JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Ei politisk maskin

Bertel Haarder har vore dansk minister i 7904 dagar. Få av dei har vore rolege.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I over ein generasjon har Haarder vore Danmarks mest populære minister, både hjå veljarane og hjå ulike statsministrar.

Foto: venstre.dk

12652
20170331

Bertel Haarder

Kultur- og kyrkjeminister frå juni 2015 til november 2016.

Innanriks- og helseminister frå februar 2010 til oktober 2011.

Undervisningsminister og minister for nordisk samarbeid frå november 2007 til februar 2010.

Undervisnings- og kyrkjeminister frå februar 2005 til november 2007.

Integrerings- og utviklingsminister frå august 2004 til februar 2005.

Integreringsminister frå januar 2003 til august 2004.

Integrerings- og Europaminister frå november 2001 til januar 2003.

Undervisnings- og forskingsminister frå september 1987 til januar 1993.

Undervisningsminister frå september 1982 til september 1987.

jon@dagogtid.no

Det er noko dobbelt over den karakteristiske utsjånaden til Bertel Haarder. På den eine sida minner han meg om den gamle farfaren min heime på garden, mager og pen i tyet når han skulle ut mellom folk. Haarder ser ut som eldre bønder såg ut før velstanden og fjernsynet velta inn over landa. På den andre sida har han noko av vargen over seg, det er noko med det svoltne blikket og den raske gangen han nyttar når han kjem mot meg på Munch-museet. Men det kan òg vera at kona har gjeve han melding om å få intervjuet snøgt unna.

Det er ikkje til å koma forbi: Eg vil verta likt av Haarder, samstundes som eg er på vakt og er noko redd for mannen. Han har skjelt meg ut før.

I over éin generasjon har Haarder vore Danmarks mest populære minister, både hjå veljarane og ulike statsministrar. Lengda på perioden hans som sitjande minister vert hard å slå. Sidan 1980-åra har han sete i 22 år, som vel må vera dansk rekord, ymtar eg frampå om.

– Nja, om vi avgrensar oss til siste dei 115 åra, har eg rekorden, ja.

Eg har møtt Haarder ved fleire høve. Fyrste gongen var då eg intervjua han for Morgenbladet i 2003. Då var han dansk innvandrings- og Europa-minister og stod i spissen for den kraftigaste innstraminga i innvandringspolitikken nokon gong i eit EU-land, ein politikk ei rekkje land har kopiert seinare. Litt ut i intervjuet byrja eg med den vanlege klisjékritikken om at innstramingane var inhumane, og eg viste til ulike kritikarar. Sverige, Noreg, FN, fandens oldemor og eg vart skjelt ut på ein så kraftfull måte at eg vart stum. Særleg var han irritert på Erna Solberg, som rett før hadde skulda Danmark for ikkje å ville taka attende asylsøkjarar etter Dublin-konvensjonen. «Dette er fullstendig vrøvl!» sa han. «Jeg er lei av at det norske Departementet og ministeren underholder offentligheten med feilaktige påstander!»

Det heile var særs imponerande og altså ikkje så lite skræmande. Men både då eg kom og då eg gjekk, var han blid som ei lerke og særs sjarmerande. Haarder er dansk meister i det amerikanarar kallar sandwichkritikk: Fyrst er ein hyggeleg, så kjem ein med kritikken, og så er ein hyggeleg på ny.

Så har han altså lang røynsle. I si tid var han Danmarks yngste fylkesordførar, han har vore nestformann i EU-parlamentet, president i Nordisk Råd og medlem i alle borgarlege regjeringar i Danmark sidan Paul Schlüter utnemnde han til undervisingsminister i 1982, ei stilling han hadde dei neste 11 åra. Til saman har han vore undervisningsminister i 15 år. Samla tid i regjering var, då han gjekk av som kulturminister i haust, 7904 dagar. Dei fleste av desse dagane har han funne tid til å skjella ut ein eller fleire journalistar, noko som har vore særs populært i Danmark, for også der er vi journalistar mindre populære enn politikarane.

Men i haust vart altså 72-åringen, som tek attval ved neste val, kasta ut av regjeringa av den etter kvart stadig meir upopulære statsministeren Lars Løkke Rasmussen.

– To nye parti skulle ha ministerpostar (Liberal Alliance (LA) og De konservative, red. merk.). Mette Bock, systera til leiaren av LA, Anders Samuelsen, ville absolutt ha min ministerpost, og då gav statsministeren etter. Men eg vil streka under at Bock er kvalifisert både på kyrkje- og kulturområdet.

– Eg har intervjua henne. Ho er vel ikkje kvalifisert?

– Du får ikkje meg til å seia eit einaste stygt ord om mine etterfylgjarar. Men ja, eg var særs skuffa og tykte det var djupt urimeleg. Men eg skal vel ikkje klaga, sidan eg har sete i så mange år.

– Skal du ikkje eigentleg klaga? Det har ikkje nett gått bra med regjeringa etter at du gjekk av.

– Jau, det kan vi nok trygt seia at du har rett i. Eg har vondt for å forstå at eg ikkje hadde ein verdi for regjeringa, sidan eg altså er den mest populære politikaren i Danmark. Eg representerer dessutan ein del av Venstre som eg meiner Lars Løkke (ingen seier Rasmussen om Løkke i Danmark sidan «alle» heiter Rasmussen i Danmark, red. merk.) bør taka omsyn til. Men nei.

– Sa Løkke noko til deg?

– Ja då. Han ringde sundagskvelden og klaga mykje over at han måtte laga ei ny regjering. Men vi forstår alle at han prøvde å berga seg sjølv. Når det er sagt: Ein statsminister har alltid rett til å berga seg sjølv.

Bakgrunnen for regjeringsendringa var at LA ville ha ei velferdsreform og lette i toppskattane i Danmark. Danmark har – om vi ser vekk frå oljefyrte Noreg – flest personar i OECD på velferdsytingar. I tillegg har landet Europas hardaste skattetrykk. Som støtteparti på Folketinget stilte LA krav om å få ned skattetrykket, men det nekta Dansk Folkeparti å vera med på. Løkke gav difor det vesle partiet heile seks ministerpostar for å få dei til å gå bort frå kravet om skattelette.

– Dette var elles ein heilt urimeleg kompensasjon for eit så lite parti.

– Men kvifor er dansk politikk så låst? Skattesystemet dykkar er i tillegg til å vera hardt heilt kaotisk. Både Noreg og Sverige har fått til skattereformer.

– Danskane ynskjer ikkje endring. 60 prosent av veljarane er avhengige av statskassa. Dei er livredde for å tapa noko.

– Men stikk ikkje det heile litt djupare? Eg har inntrykk av at danskane vil ha det som i 1972. «Den danske hygge» er særs konservativ, skal ein tru all reklamen de nyttar i Noreg.

– Danskar meiner i fullt alvor at Danmark er verdas beste land og at ingen er så lykkelege som dei. Då er det ingen grunn til å endra noko som helst. Men på eitt felt vantar danskane tillit, og det er tilliten til at politikarar kan gjera ting betre. Når regjeringa kjem og seier at «no skal vi gjennomføre reformer for at vi skal få det betre om fem, ti og femten år, når vi alle vert eldre», nektar danskane å tru på det.

Her hamnar vi i ei lang samtale som munnar ut i ein konklusjon om det endå vil gå lang tid før det vert mogleg å reformera Danmark slik at landet er førebudd på eldrebylgja, ein diskusjon som ikkje er ulik den politiske menneske har i Noreg. Eg spør difor Haarder om han er frustrert over at alle åra han har vigd til politikk, har enda opp i stillstand.

– Nei, det er eg ikkje, for eg har vore med på reformer før. Då eg gjekk inn i mi fyrste regjering, var Danmark nær bankerotten. Vi hadde ekstreme underskot på handelsbalansen, vi hadde svære underskot på statsbudsjettet, stor arbeidsløyse og høg inflasjon, og så kom nedgangen i oljeprisen. I dei siste åra til Anker Jørgensen vart Danmark køyrt på felgen. Så kom Schlüter-regjeringa, og vi gjennomførte innsparingar og ei rekkje reformer. I nær alle år sidan har økonomien vore god. Vi har store overskot på handelsbalansen og særs låg skuld. Ja, no treng vi nye reformer føre eldrebylgja, men eg har for svarte vore med å betra Danmark!

Så kjem det Haarder er mest stolt av, tida som undervisingsminister.

– Haldningane eg kom inn i ministeriet med, vert no delt av stort sett alle (tradisjonell tavleundervising, disiplin og vektlegging av basiskunnskap, red. merk.). Men den gongen var eg ein rebell og ein opprørar. Nett det tilsvarande skjedde då eg vart innvandringsminister. Endringane eg fekk gjennom på utlendingsfeltet, og der spelte eg personleg ei heilt avgjerande rolle, om eg skal vera blyg, er no berre standard politikk og har vorte det i ei rekkje europeiske land.

Bertel Haarder hadde eit godt liv i Brussel i åra før Anders Fogh Rasmussen vart statsminister i 2001. Fogh, som han vert kalla i Danmark, var heilt avhengig av støtte frå Dansk Folkeparti, og måtte difor strama sterkt inn i dansk innvandring. Ansvaret for å få til dette fall som nemnt på Haarder, som måtte stå i den til då største internasjonale stormen Danmark har stått i i etterkrigstida. Kvar dag stod det nærast ein kø av internasjonale journalistar utanfor døra til Haarder. Danmark møtte skuldingar om å vera halvfascistisk og brunt. Haarder seier at han i grunnen treivst med det heile.

