JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Breen som
endra Europa

Som gardsgut i Nordfjord visste eg ikkje at det var der han oppstod og trekte seg attende, breen som definerte verdsdelen vår.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jølster Astruptunet_-9

Jølster Astruptunet_-9

Jølster Astruptunet_-9

Jølster Astruptunet_-9

16060
20170630

NOREG, DEL 1:

I sommar fortel Håvard Rem frå ferder i Noreg, i tid og stad, frå Nelaug og Moss til Møre og Nordland, frå isen og hova som forsvann til det som forsvinn i dag.

Tåka ligg tett over Gardermoen der me klatrar om bord i propellflyet, og over Jessheim der eg som rekrutt vart kalla opp tidlegare enn i dag, til oppstilling i full gru og tunge springeøkter i haustskodda. Når det vesle flyet kjem seg opp av tåka, inn under skyene over Austlandet, har sidemannen alt sovna. Eldstesonen og eg skal på langhelgturné i Sunnfjord og Nordfjord. Det er ikkje turistar på Førde-flyet ein torsdag morgon, men dataingeniørar, lakse-lobbyistar, tilsette ved Sogn og Fjordane Teater, fylkespolitikarar og fredskorpskonsulentar.

Innover Oppland sit eg attmed vindauget med eit nytt rim: Makrellsky. Propellfly. Når blada bryt skydekket, vert himmelen blå, og lengst i vest, på hi sida av vasskiljet, klårnar det. Ein annan dag er motsett, med blått i aust og grått i vest. Vasskilje er vêrskifte.

VASSKILJET

Frå dei 2000 meter høge ryggvirvlane i det langstrakte landet renn elvene i kvar si retning, slik vasskiljet ein gong var eit isskilje som sende somme brear mot aust, somme mot vest.

Ein fjelltopp bryt skydekket som eit periskop, nei, som ein nunatak, ein tind høgare enn breen. Ordet er inuittisk. Du lyt kneppa anorakken når du klatrar nunataken.

Kva eg er merksam på – nok som den einaste om bord, me er ikkje så mange, fleire søv, fleire les – er at det kvite skydekket der nede ikkje berre liknar ein landsdelsstor bre, men utruleg nok ligg i same høgd som breen låg. Vatn er dei båe, eit av dei dropar, ein av dei is.

Skyene gjer jorda grøn. Kva gjer breane? Det får me sjå lengst i vest der skydekket forsvinn som eit slør, og syner Vestlandet slik det låg att då breane hadde herja med det.

Fjordar. Me flyg inn over Fjordane. Og dalane. Kva er skilnaden? Ein fjord er ein drukna dal. Ein dal er ein tørrlagd fjord. Og heilt i vest skimtar eg havet som ein gulltråd.

Å sjå jorda på fråstand, mest som frå verdsrommet, kan vera eit aldringsteikn. Ein har byrja oppstiginga. Er langsamt i ferd med å forlata alt saman. Jorda med si dragmakt når ikkje inn. Du er på veg attende til æveblånane. Ei omvend reise av den fyrste, for å nytta nokre bilete frå «Til son min» av Olav Nygard, av det finaste som har vore skrive på Vestlandet dei siste 700 åra, etter den store mannedauden. Ein annen gong må eg til Modalen, i Hordaland, til øydegarden han kom frå.

Innflyginga mot Førde Lufthamn er som ein rask leksjon i dalologi og fjordologi, eller kva ho heiter, læra om dalar og fjordar. Korleis vart dei til? Av verkty for å grava dei ut, treng du anten vatn, is eller lava. Vassdalar vert v-forma, bredalar u-forma. Det seier seg sjølv. Breen har ein breiare buk. Den flate, grøne morenebotnen i Viksdalen under oss er skapt for menneske. Her kan dei bu. Graset er grønt. Atlantisk laks går i Gaula. Rosemålinga er særeigen. I andre dalføre har dei islandsk og engelsk th for d i målet. Så djupe er dalane.

Rett i nord ligg Jølstravatnet. Dit skal me i morgon. Langt i nordvest ligg Nordfjord, der eg kom som gardsgut sist på 1970-talet, ti år før den sovande sidemannen kom til jorda. På tide å vekkja han. Leigebilen står klar på Bringeland. Sonen er sjåfør. Eg vert sitjande online i passasjersetet med verda og fortida i fanget for å førebu førestillinga i kveld, inst i Dalsfjorden, i Villa Åmot i Bygstad.

– Sjå isen, seier eg og peikar opp i fjellsida.

– Isen? spør han når han atter har blikket på vegen. Litt lett nysnø marmorerer snaufjellet, men ingen bre å sjå, ikkje på anna vis enn at dalsida kurvar seg som ein velodrom. I fartsretninga ser du gnuringa og slipinga etter isen, over tregrensa, under snøgrensa.

