Poetar
Foto: Fredrik Sandberg / NTB scanpix
1. Tomas Tranströmer (1931–2015): Psykologen og poeten som vart tildelt Nobelprisen i litteratur i 2011, skreiv ikkje mykje. Det meste kan rommast i ei pocketbok på eit par hundre sider. Men kvantiteten er ikkje viktig når ein lèt seg gripa av metaforane hans, musikaliteten i språket, det mangetydige. Tranströmer gjev oss ikkje dogmatiske svar på livsgåtene, men rikeleg stimulans til undring.
2. George Mackay Brown (1921–96): Han skreiv dramatikk, noveller og essay, men var framfor alt poet. Djupt grunnfesta i heimstaden Stromness på Orknøyane skildrar han livet til bønder og fiskarar, men med eit utsyn utover det. Det lokale vert knytt saman med bibelhistorier, katolsk tradisjon og ikkje minst den norrøne kulturen. Mackay Brown femnar alt dette med kjærleik, slik folk på øyane omfamnar han som den store poeten sin.
3. Kenneth Steven (1968–): Skotsk poet, barnebokforfattar og omsetjar. Han budde mange år i Noreg og set om norsk litteratur. Safirblå isfuglfryd er eit utval av poesien hans på norsk, tittelen speglar den sterke naturkjensla. Den skotske landsbygda, naturen og folket der er grunntemaet, men heile tida med eit større perspektiv, historia og ikkje minst den keltiske tradisjonen frå Iona og St. Columba.
Frode Thorup
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
1. Tomas Tranströmer (1931–2015): Psykologen og poeten som vart tildelt Nobelprisen i litteratur i 2011, skreiv ikkje mykje. Det meste kan rommast i ei pocketbok på eit par hundre sider. Men kvantiteten er ikkje viktig når ein lèt seg gripa av metaforane hans, musikaliteten i språket, det mangetydige. Tranströmer gjev oss ikkje dogmatiske svar på livsgåtene, men rikeleg stimulans til undring.
2. George Mackay Brown (1921–96): Han skreiv dramatikk, noveller og essay, men var framfor alt poet. Djupt grunnfesta i heimstaden Stromness på Orknøyane skildrar han livet til bønder og fiskarar, men med eit utsyn utover det. Det lokale vert knytt saman med bibelhistorier, katolsk tradisjon og ikkje minst den norrøne kulturen. Mackay Brown femnar alt dette med kjærleik, slik folk på øyane omfamnar han som den store poeten sin.
3. Kenneth Steven (1968–): Skotsk poet, barnebokforfattar og omsetjar. Han budde mange år i Noreg og set om norsk litteratur. Safirblå isfuglfryd er eit utval av poesien hans på norsk, tittelen speglar den sterke naturkjensla. Den skotske landsbygda, naturen og folket der er grunntemaet, men heile tida med eit større perspektiv, historia og ikkje minst den keltiske tradisjonen frå Iona og St. Columba.
Frode Thorup
Fleire artiklar
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.