Sideblikk
Val i velferdskonsumsamfunnet
Klasselojalitetar har visna. Veljarane vandrar som forbrukarar mellom tilbydarar.
Partia prøver å lokke veljarar til seg med valmateriell i Arendal.
Arkivfoto: Halvard Alvik / NTB
Statsminister og partileiar Støre har lansert seks punkt som skal hjelpa Arbeidarpartiet opp frå den miserable posisjonen knappe fire veker før kommunevalet. Han plasserer hovudmotseiinga slik: «Dette er et valg om en trygg eldreomsorg som fellesskapet tar ansvar for.» Ho skal ikkje stykkast opp og privatiserast, men drivast i nært samarbeid mellom kommunar og ideelle aktørar.
Det er skilnad på offentleg ansvar og offentleg drift, svarer Høgre. Dei vil ha større innslag av kommersielle aktørar, men meiner det er sjikanøst å dra fram profitt som motiv. Føremålet er ikkje primært å spara offentlege pengar, men å få konkurranse mellom private tilbydarar og offentlege etatar om innovasjon og kvalitet. Det skal vera fridom til å velja: pris for kommunane, trivsel for klientane og sikra lønn og pensjon for dei tilsette.
DETTE KAN HØYRAST ut som eit systemskifte, men er ei lita justering av menyen. Alle parti får plass under den breie velferdsparaplyen, som i all hovudsak er offentleg finansiert. Det gjeld også erkeliberalistar, konservative som frykta ein kjøvande formyndarstat, og dei kyrkjelege som forsvarte det diakonale mot statsmakt.
Arbeidarpartiet og Høgre har i røynda kome så nær kvarandre i praktisk gjennomførleg politikk at dei har gjensidig interesse av å blåsa opp små forskjellar og gje dei skin av fundamentalt ulike interesser og verdiar.
KLASSEPROFILANE var ganske stabile i etterkrigstida, for med unntak for Venstre og KrF hadde partia sine definerte og faste plassar på høgre–venstre-aksen. Dei var knytte til samfunnets produksjonsside: arbeidarar, sjølvstendig næringsdrivande og bønder sokna til kvart sitt parti. Det var arbeid mot kapital, arbeidstakarar mot arbeidsgjevarar og deira støttespelarar i funksjonærstanden.
Men ein må ikkje gløyma Stein Rokkans vekt på den særnorske, sosiogeografiske og motkulturelle dimensjonen: periferi mot sentrum, som var mobilisert under dei EF- og EU-påverka stortingsvala i 1973 og 1993 og i Senterpartiets brakval for to år sidan.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.