– Og no har altså også de i Noreg kopiert politikken vår, og på heimsending er de endå mykje skarpare enn vi er. Du skal òg hugsa at kritikken slo ut positivt for meg; eg vart populær og var vel regjeringas sterkaste kort. Støtta for den politikken eg laga, var massiv. Dessutan hadde eg internasjonal erfaring frå Brussel, og koste meg med å møta internasjonale journalistar gong på gong på gong. Og om eg må seia det sjølv, eg trur eg var nokså flink der.

Det var Haarder, kunne eg ved sjølvsyn konstatera, men alt var ikkje like greitt.

– Eg møtte i fire år ein konstant hets i Danmark, særleg frå Radikale Venstre, og i 2005 laga dei ein valkampvideo som skildra meg som rein vondskap. Då vart eg gåen. Trøysta får vera at eg aldri har fått så mange personlege røyster som det året. Då eg så ikkje vart EU-kommissær same året, og der var eg den mest opplagde kandidaten, sidan eg hadde hatt mest røynsle frå Brussel, vore Europa-minister og hatt eit stort ansvar for Danmarks særs vellukka EU-formannskap, ringde eg Fogh, som ville halda meg fast i posten som innvandringsminister, og sa: «Sidan du nektar meg å verta EU-kommissær, vil eg bort frå denne posten.» Eg fekk den gamle stillinga som undervisningsminister att.

Fogh er ein statsminister som kjem til å verta hugsa, ikkje for reformer, men for innvandringspolitikken og for Muhammed-krisa, der han avviste å be den muslimske verda om orsaking, og nekta å møta ambassadørar frå muslimske land til dialog. Fogh var hyperliberalisten som enda opp som ein djupt konservativ nasjonalist og motstandar av multikultur – om vi skal tru mediebiletet. Haarder skildrar Fogh nærast som autist.

– Tilhøvet mitt til han var heilt forretningsbasert. Fogh hadde ingen venar. Venar har aldri eksistert i livet hans. Derfor vart han også ein god leiar. For sidan han ikkje hadde venar, hadde han heller ikkje uvenar. Men han er aldeles usosial. Til dømes sa han aldri «god morgon», han helste ikkje eingong på dei som arbeidde med han dagleg.

Haarder er fyrst og fremst skulemann. Han voks opp med ein far som var folkehøgskulerektor, og sjølv tok han hovudfag på Grundtvigs fridomssyn med særleg vekt på undervising. Han er i tillegg gift med ein lærar og har skrive fleire bøker om skulen.

– Kunnskapsskulen som du stod i front for, er no norma overalt, då sett vekk frå byråkratiseringa, men kvifor gjer korkje Noreg eller Danmark det betre på alle desse internasjonale kunnskapstestane?

– Ein skule er aldri betre enn det som går føre seg mellom lærar og elev i klasseromet. Det er der kvaliteten skal syna seg. Alt står og fell på lærarane, som diverre har ein svært demokratisk og slapp kultur. Dei har i mange tiår no nesten eksklusivt tenkt likskap, noko som paradoksalt nok har skapt stor ulikskap. Den skulen eg gjekk i, der terping var det sentrale, og vi kvikke måtte sitja og venta på dei mindre kvikke, skapte likskap. Individuell tilpassing har ikkje nett skapt likskap og læringskultur. Og på toppen har det vorte slik at det mellom lærarar i Danmark har etablert seg ein sutrekultur. Det er så mykje klaging at det er lett å forstå at dei flinke ikkje vil inn i skulen.

Her viser Haarder som så mange andre til Finland.

– Eg burde ikkje seia det, men i Finland er det dei med den beste eksamenen frå gymnaset som vil verta lærarar. Ni av ti som søkjer, vert avviste. I Finland sutrar ein ikkje. I Danmark vert alle som søkjer, tekne opp i lærarutdaninga, og alle er ikkje rett gode. Og når dei vert lærarar, går dei rundt med T-skjorter med ein bodskap på i staden for å gå med dressjakke og slips. Dei har ikkje ein gong fått med seg at dei som kler seg pent, får høgre løn.

– Men kvifor har du så ofte vore sint?

– Er eg det, då? I Danmark seier dei at eg er – kva er ordet no igjen – jau, autentisk.

Etter intervjuet kom eg på at eg hadde gløymt å stilla eit innlysande spørsmål. Eg sender han ein SMS: «Når du var så populær, kvifor prøvde du ikkje å taka makta i Venstre?» Haarder er lur nok til ikkje å svara.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Anders Fogh Rasmussen hadde ingen venar. Venar har aldri eksistert i livet hans.

Bertel Haarder

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis