JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

By og land,
mann mot mann

Frp har vorte eit meir liberalistisk og ansvarleg parti.
Men dei forstår framleis ikkje kva «samfunnsøkonomisk lønsamt» tyder.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Siv Jensen står for ein heilt annan politikk som finansminister enn som partileiar. Men ho har òg makta å gjera Frp til eit statsberande parti.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

11616
20170428

Bakgrunn

Framstegspartiet

Partiet vart skipa i 1973 som Anders Lange­s Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep (ALP) og endra namn til Fremskrittspartiet (Framstegspartiet) i 1977.

Partiet har aldri vore i regjering.

Merkesakene er skatte- og avgiftslette, redusert innvandring og dramatisk auka satsing på helse, omsorg og samferdsle.

Melding

jon@dagogtid.no

Partiprogram minner om lærarplanar i skulen. Dei er fylte med ynske om kva som bør gjerast, og dei er så godt som utan planar for korleis ein skal få oppfylt ynska. Nett læreplanar har underskrivne litt røynsle med. Då eg skreiv bok om skulen, gjekk eg gjennom alle læreplanane for grunnskulen. Eg lyt vedgå at dei sådde ein viss irritasjon i meg mot éi folkegruppe. Læreplanane sa ingenting om det store vi nordeuropearar og nordmenn har oppnådd, dei nemnde heller ikkje jødeforfylgingane eller tatarane, nei, berre éi etnisk eller nasjonal gruppe vart nemnd, og det gong på gong, nemleg samane.

Lat meg få seia: Eg har ingenting imot samane. Men samane dukka opp både i biologi, religion og historie, og ikkje minst i norsk. Det var ikkje måte på kor dårleg samvit norske skuleborn skulle få for alt det fæle vi hadde gjort mot samane. Vi nordmenn var tydelegvis mellom dei verste koloniherrane i verdssoga.

Difor fekk eg von, då eg byrja lesinga av programutkastet, om at programkomiteen til Framstegspartiet hadde funne attende til rytmen og grunntonen sin. For om vi går ut frå at det fyrste nokon seier, er det som er viktigast for vedkomande, så er samane særs viktige for Frp. Alt i fyrste avsnitt på den fyrste brødtekstsida dukkar nemleg denne setninga opp: «Stemmeretten skal være allmenn og ikke begrenset til bestemte etniske grupper, derfor vil vi avvikle Sametinget.»

«Dette vert alt anna enn politisk korrekt», tenkte eg. «Endeleg skal eg få noko interessant å lesa.»

Eg tok feil. Frps program er minst like keisamt som dei andre partiprogramma.

Statsberande

Etter å ha gått gjennom alle partiprogramma, sett bort frå programmet til Raudt, som vert meldt seinare, har eg kome til at dei tre tradisjonelt statsberande partia i Noreg, Ap, Høgre og Sp, har fått selskap av Frp. Ja, Frp gjer seg framleis nokre merkeleg tankar, men det gjer dei andre statsberande partia òg. Frp har, så underleg som det enn kan høyrast ut, laga eit program ein kan regjera ut frå. Dei fleste overboda er borte. Særleg innanfor helse og omsorg har dei gått bort frå tanken om at det finst uendeleg med ressursar der ute. I staden har programkomiteen lagt mykje meir vekt på den liberalistiske arven enn det som har vore vanleg dei siste 20 åra. Frp vil no endra den norske staten og skapa økonomisk vekst gjennom konkurranseutsetting, likehandsaming av offentlege og private aktørar og ei skattereform basert på nøytralitet og like skattesatsar.

I den økonomiske politikken har Frp i tillegg eit par fordelar som dei andre partia ikkje har eller vil ha: Dei sparar store pengar på innvandring og i klimapolitikken. På innvandringsfeltet vil Frp enkelt og greitt kopiera den australske asylpolitikken, som inneber vern i tredjeland og at ein ikkje kan søkja asyl frå trygge område. Altså får ikkje asylsøkjarar høve til å søkja asyl på grensa til Noreg, så sant desse ikkje er forfylgde i grannelandet. Ein slik politikk vil truleg kunne spara Noreg for rundt 3 prosent av verdiskapinga (BNP) på sikt.

Frp krev òg at nye energiprosjekt og kutt i CO2-utsleppa skal vera baserte på økonomisk logikk. Dei vil, som Jens Stoltenberg, ha samfunnsøkonomien inn i klimapolitikken. Her sparar Frp truleg nye 2–3 prosent av BNP. Og dette gjer dei samstundes som dei vedgår at «Jordens klima skifter over tid, av både naturlige endringer og gjennom menneskeskapte bidrag», som er nett det FNs klimapanel og så godt som alle seriøse klimaforskarar meiner. Formuleringa vil sjølvsagt føra til opprør på landsmøtet, men per i dag er det lite som tyder på at leiinga ikkje får fleirtal for dette vedtaket. Rabulistane i Frp godtek altså menneskeskapte klimaendringar. Kven skulle trudd det?

Bort med reguleringar

Det kan heller ikkje vera mykje tvil om at ei rekkje av tiltaka Frp ynskjer å gjennomføra, vil gje AS Noreg høgre nasjonalinntekt. Fisk, til dømes, er i motsetnad til det mange trur, ikkje særleg lønsamt for Noreg, syner Nasjonalbudsjettet. Dei norske fiskeria går rundt utan subsidiar å snakka om, men dei gjer heller ikkje nasjonalinntekta høgre. Det vil seia at havfisket er sjølvfinansierande, men ikkje meir. Frp vil skrota leveringsplikt og krav om små båtar og lokale kvotar. Fisken skal opp på mest mogleg effektivt vis. Det vil truleg auka nasjonalinntekta monaleg; produktivitetssvekst er lønsamt. Det same vil truleg skje om partiet får gjennomslag for langt fleire oppdrettsanlegg langs kysten. Kva dei som bur langs kysten, vil meina om dette, er derimot ei anna soge; sentralisering og liberalisme er ikkje nett vinnarsaker i Noreg for tida.

Men ja, mykje av Frps program er nærast ei lærebok i korleis ein skal auka velstanden: Nye og store vasskraftprosjekt baserte på magasin, mykje mindre støtte til bøndene, mykje meir frihandel, mykje billigare transport, flat skatt og ei rekkje produktivitetsreformer i kombinasjon med mindre innvandring og ein klimapolitikk basert på samfunnsøkonomisk tenking, vil vera bra for den samla økonomien i Noreg. Men då har vi ofra bøndene, fiskarane, asylsøkjarane og store delar av distrikta på vegen. Frp er viljuge til å knusa egg i ein skala vi knapt har sett sidan Gro.

Oljefondtøv

Likevel: Innimellom er det nærast som programkomiteen får tics. Det er som om dei må skriva noko som ikkje gjev meining, eventuelt helsa heim att til Carl I. Hagen. Som kjent har finansminister Siv Jensen, som er leiar av Frp, nett endra handlingsregelen – ei endring ho vert hylla for av så godt som alle norske fagøkonomar. Ho har slege fast at vi ikkje kan nytta 4 prosent av Oljefondet over tid, berre 3. I statsbudsjettet til hausten har ho òg varsla andre endringar som vil gjera det endå meir vanskeleg å taka hol på sparegrisen.

Programkomiteen tek ikkje slike smålege omsyn. Ja, komiteen seier at Frp vil taka omsyn til handlingsregelen, men på eit anna, lurare vis enn partileiar Jensen vil. Det programkomiteen skriv, heng ikkje på ei einaste samfunnsøkonomisk greip. Litt forenkla, men ikkje mykje: Eit offentleg prosjekt er lønsamt om det går an å finansiera det med private pengar. Eit samfunnsøkonomisk lønsamt prosjekt er eit prosjekt vi tener pengar på å gjennomføra. Når til dømes produsentar av fallkraft og vindkraft seier at det dei vil laga, er samfunnsøkonomisk lønsamt, samstundes som dei bed oss andre om subsidiar, har dei ikkje forstått kva dei snakkar om. Om vindkraft hadde vore samfunnsøkonomisk lønsamt, ville bankane ha finansiert utbygging, og investorane ville stått i kø for å gje utbyggjarane eigenkapital. Dei hadde ikkje trunge skattepengane vi andre betaler. Frp vil nytta Oljefondet til å byggja endå fleire vindmøller. (Ja, vindmøller er her brukt metaforisk.)

Eple og pærer

Programkomiteen viser til at når selskap som staten er del- eller heileigar i, og som driv på kommersielle vilkår, treng ny kapital for å investera meir, stiller staten opp så lenge staten meiner dei planlagde investeringane er lønsame. Desse investeringane fell utanfor handlingsregelen, og staten reknar dei som sparing. Staten gjer dette av di dei vil halda på ein kontrollerande majoritet i desse selskapa, og få meiravkastning på investeringar. Men så kjem det: «Denne praksisen må også gjelde samfunnsøkonomisk lønnsomme investeringer i infrastruktur, sentral bygningsmasse og store kapitalvarer.» Kort sagt: Frp vil nytta pengar frå Oljefondet for å byggja massivt nytt i Noreg, særleg innanfor samferdsel.

Dette er med respekt å melda meiningslaust. Lat oss nytta litt plass på Frps samferdselspolitikk: Før påske la samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen fram Nasjonal transportplan (NTP). Der presenterte han norske samferdselsinvesteringar dei neste 12 åra Stoltenberg II la fram ein tilsvarande NTP for fire år sidan. På desse fire åra har investeringskostnadene dobla seg, frå vel 500 milliardar til vel 1000 milliardar. Doblinga har funne stad innanfor handlingsregelen og innanfor 3 prosent. Likevel vil altså Frp raida Oljefondet for å auka investeringsråmene endå meir. Men endå verre er det at eit klart mindretal av prosjekta, både i den gamle og den nye NTP-en, er samfunnsøkonomisk lønsame. Det er heller ikkje slik at Noreg no treng store motkonjunkturprosjekt; arbeidsløysa er relativt låg og på veg ned.

Frps forslag er dimed at dei vanlege skattane og avgiftene skal gå til å finansiera ulønsame prosjekt, altså brenna opp skattepengar, samstundes som dei vil taka hol på Oljefondet for å investera i lønsame prosjekt, og slik skapa eit stort inflasjonspress i Noreg og forverra konkurransekrafta vår i ei tid der oljeindustrien slit. Frps framlegg er ingenting anna enn å opna opp for endå fleire ulønsame samferdselsprosjekt. Trøysta for potensielle Frp-veljarar med enkel økonomisk innsikt får vera at framlegget vanskeleg kan vera alvorleg meint, sidan Jensens politikk som finansminister er ein heilt annan stad.

Frp vil også ha motorvegar mellom dei største byane i Sør-Noreg. Om desse vegane vert lagde i nye trasear, og vi ikkje inkluderer området mellom Bergen og Trondheim, vil dei truleg vera samfunnsøkonomisk lønsame. Men samstundes seier partiet at dei parallelt med desse vegane vil ha tog som kan gå 250 kilometer i timen. Og med det sikrar Frp at ingen av prosjekta vert lønsame, sidan utnyttingsgrada på båe prosjekta vert lægre. Dette svarar til å byggja to nye hus for éin familie. Dei fleste roma vert ståande tome.

Kven røystar på dette?

Ser vi vekk frå samferdselspolitikken, som framleis er ei heilag ku for Frp, og desse underlege tankane om Oljefondet, som altså er dei motsette av dei partileiaren står for, er Frp no eit nokså strigla parti. Men det er framleis eit alternativt parti i norsk partiflora. Til dømes vil Frp at Noreg skal få fri etablering av det ein i USA kallar charterskular – eit skulesystem som inneber at foreldre kan taka med seg alle pengane som ligg bak ein offentleg skuleelev, og flytta dei over til ein privatskule. Partiet flørtar òg med visse kutt i trygdeytringar. Landsmøtet skal røysta over eit framlegg om å kutta sjukeløna til 85 prosent. Dei vil òg innføra eit pensjonssystem som er meir basert på privat sparing og individualisering. Frp vil i praksis ikkje at pensjonssystemet skal fordela om utover ein grunnpensjon. Dette er nokså radikale tankar i ein norsk samanheng.

Før eg byrja å lesa, trudde eg at Frps strategi skulle vera å fri til distrikta og dei verdikonservative. Eg har i fleire år oppfatta Frp som ein slektning av Sp. Eg tok feil. Med dette framlegget står Frp no i spissen for å avvikla støtte til statskyrkja, og dei vil opna opp for omfemnande genforsking, surrogati og ei rekkje ting som konservative kristne vil steila over. Får Frp gjennomslag for framlegget, vert Noreg meir sentralisert og – i mangel av betre omgrep: meir amerikansk. Det er kanskje ei slik amerikanisering storfavoritten til å verta den neste leiaren av Frp, Sylvi Listhaug, ynskjer seg. Spørsmålet er om veljarane ynskjer seg det same.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Før eg byrja å lesa, trudde eg at Frps strategi

skulle vera å fri til distrikta og dei verdi-

konservative. Eg har i fleire år oppfatta Frp

som ein slektning av Sp. Eg tok feil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis