Låtar av Ronnie Lane (1946–1997)
1. «Harvest Home» (1976): Briten Ronnie Lane var først bassist i Small Faces, verdas beste modband, så tok han bassen med til Faces, verdsmeistrar i feel-good-rock, før han fekk nok, kjøpte ein falleferdig sauegard i Wales og begynte å laga låtar som denne. Ei melankolsk perle som visstnok vart til i blomeenga ved sida av sauebeitet etter at han og resten av bandet Slim Chance hadde vore ute og sådd byggkorn.
2. «The Poacher» (1974): Brått står eg der med vaiande gras oppetter føtene, høyrer bekken som sildrar, og ser på ein gråhåra gamling som står ved elvebreidda og fiskar. Og der nappar det i snøret! Orda og melodiane til Ronnie Lane har ei eiga evne til å pirra fantasien og ta meg med inn i historiene og stemningane som vert formidla. Verdsklasse!
3. «Debris» (1971): Dersom dette også var ei opplisting av tre favorittlåtar om forholdet mellom far og son, ville «Debris» vore sjølvskriven på lista. I denne nydelege og vare balladen hyllar han faren Stanley og reflekterer over forholdet deira gjennom eit barndomsminne frå ein tur med faren til Club Row Market i Aust-London. Reiser du dit i dag, finn du mange smale gater (lanes), men berre éi har namnet Ronnie Lane.
Ingve Lende
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
1. «Harvest Home» (1976): Briten Ronnie Lane var først bassist i Small Faces, verdas beste modband, så tok han bassen med til Faces, verdsmeistrar i feel-good-rock, før han fekk nok, kjøpte ein falleferdig sauegard i Wales og begynte å laga låtar som denne. Ei melankolsk perle som visstnok vart til i blomeenga ved sida av sauebeitet etter at han og resten av bandet Slim Chance hadde vore ute og sådd byggkorn.
2. «The Poacher» (1974): Brått står eg der med vaiande gras oppetter føtene, høyrer bekken som sildrar, og ser på ein gråhåra gamling som står ved elvebreidda og fiskar. Og der nappar det i snøret! Orda og melodiane til Ronnie Lane har ei eiga evne til å pirra fantasien og ta meg med inn i historiene og stemningane som vert formidla. Verdsklasse!
3. «Debris» (1971): Dersom dette også var ei opplisting av tre favorittlåtar om forholdet mellom far og son, ville «Debris» vore sjølvskriven på lista. I denne nydelege og vare balladen hyllar han faren Stanley og reflekterer over forholdet deira gjennom eit barndomsminne frå ein tur med faren til Club Row Market i Aust-London. Reiser du dit i dag, finn du mange smale gater (lanes), men berre éi har namnet Ronnie Lane.
Ingve Lende
Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE