Abort i grenseland
Med ein meir liberal abortlov vil færre ta abort, meiner lege Johanne Sundby.
Ultralydbiletet syner fosteret til ei høggravid kvinne.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Samtalen
Johanne Sundby
Lege og professor ved Universitetet i Oslo
Aktuell
Støttar liberalisering av abortloven

eva@dagogtid.no
Ungdomspartia Unge Venstre, FpU, Raud Ungdom, SU og AUF vil liberalisere abortloven, som i dag avgrensar sjølvbestemt abort til tolvte veke. FpU vil flytte grensa til 18 veker, Unge Venstre vil ha sjølvbestemt abort til veke 24. Lege og professor i samfunnsmedisin og global helse ved Universitetet i Oslo, Johanne Sundby, er blant dei som støttar ei liberalisering av abortloven. Ho vil òg ha bort abortnemndene som i dag avgjer om kvinner skal få løyve til abort etter tolvte veke.
– Eg meiner grensa for sjølvbestemt abort skal utvidast til å gjelde like mange veker som vi tillèt abort. Det er fordi eg ikkje synest abortnemndene opnar opp for reelle diskusjonar med kvinnene om kva val dei har, og kva som står på spel. Det er ingen andre enn kvinna og dei ho har rundt seg, som kan ta avgjerda om abort. Nemndene representerer eit formyndarskap over avgjerder som må takast av kvinnene. Når det er sagt, bør det vere tilbod om medisinsk informasjon, rådgjeving og diskusjon med fagfolk på likeverdig grunnlag, utan at det er knytt opp til sjølve avgjerda.
– Er abortnemndene i dag for restriktive og gjer feil vurderingar?
– Eg trur ikkje nemndene gjer så mykje feil. Stort sett alle som søkjer abort etter tolvte veke, får søknaden godkjend. Nettopp difor meiner eg nemndene er overflødige. Dei fleste som søkjer abort, har gode grunnar til det. Då treng dei ikkje verte utsette for den ekstrabelastinga det er å be om løyve. Særleg gjeld det dei som må fjerne eit barn dei ønskjer, fordi det vert oppdaga feil ved fosteret.
– Om ein utvidar grensa for sjølvbestemt abort, vert det vel òg lov å abortere vekk friske foster etter tolvte veke?
– Seinabort gjeld nesten alltid foster det er noko alvorleg gale med, eller kvinner som er i ein vanskeleg livssituasjon sjølv. Då er abort kanskje den beste av berre dårlege løysingar. Men det er svært få kvinner som aborterer vekk foster på grunn av eigen livssituasjon.
– Det talet kan vel auke om grensa for sjølvbestemt abort vert utvida?
– Nei, det trur eg ikkje. I Sverige er grensa på 18 veker i dag, og der er det om lag same fordelinga av seinabortar som i Noreg. Dei fleste som tek abort, tek abort i veke ni og ti, og dei abortane som vert tekne seinare, er ofte ønskte graviditetar, men så er det oppdaga alvorlege feil med fosteret. Det å innføre ein meir liberal abortlov har snarare ført til færre abortar enn fleire, er røynsla frå dei landa som har endra lova.
– Kva kjem det av?
– Det kjem av betre høve til å snakke om temaet, forbetra tilbod, mindre stigmatisering og meir openheit.
– I dag går det an å berge barn fødde heilt ned i 23. og 24. svangerskapsveke. Er det ikkje då eit paradoks å tillate abort fram til då?
– Det går berre an å berge nokre få av dei som vert fødde så tidleg, og det er ofte barn som har livskraft, og som er sterkt ønskte. Dei fleste av dei som vert fødde så tidleg, går det ikkje like bra med. Dei som vert aborterte i dette grenselandet, er som oftast sjuke og har ikkje utsikter til å leve opp, så det er eit heilt anna tema.
– Kvar skal vi setje grensa mellom rettar for kvinna og rettar for fosteret?
– Det er klart det går nokre grenser for kor seint det går an å abortere, men dei er ikkje spesifikke. Det er ikkje måndag klokka 12 eller på dagen 22. veke. Det er relativt greitt opp til 18 veker, når fosteret ikkje er levedyktig utanfor livmora, men i grenseland opp mot der ein ikkje lenger får ta abort, etter veke 22. Dei fleste som vert fødde før det, overlever ikkje. Nokre få bør òg få abort etter 22. veke, det gjeld i dei tilfella der det vert oppdaga seint at det er noko alvorleg gale med fosteret, og det ikkje kjem til å overleve. Eg synest ikkje kvinner skal tvingast til å føde barn som skal døy.
– Skjer det i dag?
– Nei, det er eit tolkingsrom der, og det skjønnet må vi ha. Eg synest altså det skal vere ei grense, men ho må vere pragmatisk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Seinabort gjeld nesten alltid foster det er noko alvorleg gale med.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?