ALF STRAND
Krigsseglar
Enno kan han
ikkje sove
med attlaten dør,
lærdom frå konvoien:
Ver klar om torpedoen kjem
Ei natt kom han
Aust av Newfoundland
Nærare helvetet
har du aldri vore,
ti mann i ein livbåt
på eit brennande hav
Medaljen frå kongen
ligg i skuffa
Kameratar ser innom
natt etter natt,
i ei eldsøyle på havet,
dei som aldri
kom att
Skrik og brann
og lukta av
undergang
har dei med seg
Kan ikkje sove
utan brennevinets
døyvande lindring
når skjelven kjem,
aldri sove
med attlaten dør
alltid på vakt
Vil ikkje hugse
kan ikkje gløyme,
gløymd
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
ALF STRAND
Krigsseglar
Enno kan han
ikkje sove
med attlaten dør,
lærdom frå konvoien:
Ver klar om torpedoen kjem
Ei natt kom han
Aust av Newfoundland
Nærare helvetet
har du aldri vore,
ti mann i ein livbåt
på eit brennande hav
Medaljen frå kongen
ligg i skuffa
Kameratar ser innom
natt etter natt,
i ei eldsøyle på havet,
dei som aldri
kom att
Skrik og brann
og lukta av
undergang
har dei med seg
Kan ikkje sove
utan brennevinets
døyvande lindring
når skjelven kjem,
aldri sove
med attlaten dør
alltid på vakt
Vil ikkje hugse
kan ikkje gløyme,
gløymd
Fleire artiklar
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Nicolas Leirtrø, Øyvind Leite og Amund Storløkken Åse utgjer trioen med namnet I Like to Sleep.
Foto: Sigrid Erdal
Spanande klangunivers
I Like to Sleep har laga ei mangfaldig plate.
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?