Trugsmål og krav frå Biden og Putin
Det einaste positive ein kan seia om tilhøvet mellom USA og Russland akkurat no, er at dei snakkar saman.
Ved å senda store troppestyrkar mot den ukrainske grensa har Vladimir Putin oppnådd å få snakka direkte med presidenten i USA, rett nok frå kvart sitt heimekontor.
Foto: Mikhail Metzel / Sputnik / NTB
I meir enn to timer sat Vladimir Putin og Joe Biden saman på videolink tysdag kveld. I alle fall ved innleiinga av samtalen såg det ut til at dei to statsleiarane kom med kvart sitt vesle smil, retta mot den andre parten.
Sett bort frå det er det lite me faktisk veit om toppmøtet. Etter møtet sende amerikanarane ut ei melding på nokre liner. Informasjonstenesta i Kreml sende knapt nok ut nokon ting. Det som er klart, er at Putin hadde éin bodskap: Han vil ha skriftlege garantiar for at ingen av dei tidlegare sovjetrepublikkane blir medlemmer av Nato, korkje no eller i framtida. Han kravde òg at Vesten ikkje skulle senda langtrekkande missilvåpen til Ukraina, det vil seia rakettar som kan ramma storbyar i Russland.
Bodskapen frå Biden var like klar: Om Russland verkeleg går til ein ny invasjon av Ukraina, kjem USA og Europa til å ta verkemiddel i bruk som knapt nokon har sett sidan Sovjetunionen braut saman. For det fyrste vil det bli forbode å veksla russiske rublar inn i vestleg valuta. Rubelen vil bli ei ikkje-eksisterande pengeeining. Det seier seg sjølv at dette vil gjera handel mellom bedrifter i Russland og Vesten særs vanskeleg.
Rubel og Swift
Det andre verkemiddelet som Biden ser ut til å ha truga med, er å stengja Russland ute frå Swift-systemet. Swift er ikkje noko som folk flest går og tenkjer på til dagleg. Men det handlar om sjølve det internasjonale betalingssystemet som blir styrt av vestlege finansinstitusjonar. Å stengja nokon ute frå Swift er jamgodt med å senda av stad ei økonomisk atombombe. Skulle Russland bli stengt ute frå Swift, blir så godt som alt økonomisk hopehav med Vesten avslutta.
Krava frå Putin stod i stil med trugsmåla frå Biden: Det han ynskjer, er i røynda ein ny Jalta-avtale. Våren 1945 blei USA, Storbritannia og Sovjetunionen einige om å dela Europa opp i to sektorar, ein vestleg og ein austleg. Putin vil ha ein ny avtale, men der grensene blir trekte mykje nærmare Russland. Heile den tidlegare Sovjetunionen, minus dei baltiske statane, skal bli russisk sone. Å styra dei tidlegare sovjetrepublikkane direkte er ikkje aktuelt, men Putin vil ha veto mot alle avgjerder som kan gå mot russiske interesser.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.