Teknologi
Det går alltid eit tog
Energibunten El 18 er klar til å frakta farande folk til Oslo.
Alle bilete: Per Thorvaldsen
Eg frys. Avgangshallen på Bergen jarnvegstasjon er nærast eit omvendt drivhus. Eg ventar på nokre kjende og kjære som skal kome med Bergensbanen, men han er ein halvtime forsinka. Strålande, då får eg høve til å kikka litt på infrastrukturen.
Eg ser ned på skjenene. Kven fann på at det var effektivt å transportera noko på skjener? Dei gamle grekarane, sjølvsagt. Dei laga ein åtte kilometer lang bane, Diolkos, med spor i kalkstein for å frakta båtar ein snarveg over land. Jarnveg kom med den industrielle revolusjon, men jarn var for sprøtt for tung last. Fyrst når ein kunne laga stål billig med Bessemer-prosessen, som revolusjonerte verdas stålproduksjon, kunne ein bruka stålskjener.
For å halda saman skjenene vert betongsviller brukte. Til dei som har eit nostalgisk forhold til tresviller og kreosot, er det berre å seia at betongsviller er billigare, har lengre levetid og gjev eit meir stabilt spor. Då betong ikkje er like elastisk som tre, stiller det større krav til underlaget som består av pukk og ein frostsikker, stabil og drenert underbygging.
Eg går lenger ut på perrongen. No forgreinar spora seg. Den rørlege delen av sporvekselen vert kalla tunge. Han kan styrast manuelt eller fjernstyrast ved hjelp av ein motor. Kor mykje sidesporet bøyer av, set grenser for kor fort toget kan køyra over sporvekselen. Langs Bergensbanen, som for det aller meste er enkeltspora, er det mange slike sporvekslarar for å gje kryssingsspor der motgåande tog kan møtast.
Eg ser opp på kontaktleidninga som vert halden stram med lodd. Ho overfører energi til lokomotivet. Straumen går frå kontaktleidninga via lokomotivet og vert returnert langs skjenene. Med tre til fire kilometers avstand er det såkalla sugetransformatorar som syter for at returstraumen fylgjer skjenene og ikkje finn andre vegar som kan vera farlege og øydeleggjande.
Av historiske grunnar brukar jarnvegen einfasa 15 kV vekselstraum med ein frekvens på 16 2/3 Hz. For hundre år sidan var det berre på låge frekvensar ein kunne få til regulering av fart. Sjølv om ei slik energiforsyning ikkje er optimal frå ein teknisk ståstad, vert det for dyrt å erstatta ho med moderne 50 Hz og 25 kV. For å kunne henta energi frå det landsdekkjande straumnettet er det plassert omformarar langs Bergensbanen som gjev energi til ei viss strekning. Dei leverer ei spenning på 16,5 kV for å kompensera for tap i leidningane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.