JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Den omsnudde midtvintersdagen

Jola frå solsnu til midtvintersdagen i dag er ein tusenårig tradisjon for fellesskap, mat og drikke. Kvifor var Noreg det einaste landet som innførte nasjonal skjenkestopp i jolevekene?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Carl Larsson (1853–1919), «Midtvinterblot» (1915). Olje på lerret. Høgd: 6,4 meter. Breidd: 13,6 meter.

Foto: Nationalmuseum, Stockholm

14463
20220114

Midtvintersdagen

14. januar er den midtarste dagen i vinterhalvåret frå 14. oktober til 14. april.

På denne dagen er jola over, på primstaven gjerne markert med ein sopelime eller eit omsnudd drikkehorn.

I kristen tid vart han kalla «tjuandedagen», tjue dagar etter 25. desember.

Dei tre–fire vekene frå 21. eller 25. desember til midtvintersdagen har vore ei tid for fellesskap og inkludering, mat og drikke.

Jolefellesskapen har vorte viktigare i ei tid då fleire nordmenn enn nokon gong, éin av fem, bur åleine.

Den nasjonale skjenkestoppen frå 15. desember til 14. januar avløyste i år ein av dei eldste tradisjonane i landet.

havard@dagogtid.no

Ingen dagar er like. Kvar dato har si soge. Dagane i året er ikkje hakk i plata, men i primstaven, eit hakk og eit symbol – ei sol, ein sopelime, eit drikkehorn. Dagen i dag til dømes, har han ei soge? Er 14. januar anna enn utgjevingsdatoen for bladet du les?

I dag vel Wall Street-banken Citigroup å seia opp tilsette som har valt ikkje å vaksinera seg. Andre Wall Street-bankar har nøgd seg med å påleggja uvaksinerte tilsette heimekontor. Frå i dag vert det i Sverige ikkje høve til å servera alkohol etter klokka 23. 

Og her heime? Hender det noko i Noreg i dag? Får dei i Nore og Uvdal kommune sjølv mynde til å avgjera om dei få gjestane på Rødberg Hotell, inst og øvst i isolerte Numedal, kan tinga eit glas øl til biffen?

Midtvintersdagen

Så langt 14. januar i år. Kva med tidlegare år? I dag for 208 år sidan vart landet vårt eit krigsbytte. Den tapande danskekongen mista Noreg til den vinnande svenskekongen. Men dagen i dag går djupare i historia enn til 1814. Han er ein merkedag me kan fylgja til tida før kristendomen kom. 14. januar er sjølve midtvintersdagen.

Midtvintersdagen? Den mørkaste dagen i året? Nei, det er vintersolkverv 21. desember. Midtvinter har i uminnelege tider vore markert midt i januar. Kvifor? Dagen kjem matematisk midt i vinterhalvåret. Når ein 14. oktober snudde primstaven over på vintersida, som rekk til 14. april, ligg dagen i dag midt i.

Som andre festdagar har midtvintersdagen vore i rørsle. Somme har feira 13. januar, kvelden før, slik somme feirar 24. desember, kvelden til 25. Somme markerer 12. januar. I gamal tid kom midtvintersdagen ved fyrste nymåne etter vintersolkverv.

Dagen har namn som heng att frå førkristen tid: midtvinterblot, jol, joleblot, torrablot og hökunótt. I kristen tid fekk han nok eit namn: tjuandedagen, då ein feia jola ut av huset, tjue dagar etter 25. desember, markert på primstaven med ein sopelime. I dag sloknar den siste stjerna i det siste vindauget. Slik jolegrisen forsvann då høgtida kom, forsvinn joletreet når ho går. Den viktigaste folkefesten her nord er slutt. Med trettandedagen vart festen korta ei veke, men «tjugendagen er den eldste avslutning, det som har røter lengst tilbake i tida,» skriv Olav Bø i Vår norske jul (1970).

Drikka jol

Kva har vore det viktigaste kjenneteiknet på midtvintersblotet og jol, frå tida før dagen var knytt til Kvitekrist og 25. desember, men til solsnu og 21. desember?

Blot høyrest ikkje bra ut, med ofring av både folk og fe, ein blodig affære, som i Bibelen, der fe og somtid folk, jamvel Kvitekrist, vart ofra så blodet flaut, for å blidgjera gudane. Blot og blod er ord i slekt, med uvisst opphav, som jol – av (års)hjul? Av joke, å jokla og gjøgla? Blodig var det under slaktinga av jolegrisen på småbruka òg, fortalde mor mi som voks opp på eit slikt i mellomkrigstida. Det næringsrike blodet vart samla og nytta i kosten. Feittet og kjøtet frå grisetrynet vart sylte.

Blot eller ikkje – utanfor Midtausten er jola ein dans kring jolegrisen. Heilsteikt gris og sterkøl er to av dei viktigaste joletradisjonane på Filippinane òg. 

I den eldste skriftlege kjelda som nemnar jol, Torbjørn Hornkloves Haraldskvædi, eit av dei eldste skaldekvada, er jola knytt til eit verb – i eit ståande uttrykk. Der heiter det ikkje å feira eller eta jol, men å drikka jol.

Kor lenge har me drukke jol? Haraldskvædi er frå sist på 800-talet. I sagalitteraturen finn ein skildringar av midtvintersblot i uår, i von om å enda uåra, kan henda uåra på 530-talet, som fleire forskarar no meiner er den historiske kjernen i forteljinga om Fimbulvinteren. 

I måleriet «Midtvinterblot» (1915) av Carl Larsson (1853–1919) har dei det fyrste uåret ofra fe, det andre uåret folk, utan at det hjelpte, så det tredje uåret vel svenskekongen å ofra seg sjølve. 

Katolsk jol

Mykje ved den norrøne jola overlevde kristninga, som kom seint til Skandinavia, og var katolsk og meir synkretistisk enn protestantismen. 

Sjølve namnet overlevde. På dei fleste språk fekk høgtida eit nytt namn som spegla trusskiftet og nye hovudelement, som fødsel(sdag) (fransk: noël; spansk: Navidad; italiensk: Natale; latin: Nativitatis; arabisk: eid al milad), Kristus (engelsk: Christmas, kristmesse) og heilagnatt (tysk: Weihnachten). Men i Norden heldt ho fram med å heita jol (finsk: joulu; islandsk: jolin). 

Ølskikken overlevde òg. Eg voks opp i ein kristen heim med eit barn i krybba, ikkje ein nisse på låven, men øl laga småbruksmor mi. Midt på jolebordet stod ein bolle med ei væske som var mørk og kolsyrehaldig som Coca-Cola, men med ein djervare smak. 

På ein primstav er eit teikn sist i desember gjerne eit drikkehorn eller ølkrus – som kjem attende i dag, på midtvintersdagen, men då snudd på hovudet, som teikn på at no skulle joleølet vera tømt. I nyare tid har dagen vore ein festdag, med kanefart og oppeting av den siste jolekosten. I eldre tid var sjølve jolefesten i dag, siste joledagen – slik ein gjerne avsluttar høgtida med ein fest, russetida med 17. mai, ramadan med eid og adventstida med jolaftan.

I morgon var det tid att for striskjorte, edruskap og havrelefse. Mellom mange musikarar har januar vore ein såkalla kvit månad, utan drikke, etter ein hektisk haust. Men i år er det motsett. Ein 1500 år gamal tradisjon vert broten. Skal ein tru finans- og statsministeren er det ikkje midtvintersdagen ølkranene vert tømde, men opna. 

Skjenkestopp

Kvifor var det naudsynt med nasjonal skjenkestopp i sjølve jolemånaden? Evalueringa av smitteverntiltaka skal halda fram i månader og år. Her nøyer me oss med å spørja: Kvifor var Noreg det einaste landet i Europa som valde nasjonal skjenkestopp som eit smittereduserande tiltak?

Var det av di me i Noreg har tilgang til ei forsking som resten av Europa ikkje har tilgang til? Nei, smitteforskinga er internasjonal. Hadde norske helsetoppar hatt forsking å byggja på, hadde andre land gjort likeins.

Kvifor vart me då åleine om tiltaket? Kvifor har det ikkje vore nasjonal skjenkestopp i Sverige, Danmark eller Finland?

For eit år sidan gjekk Noreg endå lenger i sin åleinegang. 23. januar 2021 stogga styresmaktene sal av vin til skjenking i heimen òg: «Vinmonopolet stenges også, og vil ikke holde åpent i perioden 23.01–31.01, opplyser Helse- og omsorgsdepartementet.» Forbodet var då ikkje nasjonalt, men omfatta ein million nordmenn i ti kommunar austafjells. Det var mislukka. Folk drog til grannekommunane og danna smittekøar der. 

Å forby alt vinsal, i butikk som på restaurant, var irrasjonelt av di ein framleis tillét sal av annan mat. I kulturkrinsen vår er vin ei matvare, jamvel om staten har monopolisert handelen.  

Om helsestyresmaktene ein dag konkluderer med at kjøt er så miljø- og helseskadeleg at ein berre tillèt kjøtomsetjing i eigne utsal, kan ein ikkje stengja kjøtmonopola om matbutikkar elles får halda opne. Kan ein fylla Kiwi-korga med brus, muffins, potetgull og honni-korn, lyt det vera lov å kjøpa kjøt òg. Eller raudvin.

Når norske styresmakter iverksett slike forbod, er det sjølvsagt som einaste landet. Det skal sterk tru til. Å samanlikna religion og rusmiddel, tru og nytingsmiddel, er ikkje noko nytt. Marx samanlikna religion og opium. Å la helsestyresmaktene regulera tilgangen på vin vert som å la Human-Etisk Forbund regulera tilgjenget til gudshus. 

Nytingsstopp

Greitt, så var me åleine om nasjonal skjenkestopp og regionalt vinsalforbod, men kva kan ein utleia av så einslege døme? Finst det andre?

Ja, kva finn me elles i klassen av tvilsamme nytingsmiddel som vin? Tobakk. Slik Noreg er det einaste europeiske landet med nasjonal skjenkestopp og regionalt vinsalforbod, er Noreg det einaste nordeuropeiske landet med ei internasjonal hovudlufthamn utan røykerom.

Kvifor? Dette er vel å merka ikkje eit forsvar for helseskadeleg røyking, men berre eit spørsmål: Kvifor tillèt Arlanda, Kastrup, Helsinki og Reykjavik røyking i lukka rom i ei internasjonal lufthamn, medan Noreg ikkje tillèt det?

I Libanon røykjer éin av to vaksne, i Frankrike, Hellas og Russland éin av tre. Somme av dei vitjar andre land, og i ei internasjonal lufthamn lyt dei opphalda seg i timar, stundom med høgt spaningsnivå. Lufthamner flest legg då til rette for at dei kan tenna seg ein naudsigarett i eit lukka, ventilert rom. Det gjer ikkje Oslo lufthamn. Libanesarane kan røyka heime. Nordmenn kan drikka heime. 

Med nisselua i handa

Ligg eit eller anna i norsk soge til grunn for at me i større grad enn grannelanda driv med formynderi? Med moralisme på vegner av andre? Ikkje mykje er eksklusivt norsk. Om noko er det, er det formynderiet. Kva er soga her? Historia syner at få folk i Europa har vore meir hersa med av formyndarar.

Til neste år er det 500 år sidan Sverige endeleg makta å bryta ut av den danskdominerte Kalmar-unionen. Bondeopprørarar gjekk mot Stockholm og jaga danske troppar ut av landet. Hendinga er illustrert i det mest kjende historiske monumentalmåleriet til Carl Larsson, ved sida av «Midtvinterblot», «Gustav Vasas inntog i Stockholm 1523» (1908).

Fyrst 300–400 år seinare makta Noreg å riva seg laus. Tygg litt på skilnaden, om du med Vasa fyrst og fremst tenkjer på knekkebrød. 

I desse hundreåra var Noreg rekna som ein dansk provins, slik norsk språk var rekna som ein dansk dialekt. Landet var eit land utan riks- og utdanningsinstitusjonar. Danmark og Sverige fekk universitet sist på 1400-talet, Noreg tidleg på 1800-talet. I mellomtida fekk me heller ikkje handverkarutdanning. Lauga stod svakt. Når jarnverk, sylvverk, koparverk og glasverk vart skipa i ressursrike Noreg, var leiarar, fagfolk og embetsmenn utanlandske. Ein nordmenn var heldig om han fekk ein plass på gølvet. Sjølvsagt fanst det lesande bønder og rikfolk med borgarbrev, men vanlege folk kom seg sjeldan fram. I 400 år var posituren vår å stå med nisselua i handa andsynes ein myndig utlending.

Med kvart tok somme av oss steget opp i formyndarklassen. Men den ferda gjekk alltid om København. Ein fekk ikkje makt før ein vart dansk – språkleg og kulturelt. 

Svensk separatisme hadde kosta Danmark dyrt. No gjaldt det å forhindra norsk separatisme. Medan nordmenn i katolsk tid kunne studera i Tyskland, vart København universitet einaste godkjende veg inn i embetsklassen for ein nordmann, som ei naudsynt fordansking av den norske eliten. Formyndarklassen omfatta no, i tillegg til utlendingane, dei dansk-norske òg. Mange av dei fann utanlandsklingande måtar å skriva namnet sitt på. 

Ei dør ut av einsemda

Som nemnt: Tankerekkja er ikkje eit forsvar for skadeleg livsstil, men ei undring over at Noreg, berre Noreg, set i verk så strenge og formyndande tiltak på område som har med nyting å gjera. Kvifor? Eg vonar svaret hadde vore: «Av di Noreg er eit progressivt land som lèt omsynet til helse gå føre omsynet til farlege vanar, jol eller ikkje.» Men av di inga forsking stør eit slikt svar, fryktar eg at svaret vert: «Av di Noreg har ei mangehundreårig soge med formynderi.»

Kva kunne vore alternativa til nasjonal skjenkestopp? Kunne ein, som svenskane gjer frå i dag, avgrensa skjenkinga til klokka 23? Nei. Kunne ein, som land eg har vitja dei siste par månadene, innført koronopass til kafear og restaurantar? Nei. Kunne ein overlate til kommunane sjølve å vurdera naudsynte skjenketiltak? Nei. Kunne ein sondert mellom ulike typar skjenkestader, dei med stå- og sitjeplassar? Nei. Som einaste land i Europa, kan henda som einaste land i verda der alkohol elles er tillate, ville ein ha total, nasjonal skjenkestopp, jamvel i jola.  

Kva då med verdien av ein 1500 år gamal tradisjon for fellesskap og inkludering? Aldri har Noreg hatt fleire éinmannshusstandar enn no. Ein million nordmenn, éin av fem, bur åleine. For mange av dei er døra til skjenkestova ei dør ut av einsemda. 

Verst kan einsemda vera i jola. Dagane er mørkare og kaldare, kveldane er lengre, fridagane er mange. I den mørkaste mørketida har me ein meir enn tusenårig tradisjon i blodet: jol – vekene frå vintersolkverv til midtvinterdagen, 

Dei gamle skikkane

Skikkane våre har kan henda ikkje same verdi som skikkane til dei hine, men dei er no våre, og dei har vore det i 1500 år. Den gode stemninga kring bordet dit me kjem kvar frå vårt, dei muntre smila når ein set seg og tek munnbindet av, når noko godt kjem i glaset, dei lågare skuldrene, at me sit her i lag, at alle er inkluderte, at stunda skal vare heile kvelden, at kvardagen kan kvila.

På dagen i dag har me i 1500 år vorte så mette av jol, etter tre veker med gilde, at me har hengt drikkehornet på veggen og snudd ølkruset på hovudet. Vert dette den jola då ikkje ølkruset, men sjølve skikken vert snudd på hovudet? Då gildet ikkje endar, men byrjar med midtvinterdagen? Sundag sa finansministeren at ein lyt lempa på skjenkestoppen. Måndag sa statsministeren seg samd. I går kveld var det pressekonferanse om tiltaka som har vore gjeldande frå 15. desember til 14. januar. 

I skrivande stund er det onsdag. Kva vert bodskapen no? At me skal gjera det motsette av kva me har gjort på midtvintersdagen sidan folkevandringstida? At me i staden for å hengja drikkehornet på veggen skal gå mann av huse for å berga restane av utelivsnæringa? Orkar me det?

Det strid jo mot all sed og skikk, men det som kan berga snuoperasjonen til styresmaktene, er vekedagen midtvintersblotet fell på i år. Thank God it’s Friday. Takk, Gud og Guldvog, det er fredag. Og vert det ikkje i dag, vert det ein annan dag. Midtvintersdagen er som nemnt flyttbar. God helg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kan ein fylla Kiwi-korga si med brus, muffins, potetgull og honni-korn, lyt det vera lov å kjøpa kjøt òg.

I 400 år var posituren
vår å stå med nisselua i handa andsynes ein myndig utlending.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis