Statistiske liv og statistisk død

Det kan vere nyttig å setje ein pris på leveår. Men når det gjeld koronaepidemien, er det svært vanskeleg å rekne på kostnad og nytte, meiner økonomiprofessor Ståle Navrud.

Publisert

Å setje ein pris på eit menneskeliv kan vere nyttig på mange samfunnsområde, seier Ståle Navrud. Han er professor i miljø- og ressursøkonomi ved NMBU og har arbeidd mykje med prising av ulike samfunnsgode – til dømes førebygging av dødsfall.

– Slik verdsetjing av liv eller leveår blir brukt til å dokumentere nytteverdien av eit tiltak, mellom anna av transportetatane og miljøstyresmaktene.

Den vanlege metoden for slik prising er å spørje folk kor mykje dei er villige til å betale for tiltak som reduserer dødsrisiko. Dette ligg til grunn for ei rettleiing i samfunnsøkonomisk analyse frå Finansdepartementet, som for tida verdset eit såkalla statistisk liv til 34,5 millionar kroner. Barn under 18 år er verdsette til det dobbelte. Talet er eit anslag for kor mykje samfunnet vil investere for å unngå at eit menneske døyr før venta levealder.

«Verdien av eit statistisk liv» blir mindre brukt på helsefeltet, dels fordi det fort skaper etiske problem, meiner Navrud.

– Men også i helsesektoren reknar dei på dette, for å finne ut korleis ein kan spare leveår for minst kostnad. Helsestellet nyttar òg kvalitetsjusterte leveår i reknestykka. Det vil seie at eit leveår er mindre verdt om ein ikkje har full helse, seier Navrud.

– Helsedirektoratet verdset eitt leveår til 1,3 millionar kroner. Dermed blir eldre som døyr før forventa levealder, tillagde ein lågare verdi enn yngre vaksne. Det hadde vore bra om dette vart gjort meir ope.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement