AUSTRALIA, DEL 2:

Frå Festival Hall i moderne Melbourne er det kort veg og eit stort sprang til den vesle westernbyen der Nick Cave voks opp.

Kafeen Nature Boy i Warrumbeena er oppkalla etter ein Cave-song.
Kafeen Nature Boy i Warrumbeena er oppkalla etter ein Cave-song.
Publisert

I Australia er skilnaden på by og bygd større enn heime. Millionbyane er meir moderne, og utkantstroka mindre. Det urbane livet er strigla, velordna og framtidsretta, medan det rurale har ein fot i ei meir udisiplinert fortid. Det syner seg ikkje berre i verdiar og haldningar, men òg i arkitekturen. Få togminutt frå den futuristiske skylinen i Melbourne sentrum ligg storgata i Murrumbeena, heimstaden til Nick Cave, som ei westernfilmkulisse frå sist på 1800-talet, på den tida ein ung Henry Lawson busette seg i Melbourne. I Australia gir hovudgata i småbyen ei kjensle av å rida inn i ein cowboyfilm.

Når eg finn Melbourne-gata som Lawson budde i, Dudley Street, finn eg vill vest-arkitekturen i millionbyen òg, men som isolerte restar, ikkje dominerande som i småbyane. Me har den same skilnaden heime, rett nok mindre kontrastfylt, mellom Barcode i Oslo og bygardane frå sist på 1800-talet som framleis pregar sentrum i fleire norske distriktsbyar.

BALLADEDIKTAREN

Henry Lawson budde i Dudley Street då han som 20-åring, i 1887, drog til eit sjukehus i Melbourne av di han hadde vorte døv. Dei kunne ikkje gje han høyrsla att, og han fekk aldri høyra dei mange songane som voks ut av dikta hans. Og veks. Dei vert tonesette i dag òg. Dikta til den døve poeten er uvanleg melodiøse, som om dei vart skrivne til melodiar han fekk høyra før han miste høyrsla etter ein sjukdom som niåring. Då hadde han rokke å høyra skotske balladar, kan henda Robert Burns-songar sunge av foreldra til mor hans, oppvaksne i den gamle verda, kan henda norske sjømannsviser, sunge av faren, ein tidlegare styrmann frå Tromøya.

Jamvel om mange forbind Lawson med prosaforteljingane hans, vert han ofte omtala som balladist – ein som skriv balladar, forteljingar, ikkje på prosa, men på vers. På Lawsons tid var det episke diktet framleis levande i litteraturen. Kjend her heime er «Terje Vigen» frå 1862, for langt for framføring, skulle ein tru, men kvart år vert det framført ulike stader i landet. Ja, i dei traktene der far til Henry Lawson voks opp, på Strengereid, på landsida av Tromøy-kysten, var det – hundre år etter at diktet vart skrive – framleis ein tradisjon at nokre karar las det høgt og utanboks på 17. mai. «Et episk Digt» var undertittelen på Peer Gynt av Henrik Ibsen – eller Henry Gibson som han til å byrja med vart kalla i Storbritannia – då verket kom ut i 1867, fødselsåret til Henry Lawson, eller Henrik Larsen, som ville ha vore namnet i farens heimland.

Med modernismen forsvann meir eller mindre det episke diktet frå den skriftlege lyrikken, men balladar og storytelling songs overlevde i songlyrikken, og ein av dei som har sytt for det, er ein songpoet som i fjor fekk nobelprisen i litteratur, Bob Dylan. Ei slik oppvurdering av songlyrikken fører mellom anna med seg at ein les dikta til Henry Lawson med nye auge. Ein skjønar kvifor dei framleis er levande. Heller ikkje på parnasset vert dei no sett på som gamaldagse og utdaterte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement