Quiz

Hint for hint 26. januar

Publisert Sist oppdatert

Kva drikk?

5 POENG: Denne drikken har eit diminutiv som namn. Ei populær legende fortel at skaparen er Marco d’Aviano. Italienaren levde på 1600-talet og hadde yrket som drikken viser til.

4 POENG: Drikken er varm og alkoholfri. Namnet tyder «lita hette», er altså diminutiv av eit italiensk ord for hette. Kanskje vil du ha kakaopulver på toppen?

3 POENG: Ei standardoppskrift er éin del espresso, éin del steama mjølk og éin del mjølkeskum.

2 POENG: Namnet er eitt ord. Det viser til ein streng munkeorden med kapper i same farge som kaffedrikken.

1 POENG: Marco d’Aviano var sjølv ein slik munk, ein kapusinar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement