Teknologi
Datering
Figur 1. Prinsippet som syner oppbygginga av ein kronologi. Teikninga er noko forenkla. Det er trong for ei stor mengd prøver og lengre overlappingsområde.Figur 1. Prinsippet som syner oppbygginga av ein kronologi. Teikninga er noko forenkla. Det er trong for ei stor mengd prøver og lengre overlappingsområde.
Teikning: Arne Berg 1998 / Helene L. Svarva 2015Teikning: Arne Berg 1998 / Helene L. Svarva 2015
Eg står på ei bru og ser ned på dei historiske røtene til Bergen. Bryggen museum er bygt over utgravingane som vart gjorde etter brannen i 1955. Kva har drive meg hit 45 år etter at eg som gjespande gymnasiast var her førre gong? Eit ord lese i eit lesarbrev i Dag og Tid: dendrokronologi. Det er fyrste gong ein sokneprest har sett meg i rørsle. Plakatane fortel meg at her byrja bergensarane å byggja og bu litt før år 1100. Korleis kan dei vita det? Det er det me skal finna ut.
Kor lang tid tok det frå eg las Audun Oplands lesarbrev til eg hadde kontakt med nasjonallaboratoria for datering ved Noregs teknisk-vitskaplege universitet (NTNU)? Det veit eg noggrant, nemleg 15 minutt. Der fekk eg snakka med forskar Helene Løvstrand Svarva, og ho sytte for at dei kommande vekene vart ein fest. Ho sende meg alt det hjartet kunne ynskja av litteratur.
Det finst ei rekkje måtar å datera på. Ved nasjonallaboratoria brukar dei dendrokronologi og C14. Dess fleire forskjellige måtar ein brukar for å fastsetja alder på, dess sikrare vert ein. Hugsar du då du var liten? Talde du årringar for å finna ut kor gamalt eit nyhogt tre var?
For kvart nytt år vert det ein ny årring, og tjukna på årringane fortel noko om kor mild sumaren har vore. Ein tynn årring tyder på ein kald sumar. Dendrokronologar har halde fram med dette i vaksen alder, men har sjølvsagt ei forskingstilnærming til saka. Ved å henta prøvar frå bygningar bakover i tid kan dei laga ein kalender: ein dendrokronologi (årringskronologi). Ytste årring gjev byggjeår. I Figur 1 ser du prinsippet for å byggja opp ein dendrokronologi.
Ved å setja saman overlappande prøvar med same årringmønster kan ein koma langt tilbake i tid. Med god basiskronologi kan ein finna lokale variasjonar i årringstjukkleik på grunn av ulikt klima og dermed også kunna avgjera kor tømmeret kjem frå.
Utfordringa med dateringa på Bryggen i Bergen var at ein berre hadde ein såkalla flytande dendrokronologi på 433 år basert på stokkar funne lagvis ved arkeologisk utgraving utan samanheng fram til moderne tid. Kva kan ein då gjera? Vel, ein kan bruka naturens gåve, som er karbonatomet C14.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.