Slutten på tolmodet

Etter 26 år under Lukasjenko har kviterussarane reist seg. Men er det nok til å velte diktatoren?

Søndag marsjerte opp mot 200.000 menneske i Minsk i ein fredeleg demonstrasjon mot regimet til Aleksandr Lukasjenko.
Søndag marsjerte opp mot 200.000 menneske i Minsk i ein fredeleg demonstrasjon mot regimet til Aleksandr Lukasjenko.
Publisert

Bileta frå Minsk sist søndag var oppløftande og inderleg rørande: Ei kolossal menneskemengd – kanskje var dei meir enn 200.000 – strøymde gjennom gatene i den kviterussiske hovudstaden i ein fredeleg og verdig protest mot valfusket, valden og vanstyret som president Aleksandr Lukasjenko er ansvarleg for. Omfanget av demonstrasjonen var umåteleg mykje større enn eg hadde venta ut frå kjennskapen min til landet. Noko har skjedd med kviterussarane.

Tolmod

Eg budde i Minsk i to månader vinteren 2007 og gjorde to reiser i Kviterussland seinare. Etterpå sat eg att med eit inntrykk av eit sindig, arbeidsamt, disiplinert og tolmodig folk. Eg møtte mange opposisjonelle – frå politikarar og redaktørar til kulturfolk og studentar som hata og forakta regimet. Men knapt nokon av dei hadde tru på snarleg endring. Maktapparatet var så overveldande, og tolmodet til folket var så stort. Og det vesle utsnittet eg møtte av dette folket, var truleg langt meir liberalt, urbant, politisk engasjert og vestleg orientert enn gjennomsnittet. Få stader i verda har den tause majoriteten vore så taus som i Kviterussland.

Det finst ein vits om russaren, ukrainaren og kviterussaren: Dei tre set seg i tur og orden på ein stol der ein spikar stikk opp frå setet. Russaren set seg først, reiser seg i raseri, bannar og knuser stolen. Ukrainaren reiser seg derimot roleg, trekkjer ut spikaren og seier: «Den kan eg jo bruke til noko.» Kviterussaren som set seg på spikaren, blir sitjande stille og tenkjer: «Kanskje det skal vere slik?»

Mørk historie

Mange har tolka den saktmodige innstillinga som resultat av ei ekstremt brutal historie. Under terroren til Stalin vart eit hundretusental kviterussarar myrda av NKVD. Så kom den tyske invasjonen i 1941. Ingen land mista ein så stor del av folket som Kviterussland – truleg døydde over ein femtedel av befolkninga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement