JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokFeature

Ein standard for komande slekter

Novella «Dei døde» har eit univers av meiningar som lesarane kan gå på oppdagingsferd i.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5464
20170519
5464
20170519

Verdsklassikarserie

James Joyce:

Dei døde

Omsett av Jon Fosse
Skald

Dag og Tid har som politikk ikkje å skriva om, men nynorsk. Av og til krev saka sjølv likevel at ein bryt med dette prinsippet, slik som no, når eg skal omtala utgjevinga av Fosses omsetjing av The Dead til nynorsk. Boka kjem ut på eit lite nynorskforlag, Skald, som gledeleg nok ikkje berre satsar på kvalitet, men òg på bibliofili (kjærleik til boka som eit fysisk objekt). Dette gjeld ikkje berre den utvendige utforminga, men særlig skrifttypane, som er eigenutvikla for Skalds serie med omsetjing av klassikarar.

Ein slik serie er i tillegg eit viktig bidrag til å utvikla den nynorske skriftkulturen. Dette har ikkje å gjera med husmannsånd, og sjølvsagt kan dei fleste i Noreg lesa Joyce på det engelske originalspråket. Men store diktarar utvidar språket dei skriv på, og når språket deira vert omsett til eit nytt språk, hjelper det dette språket til slik utviding. Det opnar rom som brukarane av det nye språket, særleg diktarar, kan utnytta.

Språkleg sprengkraft

Skal ein litterær import ha språkleg sprengkraft, er det sjølvsagt ein føresetnad at omsetjaren er god nok. I dette tilfellet går omsetjaren, Jon Fosse, for å vere ein av dei beste språkkunstnarane vi har i dag. Han kan til og med samanliknast med Joyce ved at nokon finn det bryet verdt å påpeika at han, lik Joyce, ikkje har fått nokon Nobelpris.

Difor er det ikkje rart at lesarane etter kort tids lesing får illusjonen av at dette eigentleg er ein original nynorsktekst. Ikkje rart av andre grunnar òg: Irar som ikkje brukar keltisk, men engelsk, kan jo, som ein minoritet på dei britiske øyene, samanliknast med nynorskbrukarar. Eigentleg burde dei ha skrive «nyengelsk».

Korleis gjer så Fosses omsetjing nynorsk skriftkultur rikare? «Dei døde» er den siste og lengste novella i ei samling på 15 noveller utgjevne i 1914 under namnet Dubliners. Novellene er ordna i tre delar, slik at dei skildrar barndom, ungdom og vaksenliv i og ikring Dublin rundt 1900. No ja, slikt har vi vel nok av både på bokmål og nynorsk? Men Joyce gjer noko med slike skildringar som vi ikkje er så vane med i norsk litteratur.

Lag med meining

Sjølv når han skriv realistisk, slik som her, men òg når han bryt med naturalismen slik han seinare gjer det i Ulysses og Finnegans Wake, er teksten full av lag med meining som går ut over det kvardagslege. Joyce har bakgrunn i ein katolsk-irsk kultur som dessutan er full av songar og segner. Samstundes var han ein europear som levde mesteparten av livet sitt på det europeiske kontinentet, og tok opp i seg ein felles europeisk kultur.

I Ulysses kan vi sjølvsagt finna spor av Homer, medan Finnegans Wake mellom anna refererer til Wagners Ring. Dette gjer at tekstane til Joyce er tilsynelatande enkle og tilforlatelege, samstundes som dei er komplekse og innhaldsrike.

Avslutningsnovella i Dubliners, «Dei døde», illustrerer dette i særleg grad. Ho handlar på overflata om noko så vanleg som eit årleg juleball heime hos dei to gamle tantene til hovudpersonen, Gabriel. Ein usynleg forteljar med tilgang til tankane hans fortel om korleis gjestane kjem inn frå Dublins snøvêr, går opp til andre høgda, kler av seg ytterklede, helser, snakkar og dansar og vert serverte mat og drikke. Gabriel held ein tale, og til slutt dreg alle heim til sitt, medan Gabriel og kona, Gretta, tar inn på hotell av di dei bur litt utanfor byen. Det snør meir.

Alt dette vert fortalt realistisk detaljert, som om vi ser det gjennom eit handhalde kamera. Men det som eigentleg hender, er at mot slutten vert dette vanebundne, kvardagslege rive sund ved at Gabriel får ein epifani, noko som er eit kompositorisk og innhaldsmessig hovudtema hos Joyce: Epifani tyder «openberring», særleg av det heilage, men hos Joyce av det eigentlege indre hos ein person. Ikkje fjernt frå det Aristoteles kallar peripeteia, eller «omslaget», der det til dømes blir avslørt at Oidipus er gift med mor si. I «Dei døde» får hovudpersonen auge på korleis døden er eit komande nærvær ved at kona hans bryt ut i gråt då ho høyrer nokon syngja same ballade som ein sjuk og avliden ungdomskjærast ein gong song for henne, medan han fortalde at han heller ville døy enn leva. Gabriel skjønar at snart vil tantene døy. Og han sjølv? Alle døyr aleine.

Ein klassikar

Men det er òg andre lag av meining til stades: Vi må tru festen er på heilage tre kongars dag, då ikkje-jødane fekk ein epifani då dei vitja Jesusbarnet. Og den sjuke, lidande vennen til Gretta, liknar ikkje han på Jesus, som òg ville døy? Og liknar ikkje Gretta på Maria? Og kvifor heiter hovudpersonen Gabriel? Var det ikkje han som fortalde Maria om svangerskapen? Songen Gretta reagerer på, handlar om ei ung svanger kvinne som ikkje får plass i herberget.

Jau, men så eintydig er det forresten heller ikkje. Det som er sikkert, er at «Dei døde» er eit univers av meiningar som lesarane kan gå på oppdagingsferd i. Eg tenkjer at Jon Fosse sjølv kan ha tenkt sitt under omsetjinga. Det er ein grunn til at ein tekst vert ein klassikar: Han vert ein standard for komande slekter. Slike treng vi òg i det norske språket.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor i filosofi ved Universitetet i Oslo og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tekstane til Joyce er tilsynelatande enkle og tilforlatelege, samstundes som dei er komplekse og innhaldsrike.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis