JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ei krass åtvaring

Utviklinga til dei kriminelle gjengane i Oslo har blitt feia under teppet, meiner Einar Haakaas.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Politifolk ved Holmlia senter 12. april 2011. To tilfeldige personar vart skadde i samband med eit gjengslagsmål. Dei siste åra har gjengen Young Bloods frå Holmlia blitt stadig meir brutal.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

4985
20181102

Samtalen

Einar Haakaas

Journalist og forfattar

Aktuell

Gjev ut boka Advarsel. Svenske tilstander i Norge

peranders@dagogtid.no

Journalist Einar Haakaas kom denne veka med boka Advarsel. Svenske tilstander i Norge.

– Det finst fleire gjengar i Oslo, men du skriv mest om multietniske Young Bloods, som starta på Holmlia. Korleis skil dei seg ut?

– Young Bloods er del av eit nytt gjengbilete i Oslo. Dei har ein valdskapasitet som gjer at dei kan kontrollere narkosalet i territoriet sitt. Kidnapping, truslar og vald er sett i system, og gjengen trugar vitne og folk som melder dei. Organiseringa er tettare og meir medviten, og det skjer ei planmessig rekruttering av «soldatar». Og ein gjeng som opphavleg var lokal, er no knytt til internasjonale kriminelle nettverk.

– Kor mange er med i Young Bloods?

– Det er usikkert. Politiet seier at dei er kring 30. Men før ei splitting i Young Bloods i fjor vil eg seie at det var kring 100 i gjengen, og i tillegg kjem kanskje så mange som 150 eller 200 meir perifere langarar og fotsoldatar.

– Nokre gutar datt ut av skulen og samfunnet for nokre få år sidan, no er det ein brutal gjeng med internasjonale kontaktar i narkohandelen. Dette har gått fort?

–?Ja, og det er farleg. Dette har skjedd utan at nokon på utsida har fått det med seg, heller ikkje på Holmlia. Du kunne leve heilt greitt på Holmlia utan å merke noko særleg til denne gjengen.

– Somme av desse gutane og unge mennene er svært brutale. Noko av valden du skildrar, er kvalmande.

– Ja, og valdsbruken er noko av det som gjer denne gjengen sterk. Dei kan storme inn på ein restaurant på Lørenskog og skyte på medlemmer av Young Guns, eller lokke til seg politiet for å angripe dei med steinkasting. Det er ein måte å vise makt på.

– Du fortel om folk som ikkje vågar å ta opp problem eller melde vald fordi dei er redde. Det er svært usunt?

– Ja, og det har vore veldig usunt lenge. Somme har halde fast på at «vi har ikkje nokon problem her på Holmlia». Men eg har òg snakka med folk som prøvde ta opp problema, men vart truga til tausheit.

– Kunne du ha skrive denne boka om du sjølv hadde ungar i skulen på Holmlia?

– Det trur eg nok ikkje at eg kunne gjort, nei.

– Oslo-politiet har lenge unngått å omtale gjengane ved namn, for å unngå å gje dei status. Er det ein klok strategi?

– Det er ein håplaus strategi. Det er å feie problema under teppet.

– Eg skjøner ikkje kvifor politiet vil skjønnmåle situasjonen. For berre to år sidan sa ein politileiar til Dag og Tid at politiet hadde «stålkontroll» på dei unge kriminelle i Oslo?

– Ja, og no ser vi resultatet. Men dette har vore kjent lenge. Alt i 2011 var det ein politirapport som åtvara om ein gjeng under utvikling på Holmlia.

– Ap-politikar Jan Bøhler har åtvara lenge om utviklinga både i Groruddalen og Holmlia. Men han har fått lite gehør både i eige parti og hos dei siste justisministrane frå Frp?

– Bøhler gjer ein imponerande innsats, men han har blitt møtt med det eg kallar imøtekomande tausheit: «Det er fint at du driv med det der, Jan Bøhler.» Problemet med justisministrane er at dei har sett bort så mykje av ansvaret til forvaltninga, og lèt Politidirektoratet drive med sitt. Det er manglande vilje til politisk styring.

– Eg har budd i Oslo i 20 år, og har aldri blitt plaga av gjengane. Da er det lett å late som om dei ikkje finst?

– Det er det.?Det meste av kriminaliteten skjer innanfor visse miljø, og dei fleste av oss kjem ikkje borti dei miljøa. Eit drap på ein narkoman som skuldar pengar, får ikkje mykje merksemd. I 2006 var det ein serie skyteepisodar på Furuset. Men først da det vart skyting på Aker Brygge, vart gjengprosjektet starta.

– Politiet har klart å stogge gjengutviklinga i Oslo tidlegare. Det er ikkje håplaust?

– Det er fullt mogleg å stogge denne utviklinga, men det krev langsiktig arbeid. Gjengprosjektet burde ikkje vore nedlagt, politiet må jobbe med dette heile tida. No ser vi at også gamle gjengar som B-gjengen og Young Guns styrkjer seg.

– Har vi trøysta oss for lenge med at det ikkje er så gale i Noreg som i Sverige?

– Ja, og difor valde eg den provoserande tittelen på boka. Dette har irritert meg lenge. Etter at eg skreiv i Aftenposten om mafiaen i Södertälje, sa Erna Solberg at «vi har langt frå svenske tilstandar her i Noreg». Men sjølv om det er verre i Sverige, ser vi akkurat dei same utviklingstrekka her.

– Og mekanismane for rekruttering er truleg like. Du siterer ein tidlegare svensk gjengleiar: «Når samfunnet stenger døren for disse guttene, åpner jeg døren og hilser dem velkommen.»

– Dette er noko av kjernen. Dei som lèt seg rekruttere til gjengane, ser ikkje andre moglegheiter for seg sjølve. Kanskje prøver dei å få jobb, men blir aldri kalla inn til intervju. Somme i Young Bloods seier at dette er deira måte å overleve på.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Valdsbruken er noko av det

som gjer denne

gjengen sterk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis