JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Stengjer døra mot Russland

Dei russiske åtaka på ukrainske skip i Kertsjsundet er eit «point of no return»
i Ukrainas forhold til Russland, seier Olga Shamshur Flydal.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Russarane har bygd bru over Kertsjsundet, frå det russiske fastlandet til den annekterte Krimhalvøya og sperra i helga av trafikken i sundet.

Foto: Pavel Rebrov / Reuters

4872
20181130

Samtalen

Olga Shamshur Flydal

seniorrådgjevar i Den norske Helsingforskomité

Aktuell

Situasjonen i Azovhavet

UKRAINA

eva@dagogtid.no

Ukrainas president Petro Porosjenko har innført militær unntakstilstand og bede Nato om hjelp etter at russiske tryggingsstyrkar sundag gjekk til åtak på tre ukrainske militærfartøy og arresterte mannskapet om bord. Det skjedde i Kertsjsundet, som ligg mellom Krimhalvøya og det russiske fastlandet og bind Azovhavet saman med Svartehavet. Olga Shamshur Flydal er seniorrådgjevar med ansvar for Ukraina i Den norske Helsingforskomité og er sjølv oppvaksen i byen Kropyvnytskyj, midt i Ukraina. Ho seier det som no skjer, er svært alvorleg.

– Det var uhyre nære ein direkte konfrontasjon mellom russiske og ukrainske styrkar på sundag.

– Går det no mot ny krig?

– Det er ikkje ein ny krig, det er ei eskalering av den væpna konflikten som starta med annekteringa av Krim i 2014. Kampane mellom russiskstøtta separatistar og den ukrainske hæren i Aust-Ukraina har gått føre seg sidan og resultert i over 10.000 drepne og to millionar internt fordrivne. Ukrainas handlingsrom er avgrensa i ein situasjon der Russland over tid kan presse dei heilt ut av Azovhavet, men Porosjenko har uttrykt håp om at Nato-land er førebudde til å bidra til tryggleik. Ingen av partane er nok tente med eskalering, men Ukraina vil truleg òg krevje at russiske krigsskip vert utestengde frå Bosporos og Dardanellane.

– Kvifor har konflikten eskalert no?

– Spenninga i Azovhavet har bygd seg opp over lang tid. Kertsjsundet er eit viktig strategisk område som Russland prøvde å okkupere samstundes med Krim i 2014. Brua russarane har bygd over sundet, opna i sommar, og då vart det endå viktigare for dei strategisk å halde kontroll med landområda og farvatna rundt. Men sundet er òg den einaste passasjen Ukraina har til Svartehavet og ut i internasjonalt farvatn frå dei to viktige hamnebyane Berdjansk og Mariupol, så dette kan òg vere ein måte å presse Ukraina økonomisk på.

– Kan eskaleringa ha noko med splittinga i den russisk-ortodokse kyrkja å gjere?

– Ikkje direkte, men alt heng saman med alt her. Splittinga av kyrkja er eitt av dei tunge symbolske stega Ukraina har teke for å markere større avstand til Russland. Det har ikkje vore gnissingar mellom landa i Kertsjsundet før. Territorialfarvatnet der er ifølgje ein tidlegare avtale mellom Russland og Ukraina delt mellom dei to, men etter at russarane annekterte Krim, ser dei farvatna rundt som sine.

– Kva trur du skjer framover?

– Sundet er så langt opna att, og det er normal trafikk der. Lat oss håpe det ikkje skjer noko meir. Men eg har slutta å spå om Ukraina for mange år sidan. Eg klarar ikkje sjå kvar dette ber.

– Kva inneber unntakstilstanden?

– Den gjeld dei ti fylka som er mest utsette for åtak frå Russland, og inneber ei delvis mobilisering, i tillegg til styrking av luftforsvaret og generell oppbygging av militæret. I går sa Porosjenko at nokre kategoriar av russarar òg kan få innreiseforbod. Unntakstilstanden skal ikkje få innverknad på eller bety innstrammingar i dagleglivet til ukrainske sivile borgarar, seier vedtaket frå parlamentet.

– Det vart ikkje innført unntakstilstand i 2014. Kvifor no?

– Det er det mange ukrainarar som spør seg om òg. Ukrainske styresmakter seier det sundag var fyrste gong sidan 2014 at russiske militære har gått til direkte åtak, ikkje via separatistar eller soldatar utan uniformsmerke, og at det måtte dei svare på for å syne omverda kva som er situasjonen på bakken. Russland har jo hevda at dei ikkje har regulære militære styrkar i Ukraina. Internt har det vore uro for at unntakstilstanden skal gje styresmaktene høve til å innskrenke borgarrettar og utsetje det komande valet. Det har ikkje skjedd no, men situasjonen er skjør og ustabil, og det kan skje nye ting som utløyser andre sider ved unntakstilstanden.

– Styrkjer eller svekkjer konflikten med Russland Porosjenko internt?

– Det er vanskeleg å seie. Det offentlege ordskiftet i Ukraina er hardt og splittande. Konspirasjonsteoriar florerer, og somme meiner at sjølv styresmaktene no samhandlar med Russland, eller brukar krigen for politiske interesser. Andre snakkar om at ein må støtte regjeringa og halde seg samla fordi landet no er i krig.

– Kva for ulike scenario ser du føre deg framover?

– Eg kan håpe og ønskje at dette ikkje utviklar seg til full krig, men det er vanskeleg å spå. Det vi ser frå Ukraina, er at dette er eit «point of no return» i forholdet til Russland. Etter 20 år med balansegang mellom Russland og Europa vert døra mot Russland no meir og meir lukka.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg har slutta å spå om Ukraina for mange år sidan. Eg klarar ikkje sjå kvar dette ber.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis