JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

🎧 Anne Knutsdotter

Barndomens viseskattar:

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Litt av hustufta stod der ennå som ein gapande mur, omkransa av rusket brake og lyng.

Foto: Digitalt Museum

5803
20191122

Anne Knutsdotter

Eg heiter Anne Knutsdotter, Kari er mi mor,

og Truls han er min bror. Vi bur oppå ein plass

der som ingen skulle tru at nokon kunne bu.

Og plassen heiter Uren, Luren, Himmelturen,

Steinrøys, Steinrøys – Sveltihel.

Ja, plassen ligg så høgt, høgt oppe i ei ur

alt under bergemur. Og det er ikkje meir

enn at vi på simpelt vis kan fø to kyr og ein gris.

Og kyrne heiter Dagros, Fagros, gamle Fagros.

Grisen heiter Giss, Giss, Giss.

Og heile dalen ser vi der oppe fulla godt

men allting er så smått, for folka dei er slett ikkje

større enn som så – når dei der nede gå.

Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel.

Om sommar'n er det moro å gå og plukke bær

i munn og neverkopp. På stovetaket veks det

to unge heggekjerr som geita eter opp.

Og geita heter Snygga, Stygga, Lurverygga.

Høna heiter Tipp, Tipp, Tipp.

Og vinteren kan jamt ikkje vera oss for god

med frost og fok og snjo. Då kan det ofte over

dei fjorten dagar gå som vi inkje folk får sjå.

Og far min han er kramkar, han strevar trottig nok

og fer so vidt omkring. Ho mor ho steller huset,

eg spinner på min rokk, mens han Truls gjer ingen ting.

Tekst og tone:

Det er fleire som gjer krav på heimplassen til Anne Knutsdotter, men det seiest at Tysnes står nærast.

Teksten til visa om Anne Knutsdotter vart fyrste gong trykt i 1865. Visa står òg i Norske Visor aat Folkehøgskular frå 1869 og i Hulda Garborgs Norske dansevisur frå 1913.

Melodien til visa er ein folketone Riis har lånt frå «Je’ tente mig saa længe hos en Telebondemand».

I 1989 gav Øysten Sunde ut ein variant av visa til Riis – i ei blanding av bluegrass, ei retning innan countrymusikk, og norsk folkemusikk.

Lytt til artikkelen:

Mange av oss har sunge om jenta som budde i ei steinrøys oppunder himmelen, og levd oss inn i korleis ho måtte ha hatt det oppe på sitt Sveltihel. Men kor i all verda var dette Sveltihel der ingen kunne tru at nokon kunne bu?

Eit av svara fekk eg uventa ein dag eg sat i lag med forfattaren Johannes Heggland i heimen hans på Tysnes og han inviterte meg på tur.

Gjennom livet har eg fått høyra at Anne Knutsdotter har levd både her og der, men aldri ante eg at Uren, Luren også kunne liggja på Tysnes, i mitt eige Sunnhordland, slik Johannes Heggland hevdar. Eg sit i heimen hans for å snakka om han som forfattar.

Då han etter ei stund spør om eg kunne ha lyst til å bli med han til Annes Uren, Luren her på øya og titta på restane som står igjen etter familien, vart eg mest som barn igjen – for tenk å få sjå dette Sveltihel, som eg etter kvart ikkje trudde noko på. Kunne det verkeleg vera sant, det han fortalde?

Ikkje lenge etter var me på veg oppetter den stupbratte lia – til ei lita jente sin barndomsheim i det blå.

Det siste strekket la eg meg på fire for å klora meg til alt eg fekk tak i. Dette måtte vera Himmelturen! Etter kvart kjende eg på pusten – og såg at den gamle forfattaren òg strevde – før me endeleg kunne retta oss opp, pusta ut og sjå bygda under oss, på Heio, den høgaste av alle husmannsplassar på Tysnes.

Det var ikkje rart om mor til Anne i visa vart kalla Abel i Himmelen og faren Knut i Lufto.

Litt av hustufta stod der ennå som ein gapande mur, omkransa av rusket brake og lyng, og steinar som ein gong verna dei ørsmå åkerflekkane.

Her var det altså ei ungjente gjekk og trødde med draumane sine – om det var plass til nokon draum – i det livet ho song om? Det kunne ikkje bli anna enn slitne kroppar, såre hender og svoltne magar i kampen for føda innanfor desse steinete kvadratmeterane.

Nå er det forfattaren og eg som står her, midt i røysa, og har bytt plass med eit liv i armod og avmakt. Og som sikkert takka Vårherre for maten dei sleit for – og fekk overleva på – så lenge.

– Det var ikkje rart om brørne drog til Amerika, sa Heggland. Medan Anne måtte vera att for å passa på dei gamle foreldra. Med faren vart det ein brå slutt – då han fall utfor bratthenget og slo seg i hel.

Her var det ikkje plass for anna enn slitet.

Men visa hadde mykje glede i seg også. Dei plukka bær, stelte med geita, grisen og hønene – og hadde to kyr, om det var sant – på den karrige husmannsplassen. Det er freistande å tenkja at det er Anne, eller Herborg, som ho eigentleg heitte, som sjølv har gitt ord til visa me kjenner.

Men, får eg høyra, visa er forfatta av Claus Pavels Riis (1826–86), studenten som kom frå ein velståande familie i Bergen til Tysnes, der han dyrka frukt og fekk ro til å dikta.

På turane sine gjekk han forbi denne plassen han så vidt kunne skimta der oppe over bygda. Difor var det ikkje uventa om denne karen, som etter det Heggland fortel også var oppteken av livet til småkårsfolket, hadde laga seg ei vise om den vesle fattigjenta der.

– Tok Claus Pavels Riis nokon gong turen opp til Uren, Luren, undra lagkameraten min.

Det veit vel ingen, men i syngespelet som han i 1865 fekk oppført på Christiania Theater, finn me visa om Anne Knutsdotter for første gong.

Ingen veit kva Anne gjekk og fantaserte om oppe på sitt Uren, Luren, men då ho vart åleine og kjende seg fri, må me tru at ho endeleg fekk oppfylt lengten etter å få koma seg ut – og kanskje også finna seg ein ektemann. Modig tok ho over fjorden og vidare – heilt til Voss.

Men det som står igjen etter henne her, var berre eit nytt sveltihel. Ho tok seg arbeid som hushjelp. Det var ikkje åttetimarsdag den gongen. Då ho enda sine dagar i 1917, 52 år gamal, var ho ei utsliten, fattig og helselaus kvinne.

Jenta me song om, og som utan å ana det kom til å stå modell for ei vise som skulle bli kjend og kjær for oss alle.

Åshild Ulstrup

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Flytande gull: Få ting er så godt som olivenolje – om han er rette typen.

Foto: Pxhere.com

Frå matfatetKunnskap

Olivenolje

Jomfruer veit visst ikkje alltid å ta seg betalt.

Siri Helle

Foto: Paal Audestad

BokMeldingar

Ho som får ting til å skje

I Jægtnes’ fantasifulle soge går fakta og fiksjon opp i ein medrivande heilskap.

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis