Bakgrunn

Sjølvofferet

Bileta av bomba born på Gazastripa vekkjer sorg og raseri. Al Arabiya-journalisten Rasha Nabil rettar raseriet mot Hamas-leiarar som kalkulerer med høge martyrtal.

Dair El-Balah på Gaza-stripa tysdag 31. oktober 2023: Ved Al-Aqsa-sjukehuset identifiserer palestinarar slektningar som har omkome i eit israelsk luftåtak.
Dair El-Balah på Gaza-stripa tysdag 31. oktober 2023: Ved Al-Aqsa-sjukehuset identifiserer palestinarar slektningar som har omkome i eit israelsk luftåtak.
Publisert Sist oppdatert

«Nasjonar, mi kjære syster», seier Hamas-toppen Khaled Mashal doserande til Al Arabiya-journalisten Rasha Nabil, «nasjonar vert ikkje frigjorde på enkelt vis. Russarane ofra 30 millionar menneske i den andre verdskrigen for å frigjera seg etter åtaka til Hitler».

Så gjev Mashal henne døme på muslimske nasjonar som kjempar for frigjering. Då omtalar han ikkje dei mange daude som offer, som russarane, men som martyrar.

Videointervjuet på Al Arabiya, ein av dei største arabiskspråklege fjernsynskanalane i verda, varar i fem minutt. Rasha Nabil går langt i å stilla Mashal og Hamas-leiinga til ansvar for dei omkomne, dei tusen sivile israelarane laurdag 7. oktober og dei fleire tusen sivile palestinarane sidan.

Raseriet

Nabil verkar kjenslemessig prega. Kva me no er vitne til i Gaza, er skakande, også for ein som i årevis har vore ein farande i krig og folkemord, heile og halve, fysiske og kulturelle. Skrivinga har ført meg til mellom anna Rwanda, Kambodsja, Tamil Eelam, Tibet, Xinjiang-Uygur, Guatemala (mayaane), USA (urfolka), Australia (urfolka) og Polen (holocaust). Mørkeret møter eit mørker i ein sjølv.

For å tola dei uhyggjelege bileta av drepne born og unge i Gaza ser me dei gjennom eit filter av israelsk skuld. Kvar skulle me elles retta raseriet? Mot Hamas-leiarane?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement