Sørindisk actionfilm
Foto: Wikipedia
1. Sivaji the Boss er historia om ein dataingeniør som vil bygge sjukehus, men må slåst mot lokal mafia. Filmen var mitt første møte med actionhelten Rajinikanth Superstar, ein karismatisk miks av Tom Cruise, Bjørnstjerne Bjørnson og Atle Antonsen. Kvinnesynet i filmen er mindre imponerande: «Stalkar du ei dame lenge nok, vil ho ha deg.»
2. Eega (på hindi: Makkhi) startar med stalkinga, då masekråka Nani nektar å la ei dame vere i fred. Etter to år med dette bestemmer ho seg for at ho elskar han. Denne klisjeen hatar både eg og skurken Sudeep. Sudeep myrdar difor Nani straks dama har snudd ryggen til. Det har no gått tjue minutt. SÅ SKJER DET NOKO BRA. Faktisk hoppar eg til neste film, så kan spoileren vere til slutt. Hindi-versjonen finst på Netflix.
3. Baahubali 1 og 2. Også her må ein filtrere ei ekstremt stalkete kjærleiksscene mellom tennene for å kunne nyte resten, men om du likar overdriven action, indisk kvasimytologi og heidundrande spesialeffektar, så gjer som 100.000.000 indarar og sjekk ut denne filmen. Spoileren til Eega: Nani vert reinkarnert som fluge, og resten av filmen viser deg alt ei fluge kan gjere for å utrydde eit mafiaimperium. Hurra!
Øystein Runde
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
1. Sivaji the Boss er historia om ein dataingeniør som vil bygge sjukehus, men må slåst mot lokal mafia. Filmen var mitt første møte med actionhelten Rajinikanth Superstar, ein karismatisk miks av Tom Cruise, Bjørnstjerne Bjørnson og Atle Antonsen. Kvinnesynet i filmen er mindre imponerande: «Stalkar du ei dame lenge nok, vil ho ha deg.»
2. Eega (på hindi: Makkhi) startar med stalkinga, då masekråka Nani nektar å la ei dame vere i fred. Etter to år med dette bestemmer ho seg for at ho elskar han. Denne klisjeen hatar både eg og skurken Sudeep. Sudeep myrdar difor Nani straks dama har snudd ryggen til. Det har no gått tjue minutt. SÅ SKJER DET NOKO BRA. Faktisk hoppar eg til neste film, så kan spoileren vere til slutt. Hindi-versjonen finst på Netflix.
3. Baahubali 1 og 2. Også her må ein filtrere ei ekstremt stalkete kjærleiksscene mellom tennene for å kunne nyte resten, men om du likar overdriven action, indisk kvasimytologi og heidundrande spesialeffektar, så gjer som 100.000.000 indarar og sjekk ut denne filmen. Spoileren til Eega: Nani vert reinkarnert som fluge, og resten av filmen viser deg alt ei fluge kan gjere for å utrydde eit mafiaimperium. Hurra!
Øystein Runde
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.