Krig og KI
«Karar, ikkje kom. Dette er ein dronekrig»
Betre militærdronar, rimelege forbrukardronar og smartare kunstig intelligens har skapt ein ny type krig der dronar, ikkje soldatar, dominerer på slagmarka.

Høyr artikkelen:
«På slagmarka såg eg ikkje ein einaste ukrainsk soldat. Berre dronar. Eg såg dei [ukrainske soldatar] først då eg overgav meg. Berre dronar, og det er utruleg mange av dei. Karar, ikkje kom Dette er ein dronekrig.»
Denne utsegna frå ein fanga russisk soldat, sitert i ein rapport frå Center for Strategic & International Studies, ein tenketank i Washington DC, syner godt rolla dronar speler i konflikten i Ukraina.
Den russiske soldaten oppfordrar sine eigne til å halde seg vekke. Ukraina, derimot, har ikkje noko anna val enn å prøve å halde soldatane sine vekke frå slagmarka. Russlands fordel i tilgang på rekruttar tvingar Ukraina til å gjere ting annleis. I staden for å sende menneske til slagmarka, vil Ukraina sende maskinar og teknologi.
Maskinane som har vekt mest oppsikt, er flygande dronar. Dei speler no ei dominerande rolle i krigsbiletet. Ifølge kommandantar står droneangrep no for opp mot 70 prosent av drepne og skadde i krigen på begge sider. I tillegg til fjernstyrte dronar blir dronar med autonome eigenskapar – til dømes å styre utan operatør eller sjølv velje angrepsmål – stadig viktigare.
Korleis har me enda opp her, langt på veg inn i ein ny type krig der soldatar står i større fare for å bli drepne av fjern- og sjølvstyrte maskinar enn av andre soldatar med skytevåpen? Tre trendar har vore spesielt viktige.
Betre militære dronar
Allereie under første verdskrig laga britane dronefly med radiostyringssystem, oppfunne av Archibald Montgomery Low. Amerikanarane eksperimenterte med å lage pilotlause fly som kunne bere bomber til mål bestemte på førehand. I mellomkrigstida blei dronar mellom anna vidareutvikla til bruk som treningsmål for luftvernvåpen og til etterretning.
I andre verdskrig spelte ikkje dronar noka stor rolle, men dei byrja å bli viktigare under den kalde krigen. I Vietnamkrigen, til dømes, viste dronar seg å vere svært nyttige for USA, som no kunne samle etterretning utan å risikere pilotliv.
Eit viktig vendepunkt i bruken av dronar kom med den amerikanske Predator-dronen på 1990-talet, designa av Abe Karem, som The Economist har døypt «Dronefaderen». Dronedesignet til Karem var både rimelegare og meir påliteleg enn tidlegare dronar. Predator-dronen er i stand til å fly høgt og lenge om gongen og kombinerer satellittkommunikasjon med presisjonsstyrte missil, noko som gjer han til eit enormt farleg våpen.
Ein dokumentar som gjev godt innblikk i amerikansk utvikling av militærdronar.
Predator-dronen og nyare versjonar har blitt brukt mykje av amerikanarane i Midtausten, noko som har ført til sterk kritikk når sivile har blitt råka.
Andre land prøver no å halde tritt med amerikansk droneteknologi. Kina har utvikla eigne militære dronar inspirert av Predator-dronen. Tyrkia har laga svært effektive dronar, til dømes Bayraktar-dronen, som har blitt brukt i mellom anna Syria, Ukraina og Libya. Dronar spelte ei avgjerande rolle i Aserbajdsjans siger mot Armenia i Nagorno-Karabakh-konflikten i 2020. Dei har òg vore viktige for den militære slagkrafta til houthirørsla i Jemen.
Betre sivildronar
I tillegg til framgangen innan militære dronar har også kommersielle dronar blitt monaleg betre og rimelegare. Forbrukardronar er mykje mindre enn militære dronar, og dei har som regel fire rotorar (såkalla kvadrokopter) i staden for venger. Dette gjer det mogleg å kontrollere dronen presist i alle retningar og la han henge urørleg i lufta, noko som er avgjerande for filming og fotografering og nyttig i ein militær kontekst.
Produsentar av smarttelefonar har konkurrert om å lage betre og mindre mikroelektroniske komponentar. Særleg viktige for dronar har vore miniatyriserte kamera, kraftige litiumbatteri, GPS-brikker for posisjonering og såkalla IMU-sensorar (gyroskop og akselerometer) som held dronen stabil i lufta – komponentar som alle blei utvikla for smarttelefonmarknaden.
Då Russland invaderte Ukraina i 2022, var det desperasjon som dreiv ukrainarar til å gjere forbrukardronar om til forsvarsdronar. Då det var klart kor mykje skade relativt enkle forbrukardronar kunne gjere, valde Ukraina å satse tungt på å kjøpe og oppskalere produksjonen av slike dronar. Ein del av strategien har vore å lage enormt mange enklare dronar, som kan erstattast lett, brukast til både etterretning og angrep og skade dyrebart fiendtleg utstyr. Ifølge president Zelenskyj laga Ukraina meir enn 2 millionar dronar i fjor.
Betre KI-system
Den siste trenden, framgang innan kunstig intelligens (KI), har vore minst viktig fram til no, men vil bli den mest avgjerande for dronar i framtida og for krigføring generelt. Før djuplæringsrevolusjonen på 2010-talet var KI-system viktige på mange område, men ikkje på område som krev at system handterer store mengder ustrukturerte data, som til dømes er naudsynt for at ein sjølvstyrt bil skal kunne køyre på ulike vegar i ulike trafikkmiljø.
Djuplæring handlar om å trene kunstige nevrale nettverk, matematiske modellar inspirerte av nettverksstrukturen i hjernen, på store mengder data og få dei til å lære nyttige mønster frå dataa på eiga hand. Framgangen innan nettverksstrukturar, storleik på treningsdata og læringsalgoritmar har gjort KI-system mykje betre til å handtere komplekse og dynamiske situasjonar.
For om lag 15 år sidan hadde KI-system utfordringar med grunnleggande oppgåver, som å sjå forskjell på hundar og kattar. I dag er KI-system ufatteleg mykje betre på mange område. Dei har mellom anna blitt betre til å lage og analysere tekst, lyd, bilete og video. Du kan no vise ChatGPT rare bilete og få (stort sett) gode skildringar av kva dei inneheld.
I tillegg til å analysere ulike dataformat har KI-system blitt betre til å handle i ulike situasjonar for å oppnå mål. Dei har gjort store framsteg i evne til å spele spel, anten det er sjakk, go eller atarivideospel.
Etterretning og angrep
Desse tre trendane gjer at dronar, frå dyre militærdronar med venger til rimelege forbrukardronar med rotorar, speler ei større og viktigare rolle på slagmarka enn nokon gong før.
I dag har militær tilgang på overveldande mykje data, frå kamera, radarar, akustiske sensorar og avlytta fiendtleg kommunikasjon. Å sette alt dette saman til nyttig informasjon er ei stor utfordring; menneske åleine kan berre analysere ei avgrensa mengd informasjon om gongen. I Ukraina blir KI derfor brukt flittig til å prosessere data som kjem inn, finne mønster og samanfatte det som er relevant, for å omskape fossen av data til ei situasjonsforståing som kan brukast til å reagere på eller planlegge angrep.

Dronar speler ei avgjerande rolle i å samle bilete frå slagmarka. Bileta vert så analyserte av KI-system til å identifisere ulike objekt, som troppar, stridsvogner og artillerivåpen. Bilete og koordinatar frå etterretningsdronar gjer artilleri meir effektivt og gjer det praktisk talt umogleg for begge landa å samle store styrkar i nærleiken av slagmarka.
Denne etterretningsrolla til dronar er ukontroversiell. Dei etiske problema kjem av at den same KI-teknologien som blir brukt til å analysere informasjon, også kan brukast til å gjere dronar i stand til å styre seg sjølve, velje ut mål og angripe på eiga hand.
I Ukraina og dagens konfliktar er det hovudsakleg fjernstyrte dronar som vert brukte til angrep. Ei utfordring med desse er at dei er utsette for elektronisk krigføring, såkalla «jamming», som set dronar ut av spel ved å forstyrre radiokontakten mellom dronen og operatøren.
Éi løysing er å bruke ein fiberoptisk kabel til å kontrollere dronen. Det betyr at dronen vert utstyrt med ein spole som har fleire kilometer med tynn kabel. Han blir som ein edderkopp som henge i ein tynn tråd som kjem ut av bakenden. Fiberoptiske dronar er immune mot jamming og blir no meir og meir brukte.

Autonomi
Eit anna svar på jamming er å gjere dronen i stand til å navigere utan operatøren. Éin måte å gjere det på er såkalla last-mile autonom navigering, som går ut på at dronen sjølv navigerer mot målet i siste fasen, då det er størst sjanse for å bli utsett for jamming. Ukrainskproduserte VGI-9 og TFL-1 er døme på slike system. Desse bygger på KI-system som kan identifisere og følge objekt og styre dronen mot målet, sjølv om målet er i rørsle.
Systema vert i dag brukte på slagmarka, men dei er langt frå noko endepunkt. «Me strevar etter full autonomi», seier Mykhajlo Fedorov, visestatsminister og digitaliseringsminister i Ukraina. Full autonomi dreier seg om våpensystem som ikkje berre kan navigere delvis sjølv eller velje ut angrepsmål sjølv, men gjere begge delar heilt på eiga hand. Alt menneske gjer i prosessen, er å trene opp systemet og gje det instruksjonar for kva type mål det skal sjå etter og angripe, medan systemet sjølv finn mål og angrip.
Det finst ulike typar autonome våpen, men dei vanlegaste i dag er «hengande prosjektil» (loitering munition), også kalla sjølvmordsdronar. Desse kan henge høgt i lufta, vente lenge og sjå etter mål å angripe. Allereie på 1980-talet laga Israel slike hengande prosjektil til å øydelegge luftforsvar.
Forskjellen i dag er at KI-system no er i stand til å identifisere mange ulike typar objekt og vesen, frå stridsvogner til soldatar. Det gjer dei mykje meir fleksible og farlege. I 2021 kom FNs tryggingsråd med ein urovekkande rapport om at slike autonome sjølvmordsdronar, tyrkiske Kargu-2 dronar, kan ha blitt brukte mot menneske i Libya – kanskje det første dømet på at KI-system som ikkje vert styrte av menneske, angrip menneske.
Likt frå utsida
Det er usemje om korleis ein skal tolke FN-rapporten frå 2021. Ein stor del av utfordringa kjem av at det ikkje finst klare retningslinjer for kva eit autonomt våpen er, og korleis ein kan identifisere dei. Denne gråsona gjer det meir utfordrande å regulere slike våpensystem. Kargu-2-dronen har både ein fjernstyrt og autonom modus, som er tilfellet for mange delvis autonome dronar.
Måten folk omtaler dødelege autonome våpen eller killer robots på, gjer at ein lett ser føre seg at desse våpena ser annleis ut enn vanlege våpen. Det er ikkje tilfellet. Frank Sauer, ein tysk ekspert på autonome våpen, vektlegg at autonomi handlar om ein funksjonalitet, programvare som ein kan slå på eller av. Om du ser eit Boeing 747-fly i himmelen, kan du sjå om det vert styrt av piloten eller autopilotsystemet? Den same utfordringa gjeld dronar. Det er heller ikkje lett å hente bevis ut av sjølvmordsdronar.
Både Ukraina og Russland har no dronar som ifølge The Guardian heilt på eiga hand kan navigere, identifisere mål og angripe. Korleis desse vert brukte, fjernstyrt eller autonomt, vil vere vanskeleg å finne ut av.
Kva er ein drone?
Ordet drone blei opphavleg brukt om ubemanna flygande fartøy (unmanned aerial vehicle – UAV). I dag blir ordet brukt i breiare forstand. Det finst ikkje berre flydronar lenger, men også sjødronar, undervassdronar og bakkedronar.
Ukraina har senka russiske krigsskip med sjødronar. Taiwan satsar no også på sjødronar. I desember i fjor gjennomførte Ukraina ein ubemanna sjø- og luftoperasjon i Lyptsi med både bakke- og flydronar. Og slik Amazon vil bruke dronar til varelevering, vil militære bruke dronar til å forsyne styrkane sine.
Om ein definerer dronar breitt, som ubemanna fartøy som er fjern- og/eller sjølvstyrte, blir det klarare kva potensial dronar har til heilt å endre krigføring. Krig handlar om nokre grunnleggande aktivitetar: etterretning, logistikk, kommunikasjon, avgjerdsprosessar og valdsbruk. Det er ingen av desse aktivitetane dronar eller kunstig intelligens ikkje kan bidra til.
Målet til Ukraina er å erstatte soldatar på slagmarka med maskinar. Dronar gjer dette i aukande grad mogleg. Og jo smartare dronane vert takka vere framsteg innan KI, jo fleire oppgåver kan dei løyse på eiga hand. Dette opnar for grunnleggande spørsmål om kva som bør og ikkje bør vere lov.
Men kva rolle dronar får på slagmarka, kjem òg an på utviklinga av forsvarsvåpen mot dronar. Eit slikt forsvarsvåpen som vert utvikla no, er mikrobølgevåpen, som kan sende kraftige pulsar med mikrobølger som øydelegg mikroelektronikken i dronen. No er desse våpena dyre, men behovet for dei vil kunne auke konkurransen om å lage betre og rimelegare antidronesystem.
Likevel er det ikkje til å kome vekk frå at forbrukardronar er svært billige, og det kostar ikkje mykje meir enn ein granat å gjere dei om til eit farleg våpen. Det gjer det urovekkande lett for små grupper å gjere stor skade.