Han minnest køyreturar i oppveksten, då det var han som sat i passasjersetet medan sjåføren levandegjorde landhevinga og havstiginga. På scena i Bygstad fortel han:

– Då me var ute og køyrde bil, fekk eg høyra som liten: Denne dalen var ein fjord. Her stod havet. Eg sat med ei kjensle av at me køyrde under vatn, at Volvo-en var ein ubåt.

Eg fattar det ikkje. I Sverige hadde garden Åmot vore øydegard og bygda avfolka. Men her er fullt hus. Villaen er firestjerners. Kaffimaskin på rommet. Eg er reint rørt. Kjærasteparet som driv garden, er to karar. Bygdedyret lét dei i fred, men ikkje bygdefolket. Dei strøymer til. Noreg gjer noko rett. På vegen frå lufthamna høyrde me i radioen at dei 34 Oslo-tilsette i Fredskorpset, som legg til rette for utveksling mellom Noreg og den tredje verda, er i harnisk av di forvaltningsorganet no vert flytta til Førde, to mil frå Bygstad. To mil den andre vegen driv unge eldsjeler Jakob Sande-tunet, ein levande stad, skal eg lova deg. No går ferda til Astruptunet.

DEN FYRSTE SANSEN

På vegen til Nordfjord ligg bygda Jølster. Ljoset omgir bilen som vatn. Innelukka i eit køyretøy vert me ljosdyr. Ingenting å lukta. Ingenting å høyra anna enn motoren og ei kvinnerøyst: «Ta til høyre i neste kryss.» Ingenting å smaka. Ikkje eingong retningssansen vert nytta mellom fjella. Me berre ser. Sit og ser.

Det auga kan sjå av ein gjenstand, seier ikkje meir om han enn kva eit klesplagg fortel om kroppen som har det på seg. Ein heil del, for all del, mykje om forma, men det viktigaste ved gjenstanden er ikkje ljoset han reflekterer, ljodane han produserer, lukta han gjev eller smaken han etterlét. Det er temperaturen.

Slik nasen sansar lukt, tunga smak, øyra ljod og auga ljos, har me eit sanseorgan for temperatur. Av di temperaturen er viktigare enn det andre, har det organet utvikla seg til det viktigaste og største. Huda.

Fyrste gong eg kom til tropiske strok, frå vinter heime, var eg lukka inne i ein flykropp heilt til eg plutseleg stod på Sri Lanka. Kjærteiknet frå silkelufta var annleis og godt, som nåleprikkinga i andletet når eg i ein fôra nordsjødress går til butikken i 28 minusgrader.

Vatn er det beste dømet på at temperaturen er det viktigaste du kan sansa. Om ljoset endrar seg, er vatnet det same. Ikkje å sjå til, sjølvsagt, men no handlar det ikkje om å sjå. Vatn sløkkjer tørsten om du ikkje ser det. I mørker som i ljos held vatnet fram med å renna, men ikkje i varme og kulde.

Jau då, ljoset gjer vatnet vent. Eg har vore på førti meters djup, ikkje i Sognefjorden, men på Maldivane, og jamvel der leika ljoset. Men på nattdykk såg du alt som gøymde seg for det. Viktigare er vêret. Attende på Maldivane etter El Niño var dei hengjande hagane under havyta borte. Fargane var borte. Skjelpaddene. Eg sumde over ein gravstad der daude korallar låg som knoklar og skjelettrestar. Vêret hadde vore der. Temperaturen. Ein grad eller to.

WEATHER OG VETTER

Nyleg flaug eg over England med grøne, flate landskap så langt synet rakk, eit syn me aldri ser i Noreg, av di me ingen stad har så mykje sletteland, ikkje ein gong på Jæren, som er så nær me kjem England.

Men me hadde det. Ein gong var norskekysten bein og flat. Når? Ikkje før siste istid, men gjerne før siste isalder. Kva er skilnaden? Den istida som varte frå 100.000 til 10.000 år sidan, og den varmare og kortare mellomistida som me lever i no, er berre jamne vekslingar i ein langdryg isalder, med isskjolda på Sørpolen og Grønland som sikraste kjenneteikn, ein isalder som held fram, og som tok til for to–tre millionar år sidan, omlag då menneskefamilien skilde lag med menneskeapane. Alt er temperatur. Kulda som kognitiv katalysator. Nei, det siste er berre dikt og forbanna lygn.

Kvifor sokk temperaturen for 110.000 år sidan, og steig att for 10.000 år sidan? Me veit ikkje. Sola lyste. Natt og dag skifta som no. Men temperaturen sokk. Sokk? Kvifor seier me at han sokk og steig? Av di me les han av på eit termometer. Det er der det stig og søkk – kvikksølvet. Å snakka om vêret som grader av celsius, vert like teknisk som å snakka om røyster og song som desibel. Det var ikkje temperaturen som sokk. Det var vêret som skifta. Temperatur er berre eit desibel-ord for vêret. Golfstraumen. Vindane frå Rocky Mountains (namnet fekk dei seinare). Vinklinga på jordaksen.

Vêr. Weather. Vetter. Lat vetter for vårsol røma. Men vêr tyder ikkje vinter. Vinter kjem av «våt» og vêr av «vind». Kring Middelhavet tydde det berre vind. Storm. Dei vanta eit ord for vêr. Så dei laga eit: Tid. Temps. Tempest. Temperatur.

Elias Blix fekk bøna si høyrd. Istida var over. Men det dyre fedrelandet som då steig av hav og is, var herja som eit andlet etter beinharde istider på hard rangel.

Vêret er den eldste mytologien. Vêrgudane er dei eldste gudane. Av di dei smilte då me kom til Jølster, kom me til den fagraste bygda i verda, biletlagt på fagraste vis av Nikolai Astrup (1880–1928). Eg har ikkje i halve verda sett noko som liknar Astruptunet. Kunstmuseum vert ufoar i samanlikning. I landskapet er bygningane, i bygningane er bileta, og i bileta er både bygningane og landskapet. Men originalbileta er ikkje der av alle stader. I Noreg kan ingen med rette kalla seg kulturminister før dei nedanfor Astruptunet, utover i Jølstravatnet, har reist ein heim, kvit som ein bre, for originalbileta hans. Som bonden på Gåsemyr pla seia når alt var sagt: «So e det.»

Før konserten i Jølstramuseet kom det liner til ein song, men han vart ikkje ferdig før no.

ASTRUPTUNET

Den gong eg voks opp på Agder

var slektsnamnet ditt av dei fine

Hadde dei namnet ditt, hadde dei råd

til deg på veggane sine

Eg såg deg i hovudstaden

då eg kom med den fyrste av bøkene

Hjå ein diktar på Karl Johan

hang Jonsokbål på kjøkenet

Det synte ein gut som såg

at dei andre song og prata

Det flamma i fargar frå Freia-uret

på hi side av gata

Hans Henrik likte gåva

Han ville gje noko att

Du døydde før han fekk ferdig

diktboka Jonsoknatt

Du var mest hundre og førti år

hadde du levd i dag

Det var på nippen at du og eg

hadde ein ven i lag

Eg drog dit han pla å draga

Eg kom som dreng til Breim

Gardskona synte meg Jølster

Din og hennar heim

Engel vart enkje med åtte born

Garden var liten og bratt

Somme vart skilte av krigen

Fredsvåren møttest dei att

Eit par hadde vorte raude

Eit par hadde vorte brune

Dei møttest og slost til dei rulla ned

det stupbratte Astruptunet

Når ljoset frå Jølster har gjesta

England, Sveits og Moldova

vender det heim for å verta filtrert

i Engels gardiner i stova

GÅSEMYR

Frå Jølstravatnet dreg me gjennom Våtedalen til Gåsemyr og Breim. Vegen gjennom dalen vart bygd då Nikolai Astrup var gut. Namnet kunne ha vore Geitedalen, men no er det ikkje lenger geiter å sjå. Lat landet gro att som etter mannedauden. Rett før Bergheimsvatnet svingar me inn på tunet, rett etter campingen som har vore der for ferdafolk heilt sidan vegen kom. Då eg kom hit som tjue-åring, hadde eg ikkje vore på Vestlandet før, anna enn ein gong eg var med far min til grenda Rem på Sunnmøre.

– Kvifor drog du nett hit? spør yngstedottera, som gjekk i fyrste klasse den gongen. Det er ho og mannen som driv garden no.

– Nei, du sa no at du ville bu oppunder Jostedalsbreen, seier Martin, bonden. Han var 80 år no i vår. Bjørg nikkar. Dei er gode menneske. Tenk at dei hugsar. Kva har endra seg? Ikkje mykje. Det var som om meir endra seg det året eg var der. Den islamske revolusjonen i Iran og den sovjetiske invasjonen av Afghanistan. Dei nye F-16-flya frå Rygge som braut ljodmuren gjennom Våtedalen så minken hadde ete ungane sine då eg kom for å fôra dei.

– Vert det krig no, byrjar eg å røykja att, sa bonden.

Det var velstand den gongen òg. Då vårsola tok tak, kjøpte me øl på Samvirkelaget i Byrkjelo. Dei selde ikkje flaskevis, og ei kasse måtte tingast to veker i førevegen. Planlegging og stabilitet. Men no har yngstedottera tinga henting av mjølkekyra. Det er litt leit, tykkjer bonden. Det er framleis pengar i pels, men ein kan ikkje leva av garden. Ein dreg på jobb. Har ein fri, har ein fri frå morgonstellet òg. Bygdesenteret Byrkjelo tel no 293 menneske, om lag det same som ein leigegard i Kairo, om lag det same som for 40 år sidan, om lag det same som det har vore sidan dalane kom seg på fote att etter mannedauden.

Bonden venta i Renaulten då eg ein kveld i 1979 gjekk av bussen i Byrkjelo. Eg kom frå industribygda Eydehavn utenfor Arendal. Me køyrde til garden og stod på tunet under Eggenipa. På andre sida låg Myklebustdalen og breen.

GRENSA

Breen endra alt. No tok han ikkje berre fatt på å grava dalane og fjordane endå djupare, men Europa vart definert herfrå. Grensene i verdsdelen. Ikkje nasjonsgrensene, men viktigare grenser som grensa mellom Romarriket og Norden, mellom romanske og germanske språk, mellom katolsk og luthersk tru. Dei grensene ligg attmed grensa til Jostedalsbreen då han var som størst.

I vest er grensa steinsett. Mellom Skottland og England ligg Hadrian og Antonius’ murar som ra etter breen, endemorenar som samla seg der breen la seg til eit bel. Romarane bygde murane av di det å erobra vinterlege land som hadde vorte herja og hardføre av is og busett av hardføringar, kosta meir enn det smakte – om lag som å erobra land frå ørkenfolka i Arabia. Såleis heldt grensa fram på fastlandet, austover, gjennom Nord-Europa, etter at romerske framstøytar nordover mot den gamle og ukjende isgrensa vart stogga og drivne attende. Lov-, språk- og trusgrensa flytta seg fram og attende gjennom hundreåra om lag der isgrensa hadde flytta seg fram og attende gjennom tusenåra. Kanskje romarane møtte veggen av di dei vart møtte med sitt eige våpen, organisering og logistikk, kvalitetar hjå folk som kvart år førebudde seg og buskapen på vinterhalvåret.

Men at det skandinaviske isskjoldet forandra Europa, var berre rett og rimeleg. Endeleg fekk ho eit ord med i laget, halvøya som i den kalde Tornerose-svevnen, den siste istida, gjekk glipp av alt som skjedde. Europa hadde forandra seg heilt medan Skandinavia låg og sov under isskjoldet. Kva hadde skjedd?

Til dømes vart mennesket til. Spranget frå fortidsmenneske til bonde skjedde i istida – fyrst den kognitive revolusjonen som gjorde oss tenkjande (i kulda, det òg), og sidan jordbruksrevolusjonen som gjorde oss fastbuande. Då halvøya tok kvelden, var det nord i ein verdsdel utan homo sapiens. Då halvøya vakna, hadde bønder byrja gardsdrift, ikkje i Nordfjord, men attmed den fruktbare halvmånen i Midtausten. Dei fyrste byane var komne. Jeriko.

Australia var det siste kontinentet mennesket kom til, heiter det. Det er feil. Det siste busette stroket var Skandinavia. Men halvøya er vel ikkje eit kontinent? Den breen som låg over halvøya, som breidde seg frå halvøya og som har fått namn etter halvøya, var eit kontinent.

Veit du kor stort det skandinaviske isskjoldet var? Like stort som Australia. Om lag sju millionar kvadratkilometer. Frå London i vest til Moskva i aust. Men det byrja kring Gåsemyr. Oppunder Jostedalsbreen. I Encyclopædia Britannica heiter det: «Isskjoldet oppstod i Jostedalsbre-området i Noreg og breidde seg til Storbritannia i vest, Midt-Tyskland og Polen i sør, og nesten til Moskva i aust. Det trekte seg attende til Jostedalsbre-området mot slutten av Pleistocene.»

I dag har breen minka frå sju millionar kvadratkilometer til fem hundre, frå Australia- til Andorra-storleik. For alt me veit, vil han byrja å veksa ein dag. Eller forsvinna heilt som i den varme tida i eldre steinalder.

Då eg var her som gardsgut, byrja eg å merka meg teikn i landskapet. At frosten seint på hausten kryssa tregrensa og kraup ned i dalen. At snøen pakka seg, og raset gjekk i fjellsida. At stormfelt skog var verdfull ved. At traktoren ikkje kom til, så me måtte nytta fjordingen. At kyrne kalva her og på nabogarden. Men aldri at han kalva i nabodalen, den største breen på det europeiske fastlandet, for det er han framleis, jamvel om han er liten no, samanlikna med den gongen han var like stor som Australia og definerte verdsdelen vår.

HÅVARD REM

Håvard Rem er forfattar,
poet og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Spranget frå fortidsmenneske til bonde
skjedde i istida.

Ein gong var norskekysten bein og flat.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis