniorkonsulentar. Me unge under femti held kjeft. Vindretninga er nordaust. Det har blitt sett ferske spor inne i ei hei. For nokre dagar sida blei det sett ein elg på ei anna hei. Dessutan er det ei tredje hei der det ofte er elg i starten av jakta. Ei fjerde hei er det ein del år sidan me har forsøkt oss på. Me går for den første heia. Onkel Dag trekker fram 13 kort han stal frå hytta vår i 1980-åra, kortstokken ligg framleis over peisen utan spar, og me trekker postar. Eg trekker meg frå posting i morgonkulda, og stiller som drivar.
Religion
Me er i Drangedal – og her er elgjakt det nærmaste ein kjem religion. Elgjakt er for drangedølar det Øya-festivalen og Toscana-turar er for byfolk. Ferie og opplevingar i eitt. Hausthøgtida. Som med klementinar i jula og appelsinar i påska, er oransje også fargen i denne høgtida. Oransje bevernylon, oransje skyggeluer, oransje jaktdressar, oransje lauv og oransje jaktradioar. Det sprakar i dei sistnemnde nå, frå radiostemma til jaktleiar Gisle Espeland.
– Da er ytste post på plass. Drevet kan begynne, seier han, som var skøytekommentator i NRK da Koss tok tre OL-gull i Vikingskipet og knuste dei oransje hollendarane.
Me set i gang med drevet, sonen hans Stian, elgbikkja Siri og eg. I tillegg ein yngre slektning av oss som me ikkje har sett på fem–seks år. Me har småstore ting i vente. På andre sida av heia går to andre drivarar, og i ein hestesko rundt heia sit postane, forhåpentleg lydlaust. Det er nesten vindstille, godt postevêr. Kvota gir oss lov til å skyte tre ungdyr og ein stut.
Kommuneskiltet til Drangedal er to furukongler på grøn botn. Går du toppturar her, ser du berre éin ting: skog. Så lang auget rekk. Gran, furu, bjørk, osp, vintereik og sommareik, ask, or, barlind, hassel, rogn, lerk, eine, selje, nokre få linder og ei bøk i eit gardstun.
Der fjellet gir utsikt, vidsyn, tvisyn, horisont og perspektiv, gir skogen ro. Skogens ro er ikkje det same som stille. Det er aldri stille i skogen. Fuglesong, fiskevak og insektssurr. Kvitter, plask og summing. Augestikkarar som virrar og ekorn som smattar. Pip frå sporven, ko-ko frå gauken, dunk-dunk-dunk frå hakkespetten. Men om hausten er det rolegare i skogen; insekta har stort sett gitt seg for året, surringa er borte, det er også fiskevaka. No er det mest lydar frå velfødde bekkar, vinden som susar og ivrige småfuglar som kraslar på nyfalle lauv.
I skogen er verda langt unna. Der asfalten stoggar, kan ein kanskje seie at også sivilisasjonen stoggar.
Sputnik og Gråtopp
Drangedal har fostra Sputnik og Halvard Gråtopp, to symbol på motstanden mot bykultur og sentralisering (det nokon vil kalle sivilisasjon).
I 1438 drog Gråtopp med seg ein bondehær inn mot Oslo for å brenne ned byen i protest mot skattar og avgifter frå danskekongen. Dessverre kom dei berre til Hokksund, der Ola Bukk og Svarte Jens tok livet av drangedølen og sette hovudet hans på ein staur framfor Akershus festning. Ei form for anerkjenning det også, kanskje større enn den Sputnik nokon gong kjem til å få i hovudstaden.
Sputnik er Noregs folkelegaste fyr. Med slagordet «Eg bare spellær, eg» blei lastebilsjåføren på slutten av åttiåra den artisten som selde mest i Noreg. Alltid med sneipen i munnvika. Det blir sagt at Sputnik i 1990 selte fleire kassettar enn alle andre artistar i Noreg – til saman. Da Kåre Willoch ein gong spurde Sputnik kva han les, fekk han eit svar som forfjamsa: «Eg les berre Smørbukk». Da eg i sommar spurde på Reiseradioen kva han ser på TV, kom svaret like kontant: «Mot i brøstet». Så seint som i 2009 kom nokre lyriske høgdepunkt, i låta «Fuck deg»: «Er på turné, spiser bearnaise, fett det», «Dressing er godt, Bettan er flott» og «Hvem forklarer Giskes kulturelle monopol, til en publikummer drita full på metanol? Hvem liker rock og går på opera i Drangedal? Ikke Sputnik.».
Nåvel. I Drangedal likar me i alle fall jakt.
Gamle minne
Magasinet er på plass framfor avtrekkaren. Rifla over skuldra. Eg har finsk stål med austerriksk optikk. Sako 6,5x55 med Swarovski-kikkert. Ei lettvektarrifle. Liten rekyl og kanskje best på reinsjakt. Men med Norma Oryx, 10,1 grams ekspanderande blyspiss skal ho nok klare å felle ein 400 kilos elgokse også.
Eg går aleine, utan bikkje, på vestsida av Kjendalsfjellet. Her har eg aldri sett elg. Men det er triveleg å gå slik, sjølv om det ikkje akkurat er ope landskap. Eg banar meg gjennom tett granskog, gjennom lys og fargerik lauvskog og opp til min favoritt: furumoar med lyng, mose og god sikt. Gamle minne dukkar opp: ein trong passasje mellom to bergveggar der eg dilta etter far min i 80-åra. Ei bratt li der eg blei slept etter ei bikkje på starten av 90-åra. Eit gamalt hogstfelt som no er attgrodd. Gammalskog som no er blitt hogstfelt – ei todelt oppleving. Sikta er god, og sola varmar bak dei tynne skyene. Men det er eit herk å krysse greiner i hulter til bulter.
«Det finnes også dyr som kalles alces. Utseendemessig er de lik rådyr, men er større og uten gevir. De har bein uten ledd og sener, og legger seg ikke ned for å hvile. De kan heller ikke reise seg hvis de ved et uhell har falt overende. Trærne brukes som seng. De lener seg mot dem og hviler således. Når jegere har sett fotspor etter disse dyrene, graver de løs røttene på trær i området, eller hugger stammene halvveis over. Når dyret lener seg mot treet for å hvile, knekker treet, og dyret faller overende med det.»
Julius Cæsar i Gallerkrigene, bok VI. Cæsar var betre på felttog enn elgjakt.
Uleku
Skogens konge. Nemninga er lett å forstå. Elgen minner ikkje om Harald V eller Carl Gustaf av Sverige, og enda mindre om fråtsande franske kongar i kvite strømpebukser og rokokkoparykkar. Elgen er meir som ein vikingkonge, muskuløs og kraftfull, lite føreseieleg, alltid på farta. Den som har sett ein elgstut i fullt driv, gløymer det neppe.
I motsetning til mindre hjortedyr hoppar ikkje elgen av garde. Han flyt sjølvsikkert gjennom skogen, som ein nordisk kamel, eit skogsskip som pløyer seg gjennom alle kratt, same kor tett og uframkommeleg det er, over søkk og knausar, ned i dei mørkaste hol og renner og opp dei brattaste lier og kollar. Ingenting stoppar elgen. Bortsett frå bly.
I Noreg er elgen det viltet som gir oss mest utbytte, både i kilo og kroner, med nesten 5000 tonn kjøtt. Men det er ikkje sjølvsagt at elgen alltid kjem til å vere i norske skogar. Akkurat som det ikkje er sjølvsagt at me har ulv, gaupe, bjørn eller noko dyr i det heile tatt. På 1700-talet var skogens konge nesten utrydda både i Noreg og resten av Europa. Allereie i 1733 blei elgen her i landet totalfreda i elleve år, noko han igjen blei i 1784, samtidig som det blei utlova stadig høgare skotpremiar for rovdyr, særleg ulv og bjørn. Elg og ulv har aldri gått godt saman. Det er lite tal på felte elg i denne tida, men anslag seier godt under 200 i året (mot 31.000 i 2016). Samtidig blei det utbetalt skotpremie for mellom 200 og 300 ulvar kvart år. Da ulvestamma brått kollapsa i 1860, blei det sakte og sikkert fleire elgar. Sakte er eit nøkkelord her, for da Ingebret Holtan i 1884 skaut ein elg i Lardal i Vestfold, skjønte verken han eller jaktkameraten kva det var for ein skapning. Kameraten meinte dei burde halde tett om fangsten – i tilfelle det var straffbart og medførte bot å skyte eit slikt rart dyr. Dei kalla dyret uleku, ut frå teorien om at dyret var ei stor, ulande villku.
Etter krigen tok stammen seg opp tiår for tiår.
I 1980-åra førte barkebilleboogien til storstilt flathogst av gran, noko som gav oppsving for lauvtre – elgens føretrekte kost. Kombinert med snøfattige vintrar i 1990-åra gav det eventyrlege kvoter i skogen vår. Toppen blei nådd i 2003 med elleve dyr. Avskytinga var nok for hard, særleg på kyr. Dei siste åra har det vore tynt mellom elgane, og i år var vinteren hard. Me fryktar det kan bli ei mager jakt.
Bålet
Me er framme ved postlina. Ikkje noko høyrt, ikkje noko sett. Snart knitrar det i bålet. 16 menn og to kvinner sit på stolsekkar rundt bålet. To har med campingstol. Niste, pølser og kaffi. Praten vandrar like fritt som elgen.
– No kan det hende at elgen har gått inn i Flåttjørnkollen.
– Har du bacon oppå ostesmørbrød?
– Eg høyrde nokre knekk i starten av drevet. Det kan ha vore elg, men det kan òg ha vore rådyr.
– Åssen held du ut der inne i Oslo?
– Eg har fylt alle støytdemparane på Corollaen med byggskum.
– Frp satsar på bistand, klima og høgare tobakk- og alkoholavgifter i år.
– Snart lønner det seg ikkje å drikke.
– Kva er gale med å gi astmamedisin til friske skiløparar, som ikkje treng det? Dei gir jo også kondom til ungar på ungdomsskulen.
God stemning rundt bålet. Lange matpausar, for mange kanskje vel så viktig som å skyte elg. Rundt bålet samlar me oss i ei snau veke kvart år.
Så er det på han igjen. Inn mot Flåttjørn. Fetteren min slepper Siri, elgbikkja på halvtanna år. Snart høyrer me bikkjeglam. Ho må vere var ein elg. Eg spring opp på ein bergknaus og finn fram GPS-en med posisjonen til bikkja. Ho er 372 meter sørvest for meg. Eg skundar meg sørover. Eit stup. Det sprakar i radioen. Ein stor elg har hoppa ned ein skrent ved skogsbilvegen. Bikkja står truleg i stålos litt lenger ned. Kan ho stå med ku og kalv? Fetter Stian er på foten. Eg kryssar fingrane for at dyret heller legg kursen mot meg. Stian er trass alt seks år yngre enn meg og har skote fem dyr. Eg har framleis null. 324 meter unna. Det er håp i det hengande GPS-halsbandet.
Webjørn S. Espeland
Webjørn S. Espeland er journalist.
Framhald neste veke
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Elgjakt er for drangedølar det Øyafestivalen og
Toscana-turar er for byfolk. Ferie og opplevingar i eitt.
Fleire artiklar
Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.
Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret
Kven har makt over kven?
Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.
The Lady (Willa Fitzgerald) må flykte frå ein galen mann.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkfilmen Strange Darling tuklar med tida for å trekke i gang tankane.
President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.
Foto: Javad Parsa / NTB
Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB
«Med unntak av presidenten har ikkje demonstrantane i Georgia stor tiltru til politikarane.»
Sveinung Rotevatn (V), som ser opp, talte ikkje under behandlinga av den nye abortlova 3. desember. Den som gjekk fram til talarstolen flest gonger, var Marian Hussein (SV).
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Mors liv i salen
Debatten vi fekk høyre då den nye abortlova blei behandla tysdag, strekte seg frå 10.00 til 14.30, frå 1915 til framtida og frå fosteret til den store verda.