JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Bomtur
til Drevsjø

ENGERDAL: Kommunen hadde ein gullalder i 1960-åra då engerdølen Gjermund Eggen vann tre gull i ski-VM. Sidan har folketalet gått kraftig ned, og nedgangen held fram. Men eg møter mange born. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Murtuza (9), Omid (8) og Mosda (5) kjem frå Afghanistan og bur på Drevsjø asylmottak.

Alle foto: Håvard Rem

12717
20210326

Østerdalen

Håvard Rem fortel frå fortid og notid.

Flatemål: 19 383 km2

Folketal 2020: 50 712

Folketal 2050, låg vekst: 46 454

Fylke: Innlandet

Kommunar: Sør-Østerdalen: Elverum, Åmot, Trysil, Stor-Elvdal og Engerdal. Nord-Østerdalen: Rendalen, Tolga, Tynset, Alvdal, Folldal og Os 

Samarbeidskommunar: Røros og Holtålen, Trøndelag

19. mars: Del 1. Vidar Sandbeck

DEL 2 – DREVSJØ

Regionar i Noreg

havard@dagogtid.no

Kvar er vegen til villmarksmuseet? Eg køyrer langsamt gjennom Drevsjø, den største tettstaden i Engerdal kommune, og ser lenge ikkje eit menneske å spørja. Men så, utanfor eit hus, sit ein kar i solveggen. 

Med svart lugg, høge kinnbein og mørke, smale augo kunne han ha vore ein av dei eg vona å treffa på Drevsjø, frå ein minoritet som i hundreår har sett preg på området. Det har fleire minoritetar: sørsamar, kvenar, skogfinnar, romar. Dei lærte eg mykje om på Glomdalsmuseet i Elverum. Østerdalen og Engerdal har vore ein fleirkulturell region. Men møtet vart utsett. 

Det er heller ikkje bygdefolk å sjå. Å køyra gjennom Engerdal ein sundag er som å fara gjennom eit område like etter svartedauden. Men så får eg auga på karen i solveggen. Han smiler forsiktig når eg stig ut av bilen med solbriller på nasen og Leicaen kring halsen. 

­– Kvar er vegen til villmarksmuseet?

Han ristar på hovudet. Det syner seg at han ikkje skjønar norsk eller engelsk. Litt engelsk kan han, for han spør:

– You from? 

– Oslo. And you?

– Afghanistan.

R-tal

Eg er ikkje den fyrste som dreg på bomtur til Drevsjø. Ein vårdag i 1940 kom kongen og kronprinsen hit, frå Elverum, dei òg, på flukt frå tyskarane, men då Hitler-venlege svenskar ikkje ville sleppa dei over grensa, gjorde dei vendereis og flykta vestover gjennom Østerdalen. Flukta har vorte minne som østerdølar skal fortelje meg om seinare på ferda.  

Svenskegrensa er stengd no òg. Det kjem av pesten. Men det er få smitta her. Så at det er ingen å sjå, kjem ikkje av høgt R-tal. Nei, her er reproduksjonstalet for covid-19 om lag like lågt som reproduksjonstalet for homo sapiens. 

Slik har det ikkje alltid vore. Kommunen er ikkje berre stor – på 2200 kvadratkilometer, fem gonger større enn Oslo – men ung òg, skipa i 1911. Kvifor? Etter sterk auke i folketalet.

Det galdt i heile landet. På eit par generasjonar vart folketalet i Noreg dobla, frå éin til to millionar. Veksten var sterkare enn i dag. Her kring Femunden vart nye kyrkjer bygde og eit sokn og eit herad skipa av område som hadde høyrt til Tolga, Trysil og Rendalen. Noko hadde vel ein gong vore svensk òg – frå asylmottaket er det berre ei halv mil til Sverige. I den nye kommunen budde drygt tusen menneske, ein halv engerdøl per kvadratkilometer. Det meste var villmark. 

Halve flatemålet hadde høyrt til Rendalen, reindalen. Nordfrå hadde enorme villreinflokkar kome hit på vinterbeite. Med det kom menneske òg, gjerne ikkje så bufaste at dei synte seg i folketeljingane. Men det gjorde det veksande talet av bygdefolk. Skogbruk, jordbruk og setring åt seg inn i beita. Nord i kommunen, kring Elgå, held framleis ei samisk busetjing til, den sørlegaste i landet. Soga om samkvem og strid mellom sørsamar og bygdefolk får me høyra meir om når me seinare på ferda kjem til Rendalen. 

Borna

På gardsplassen til asylmottaket i Drevsjø skal eg til å seia høfleg farvel til karen i solveggen då eg plutseleg er kringsett av born. Mange born. Kvar kjem dei frå? Frå den islagde idrettsplassen på hi sida av vegen? Truleg. Frå Asia og Afrika? Ja. For nokre minutt sidan hadde eg ikkje sett ein engerdøl, og no har eg kring meg ti viltre born under ti år. For dei er ikkje språket eit hinder.

– Kven er du, ropar dei.

– Eg skriv i ei avis og no skriv eg om Østerdalen, om Drevsjø.

– Om Elverum, spør Zowi.

– Om Alvdal, spør Omid.

– Om Trysil, spør Nahom. 

Eg vil vita namna. Somme av dei er vanskelege, som namnet på eldstemann i flokken.

– Korleis stavar ein det?

– M-u-r-t-u-z-a, kjem det frå David.

Han er yngst, men stavar namnet kjapt og stødig, slik eg sjølv ein gong lærte å uttala bokstavane.

– Kor gamle er de? 

– Fem, seier David. 

– Ni, svarar Murtuza.

– Sju, seier Mathias.

– Kva land er de frå? 

– Eg og Omid og Mosda er frå Afghanistan, seier Murtuza, før han peikar etter tur på afrikanarane: 

– Og han og han og han og han er frå Etiopia og Eritrea. 

Så peikar han på Leicaen:

– Skal du ta bilete av oss?

– Då lyt de stå der, seier eg og vender dei mot sola.

Dei byrjar å gruppera seg. 

– De muslimar kan stå i lag på eit bilete, seier Mathias.  

– Me muslimar skal stå i lag, seier Murtuza, eldstemann i flokken, og vinkar til seg Omid og Mosda, som er bror og syster. 

Etterpå tek dei fire afrikanarane oppstilling. Eit samla gruppebilete vert det òg. Eg spør: 

– Har de freista å gå på ski? 

– Ja! ropar alle i kor.

Høgst ropar Omid. Han har på seg same luve som langrennarane på landslaget. Mathias peikar på Omid og Murtuza og seier:

– Dei to klarar å hoppa òg.

– Så afghanarane er best på ski? 

Det stadfestar alle. Høgvaksne Murtuza held den eine handa si jamt med halsen:

– Ein gong eg hoppa, var eg så høgt over snøen.

– Landa du på beina? 

– Ja.

Gullalderen

Etter at kommunen vart skipa i 1911, auka folketalet jamt i femti år og passerte 1800 menneske kring 1960. Stordomstida til Engerdal, gullalderen, bokstaveleg tala, toppa seg då engerdølen Gjermund Eggen tok tre gull i ski-VM. Han og tvillingbroren Jo – ein god langrennar, han òg – vart avla det året kongen og kronprinsen flykta gjennom kommunen. Frå 1966 visste heile Noreg, og folk i andre vinterland i verda òg, kvar Engerdal låg. Talet på norske guteborn som vart døypte Gjermund, auka frå 20 til 200 årleg. Då han døydde for to år sidan, hadde om lag 100.000 turistar kome med buss til Engerdal for å sjå huset og premiesamlinga. 

Han var engerdalsprinsen som vart skikongen, ein ung og kjekk, høg og mørk langrennar, av utsjånad, fødselsår og popularitet som ei heimsleg blanding av George Best og Paul McCartney. Popstjerne vart han òg, med songar skrivne av østerdølen Vidar Sandbeck, som hadde kniva om fyrsteplassen på VG-lista med ein annan Gjermund Eggen-look-alike, Cliff Richard.

Eg kom til å tenkja på ein av songane, «Engerdalsvalsen», i ein vegkross på Drevsjø. Der stogga eg for å ta bilete av eit hus med skiltet «Rom for reisende». Då eg parkerte utanfor huset på hi sida av vegen, såg eg det fyrste teiknet til levande i kommunen, ei rørsle i ei gardin. 

I Engerdal, i Engerdal 

med raude georginer i glaset 

med sau og ku og båt og bu 

og rugde med reir neri graset 

Folketalet

Etter å ha nådd ein topp med drygt 1800 engerdølar kring 1960 har folketalet gått jamt nedover. I dag bur det kring 1200 i kommunen, ikkje stort fleire enn det gjorde då han vart skipa i 1911. 

Ein kunne elles ha trudd at det ville verta enklare å bu i eit avsides område frå og med 1960-åra, då kvardagen vart tryggare med innlagd straum og vatn, med privatbil og fjernsyn, og eit meir velutvikla trygdesystem, men det ser ikkje ut til at moderne fasilitetar motverkar fråflytting og låge fødselstal. 

Skal ein tru framskrivingane til Statistisk sentralbyrå, vil folketalet i Engerdal halda fram med å gå ned. I låg vekst-scenariet vil det om ein mannsalder nærma seg den symboltunge grensa på tusen innbyggjarar. Då er folketalet i Engerdal nær halvert sidan eg vart fødd, ein nedgang så bratt og brå at ein ikkje kjenner andre historiske parallellar enn svartedauden for snart 700 år sidan. 

Te og kjeks

Borna kryssar vegen i vilter flokk på veg attende til idrettsplassen. Den eldste vert att. 

– Kvar ligg villmarksmuseet? 

– Den vegen, peikar Murtuza. 

– Takk. Bur du her? 

– Ja, der borte, seier han og peikar mot ein av dei mange raudmåla firemannsbustadene på området.

– Kor lenge har du vore her? 

– Eg har vore her i snart fem år, seier han og peikar opp på den blå himmelen: – Sjå flyet! Det går kjempefort. I stad var det der, og berre etter eit minutt er det der. Er fly raskare enn alt?

– Rakettar er raskare.

– Men etter rakettane er det fly?

– Noko er raskare enn rakettane òg.

– Kva då? 

– Tankane.

– Ååååå. Tankene, ja, dei går fort, seier han.

– Om eg brått tenkjer på eit land eg har vore i, er tankane der. Kvar i Afghanistan kjem du frå? 

– Det veit eg ikkje.

Eg nikkar mot solveggen:

– Er det far din som sit der borte?

– Nei, han er far til Omid, seier Murtuza.

Den vaksne mannen kjem ruslande. Han syner meg ID-kortet. Opphaldsløyvet gjekk ut før jul. Kan henda har han fått nytt opphaldsløyve, berre ikkje nytt ID-kort. Men slikt er for komplisert å prata om, jamvel om borna omset. 

– Norway good?

– Norway good.

– And cold?

I tidlegare Hedmark fylke hadde Engerdal kulderekorden. I januar 1987 vart det målt minus 47 grader på Drevsjø. Om sumaren er snittemperaturen 10–­12 grader. 

– Afghanistan cold too. Snow. 

Så nikkar han mot eit av dei raude husa og spør:

– Tea?

– Tea? Thanks.

Aldring

Gjer det noko at folketalet går ned? Ein kan vel ikkje alltid forventa vekst? Det vert litt større fråstand mellom grannane, men kva så? Vel, nedgangen i folketal kjem ikkje berre i form av ein mindre folkesetnad. Det er ikkje slik at Engerdal – og ei rekkje av dei andre kommunane i Østerdalen – held fram med å vera eit tverrsnitt av ein normalpopulasjon, berre i ei slankare utgåve. 

Nei, folkesetnaden vert ikkje berre mindre, men heilt annleis samansett. Ein pyramide står støtt når han er breiare nedst enn øvst, med fleire unge enn eldre. I dei dystre scenarioa, med låg vekst og sterk aldring, er folkesetnadspyramiden snudd heilt på hovudet om berre ein generasjon, med langt fleire gamle enn unge.

Av karar under 20 år er då fire av ti borte, medan talet på karar over 65 år har auka tilsvarande, med 40 prosent. For kvar ungdom vil det vera tre pensjonistar. I reine tal vert det fleire menneske over 65 år enn mellom 20 og 65 år. Ikkje berre vert det fleire pensjonistar enn folk i arbeidsfør alder, men av folk i arbeidsfør alder vil stadig fleire vera uføre. 

Gjer det noko? Utviklinga er sjølvsagt ikkje liv laga, korkje for helsestellet eller pengestellet. I fjor kom åtte menneske til verda i Engerdal, og det hjelpte lite at like få døydde. Folketalet gjekk ned på grunn av fråflytting. Og den triste utviklinga kjem i seg sjølv til å akselerera utviklinga. 

Tiltak?

Kva skal ein gjera? Kan ein ikkje berre leggja kommunen ned? Er ikkje det i tida? Slå han i lag med grannekommunane han ein gong vart skild ut frå? Om folketalsauke sytte for at ein kommune vart skipa, kan vel nedgang syta for nedlegging? Det meste av Engerdal er villmark og naturreservat same kva. Kan ein ikkje gjera heile kommunen til reservat? Av villmark er du komen, til villmark skal du bli. 

Viktig for busetjinga og det sosiale livet i ein utkantkommune er at næraste by ligg i pendlarfråstand. Me skal seinare vitja kommunar i Østerdalen der nærleiken til by medverkar til å svekkja og kan henda snu utviklinga. Men Østerdalen har få byar, og frå Drevsjø tek det om lag fire timar å køyra tur-retur næraste by eller større tettstad, til Røros eller Elverum, Tynset eller Alvdal. 

Kva andre alternativ har ein? Skal ein oppmoda den stadig mindre delen av engerdølar i fertil alder om å få fleire born? Det går ikkje. Nordmenn har fått andre verdiar. Det er nok enklare å auka hundehaldet i kommunen. Og dei ekstra borna ville vel i alle høve ha flytta frå kommunen før dei sjølve fekk born eller bikkje. 

Er tilflytting eit alternativ? Om bil og fjernsyn ikkje snudde nedgangen for 50 år sidan, vil ikkje fiber og FaceTime snu han no. Når skule og butikk, kino og kafé forsvinn eller trugar med å forsvinna, kjem ikkje nye arbeidsplassar i staden. 

Tolkane

Det vert nokre hyggjelege timar med te og kjeks i husværet i fyrste etasje i den raude firemannsbustaden. Her bur sju menneske – mor og far, farmor og fire born mellom fem og tolv år, to gutar og to jenter. 

Når ein av ungane har ro på seg til å vera nokre minutt i stova, er dei der som tolkar, og det er keisamt. Ingen av dei vaksne pratar språk eg skjønar, men for dei ser ikkje det ut til å leggja ein dempar på stemninga. Dei smiler og hyggjer seg med kvarandre og vitjinga, med servering og litt oppvask, glade for å syna heimen til ein reisande. 

Etter kvart tykkjer eg at ferda til Drevsjø ikkje vart nokon bomtur. Men som dei kongelege for 81 år sidan må eg vidare, og som dei legg eg no reisa vestover gjennom Østerdalen, mot Stor-Elvdal, Rondane og Dovre.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Folketalet i Engerdal vil nær verta halvert berre i mi levetid.

Eg ser ikkje eit menneske før eg brått er kringsett av born. Mange born.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis