Optimisme utan handling er skadeleg
Kva er viktigast i smittevernet: å unngå utgifter og angst eller å stagge smitten?
Ingen er mektigare i Noreg nett no enn helseminister Bent Høie, helsedirektør Bjørn Guldvog og folkehelsedirektør Svein Lie. Ja, og så beredskapsminister Monica Mæland. Med heimel i unnatakslovgjeving har regjeringa gjeve frie taumar til desse for få i gang tiltak som trengst for å halde smitten i sjakk.
Frykta ein fyrst mest spørsmålet: «Kva brast så høgt?», og konsekvensen? Nyss har regjeringa varsla dei strengaste tiltaka som er gjorde i fredstid. Alle utdanningsinstitusjonar vert stengde ned, og i praksis alle andre møtestader og aktivitetar der folk samlast for tett. Nye karantenereglar og reisereguleringar gjeld også.
Dette er aldeles utmerkt, for i ekstreme tider må ekstreme tiltak til. Dette fungerer i alle høve mobiliserande, og går vidare enn personleg moralske oppmodingar. Hadde andre tiltak vore gjorde før, hadde ein ikkje kome hit. Difor kan det vere verdt å drøfte litt kva som var feil heilt fram til i går.
Delegert ansvar
Frå politisk hald kom tidlegare meldingar om å halde saman i vanskelege tider og å vere hygieniske. Tiltaka var overlatne til kommunane. Kravet til kostnadseffektivitet i helseføretaka gjorde at dei ikkje har nok respiratorar, verneutstyr og anna. Alle sengeplassar er i bruk som brukast kan. Alt er spart som sparast kunne. Så kjem denne influensaen, fyrst snill og ufarleg, men brått glefser han til som i ein maredraum. Dei mest utsette er heldigvis berre vi over 60 med kroniske sjukdommar, høyrer vi – vi som greitt kan unnverast.
Regjeringa vår tok ikkje, som den italienske, tidsnok ansvaret for nasjonen. Ansvaret hamna på kvar einskild: den einskilde familien som sjølv måtte avgjere kva dei skulle gjere, den einskilde skulen som vurderte talet på elevar og personale i karantene, den einskilde kommunen som frykta utgifter og svikt i inntekter. Såleis fekk vi fleire stader vite at sjølv om ein omgåst smitta personar, kunne ikkje samfunnet gå i stå, alle måtte te seg som vanleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.