Det kritiske valet
Store endringar må til etter det franske valet.
Emmanuel Macron kan bli Frankrikes Obama, der alt han prøver på, løyser seg opp i konfrontasjonar.
Foto: NTB scanpix
Frankrike er i djup politisk krise. Partisystemet er i oppløysing; alle tradisjonelle parti sprekk – jamvel Nasjonalfronten krakelerer i nokon monn, sjølv om 80 prosent av veljarane deira så langt er trufaste.
To presidentkandidatar, Macron og Mélenchon, gjer seg uavhengige av parti og satsar på folkerørsler. Framlegga deira til politisk handling er likevel stort sett gammalkjende. Om dei kan gjennomførast, er uklårt. Rett nok seier den tyske sosialfilosofen Jürgen Habermas seg optimistisk over at skilja mellom høgre og venstre løyser seg opp, og at nye organiseringsformer bryt fram (Le Monde 20. april). Han ser rørsla til Emmanuel Macron som eit oppsiktsvekkjande brot med konstellasjonane i Den femte republikken (altså sidan 1958). Avskaffinga av utbrukte og «giktbrotne» mønster må til for å finne nye løysingar.
Krisa forsvinn nemleg ikkje etter valet: Frankrike vil framleis ha gedigne økonomiske og sosialpolitiske problem. Habermas trur likevel at den stolte franske tradisjonen med sjølvkritisk etterrøking atter vil syne seg, og at det beste i den analytiske tradisjonen kan informere politikken – endeleg, for her trengst nye, klåre røyster.
Veik framtidstru
Pessimismen fører ingen veg, seier Habermas. Det har eg då sjølv merkt meg når eg har tala med mange franskmenn i påskeveka: Framtidstrua er veik. Delvis kjem det av at politikarklassen så inderleg har gløymt at der er ressursar i folket, hjå den einskilde og i samarbeid – slik reportasjen til Håvard Rem syner.
Dermed har ein også – dels på grunn av alle tabuemna i nyare fransk historie – gløymt å byggje bru over gapet mellom styrte og styrande. Denne brua må mellom anna byggjast ved ny satsing på kulturskapande arbeid, som i over to tiår langt på veg har vore eit brakkland. Nyepresidenten må syne tru på folk.
Økonomiske misferder i politikken, saman med tilstandar der fleire og fleire kjenner rein sosial naud, har skapt mistru til staten. Klisjeane florerer i eit slikt klima, ikkje løysingsframlegga. Men sett at trua Habermas har på Macron slår til. Nett no ser det ut til at Macron har best sjanse til å møte Le Pen i andre valomgang. Då blir han president.
Frankrikes Obama
Macron kan sjå saker med nye augo, er filosofisk skulert og har ein etisk sans – nokolunde ærleg er han òg. Problemet er at han ikkje har eit stødig apparat kring seg, ingen lokalt valde støttespelarar, og han får truleg ikkje inn mange slike i Nasjonalforsamlinga heller. Han kan bli Frankrikes Obama, der alt han prøver på, løyser seg opp i konfrontasjonar. Han må kompensere med å utvikle øyre og auge over heile landet.
Likevel. Om Macron held fast på den uredde framtoninga, trakkar i salatar og set fingeren på dei ømmaste punkta, er det mogleg han kan rote opp i det politiske grumset og setje kursen for ei ny tid. Kan hende kan fleire kjenne at dei vert tekne omsyn til. Han må då ikkje falle til fote for gamle strategiar, men lyde til Habermas: Skap ein ny sjølvkritisk, sjølvstendig samtale i Frankrike. Ordet «krise» tyder trass i alt «vendepunkt».
Bjørn Kvalsvik
Nicolaysen
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap og fast skribent i Dag og tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Klisjeane florerer i eit
slikt klima, ikkje
løysingsframlegga.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?