JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Dei fattige og salige småflokkane

Staten vil bruka pisk og gulrot for å disiplinera trussamfunn og oppseda dei i det politisk korrekte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Filadelfia er ein ovberbygning over pinserørsla i Noreg, men mange pinsemenigheter er små og uavhengige.

Illustrasjonsfoto: Tore Meek / NTB scanpix

5392
20200306
5392
20200306

hompland@online.no

«For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei.» Slik heiter det hos evangelisten Matteus (Matt 18:20), men dagens spørsmål er: Kor mange må til for at også staten skal vera midt iblant dei?

Det er inga formell grense for kor lite eit støtteverdig trus- og livssynssamfunn kan vera; fylkesmannen skal bruka skjønn. Reine tulletiltak skal nektast å få drikka av Sareptas krukke, men forvaltninga treng tid og tolkingskraft på å avklara kva som er innanfor og utanfor porten. Pis venner i Telemark, som i gjennomsnitt hadde 3,14 medlemmer, fekk i fleire år tilskot til rituelle sirkelvandringar der dei sa fram den uendelege desimalrekka så lenge at dei løfta seg opp i det transcendentale.

DEI SOM SLEPP gjennom nålauget hos Fylkesmannen, har krav på dryge 1000 kroner per medlem i året frå stat og kommune. Summen er omrekna etter kor mykje den lett statsavlusa folkekyrkja får i offentlege midlar. Ettersom medlemstalet i Den norske kyrkja (Dnk) fell, men løyvingane aukar, blir det meir til andre – både per medlem og totalt. På ti år har talet på medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Dnk auka frå 431.000 til 678.000, sjølv om ein ikkje reknar med dei den katolske kyrkja fann i telefonkatalogen.

Dei som får mest ut av å vera gratispassasjerar på folkekyrkjevogna, er Human-Etisk Forbund, katolikkar, nokre muslimske trussamfunn og store, velorganiserte frikyrkjer. For små, karismatiske og sosiokulturelt intense kyrkjelydar kjem dei offentlege pengane vel med, men dei fleste har meir kontant finansiering med dugnad, kollekt, tiend, arv og andre gåver.

ARBEIDARPARTIET har alltid har hatt ein hang til å vilja kontrollera religiøse rørsler som del av det allmenne velferdsapparatet, utan å prakka gudstru på folk flest. Når det ikkje kan gjerast gjennom lov og kyrkjedepartement, tyr dei til tilsyn og sosial kontroll for å strigla dei medgjerlege og straffa dei formastelege på pungen i den gode saks teneste: oppseding til demokratisk organisering, likestilling og skilsmisser i pakt med norske lovar, verdiar og forvaltningstradisjonar.

Som ledd i dette vil dei innføra ein skriftleg samfunns­kontrakt med trussamfunn og setta ei nedre grense på 500 medlemmer for offentleg finansiering. Dette vil redusera talet på støtteverdige frå 850 og gjera det lettare å føra tilsyn med dei 200 som blir att. Då Høgre hadde statsråden på feltet (Linda Hofstad Helleland), og Framstegspartiet var i fengsel, tenkte også dei på talet 500. Med KrF og Ropstad som ansvarleg for ny lov om trudomssamfunn og ymist anna, er det redusert til 50.

STÅLSETT-UTVALET, som greidde ut om statens livssynspolitikk (NOU 2013:1, «Det livssynsåpne samfunn»), foreslo 100. Eit vesalt mindretal gjekk inn for ti ut frå dette kontrollspørsmålet: «Kva vil ei høg grense bety for jødar, ortodokse, buddhistar og kvekarar? Eller små evangeliske forsamlingar som er svake i tal, men sterke i trua? Og kva med frie pinsevenner som ikkje vil underkasta seg Filadelfia eller andre overbygningar? Skal det brukast økonomisk gulrot og organisatorisk pisk for å tvinga slike inn i falden under felles paraplyar?

Dei fleste muslimske trussamfunn er langt under grensa på 500 medlemmer fordi dei er splitta etter etnisk bakgrunn, teologi og livspraksis. Kva om «liberale» muslimar vil bryta ut av ein kjøvande og undertrykkande moské, men lar seg stogga fordi dei er for få til å få økonomisk støtte, og av det illojale i at modermoskeen også ville falla under grensa?

SPALTISTEN ER HABIL i desse sakene, for under psevdonymet Andreas Hompland var han reservemedlem av Stålsett-utvalet på kvoten for gudlause nynorskingar. Han deltok i respekt for «salighetsspørsmål», men under mottoet Follow the money.

Då kyrkjeskatten blei lagd inn i den allmenne skattesekken, fekk dissentarar ei kompensasjonsordning som sidan er utvida til alle trus- og livssynssamfunn og grunnlovsfesta i paragraf 16: «Den norske kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten. Alle trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line.»

Når Dnk langt på veg er fristilt, men stadig offentleg finansiert med staten attåt, er det blitt endå meir av eit ormebol. Internt er det strid om kyrkjevala skal haldast saman med ordinære, politiske val. Det er ein omkamp mellom dei mest opne og folkekyrkjelege og dei meir konservative kjernekristne om kor tett tilhøvet mellom stat og kyrkje skal vera etter den formelle skilsmissa. For i Grunnlova heiter det framleis: «Nærare føresegner om kyrkjeskipnaden blir fastsette i lov.»

I EIN DISSENS i Stålsett-utvalet gjekk Hompland og Tove Strand inn for å tynna ut kyrkjeparagrafen og avskaffa den særlege støtteordninga for trus- og livssynssamfunn, og i staden handsama dei på same måte som andre frivillige organisasjonar i det sivile samfunnet.

Etter det Spaltisten har fått med seg på dei sju åra som har gått sidan Stålsett-utvalet, er det berre Framstegspartiet som har plukka opp denne utvegen. Det er jo rimeleg, for på den måten kan «patriotismens fyrtårn» straffa både muslimar og sosialistiske politikarbiskopar.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kor mange truande må til for at staten vil vera midt imellom dei?

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis