Sport
Bodyguard i kjellarstova
På Bodyguarden frå 1980-talet kunne ein stille motstanden så lågt at føtene gjekk av seg sjølv.
Foto: NTB
Trimsykkel i kjellarstova var ei 1980-talsgreie. Gjerne ved sida av eit solarium som lyste blått ut vindauget på kveldane. For det var ein tilsynelatande topp kombinasjon: veltrena og brun, utan å gå ut.
Av helsemessige årsaker vart solmaskinen fjerna i dei fleste heimar, men kva skjedde med trimsykkelen? Plutseleg var han ikkje like populær.
Han vart danka ut av trening i friluft. Det var nemleg ein gong etter 80-talet at me for alvor forstod effekten av å komme oss ut i friluft. Trimsykkel i kjellaren var ikkje lenger eit symbol på ein vellukka heim.
Men så var han plutseleg der igjen, om lag 30 år seinare, nærare bestemt 12. mars 2020. For alle veit kva som skjedde i Noreg den datoen. Vi vart stengde inne, og sportsbutikkane vart skraptomme for treningsutstyr. Sjølv om trenden eigentleg skreik friluftsliv og kom deg ut blant folk, vart vi nok ein gong fint nøydde til å dra fram trimsykkelen og vektmanualane, som ein gong matcha vassenga.
Fordelen med å sykle inne er at det er skånsamt for ledd og musklar. Ulempa er, utanom at du ikkje kjem deg ut, at sykkelen står i ro.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.